Historisk arkiv

Kurv – ein verna matskatt frå Valdres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kurv frå Valdres er den første spekepølsa som får vern i Noreg. Å tørke kurv har lange tradisjonar i Valdres. No får metodane vern gjennom merkeordninga beskytta nemningar.

Kurv frå Valdres er den første spekepølsa som får vern i Noreg. Å tørke kurv har lange tradisjonar i Valdres. No får metodane vern gjennom merkeordninga beskytta nemningar. Ingen skal kunne selje lettvinte etterlikningar av det tradisjonsrike spekematproduktet lenger.

Mattilsynet har vedteke at Kurv frå Valdres er ei geografisk beskytta nemning. Produsentsamanslutninga får overrekt den offisielle plaketten laurdag 11. juni under eit arrangement på Valdres Folkemuseum.

Produsentane må heretter halde seg til ei vedteken produktforskrift for å kunne bruke nemninga Kurv frå Valdres. Denne statusen gir også eit juridisk vern mot kopiering. Naturtørking Særpreget til Kurv frå Valdres kjem av dei naturgitte føresetnadene i Valdres og den tradisjonelle foredlingsmetoden utan bruk av startkultur. Klimaet i Valdres i foredlingsperioden frå 1. november til 1. april er tørt og kjølig, noko som er gunstig for naturtørking.

 - Vi har fått stadfesta at Kurv frå Valdres er eit kvalitetsprodukt, seier Harald Lund, som er leiar for den samanslutninga av 12 produsentar som har søkt om å få beskytta Kurv frå Valdres. Han trur vernet vil føre til auka sal av ekte Kurv frå Valdres.

Sterke lokale tradisjonar
- Eit matmangfald som er basert på sterke lokale tradisjonar og særeigne kvalitetar gir grobotn for lokal verdiskaping. Mat som er annleis, har ein eigenart, har eit konkurransefortrinn i ei standardisert matverd, uttaler landbruks- og matminister Lars Peder Brekk i samband med overrekkinga.

 
Landbruks- og matminister gratulerer kurvprodusentane frå Valdres med tildelinga av merkeordninga beskytta nemnigar. Foto: LMD.

Fakta om beskytta nemningar

  • Når ei nemning får slikt vern, viser det anten at produktets særeigne kvalitet og/eller omdømme skriv seg frå det bestemte området det er laga i, eller at produktet er laga etter ein bestemt tradisjon. 
  • Både produsentar og forbrukarar oppnår tryggleik ved at produkta blir sikra rettsleg vern mot kopiering.
  • I dag er 19 nemningar beskytta, blant dei Ishavsrøye Vesterålen, Tørrfisk frå Lofoten, Hardangereple og Gamalost frå Vik.
  • Europeiske produkt som er tilsvarande beskytta i EU: Parmigiano Reggiano, Edamer Holland, Blue Stilton Cheese, Camembert de Normandie, Shetland Lamb og Hereford Cider.
  •  Landbruks- og matdepartementet eig merkeordninga. KSL Matmerk er tildelt ansvaret for rettleiing og informasjon og for søknadsbehandling. Mattilsynet godkjenner søknadene.