Historisk arkiv

Med luksusmadrass og egen veranda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Dei solstrålene som når det nye fjøset til Norsøk på Tingvoll, kan melkekyrne i fjøset oppsøke. For på den halvdelen av det runde fjøset som vender mot sør, finnes eigen veranda som er open året rundt. Fredag stod styreleiar Bjørn Iversen i Bioforsk for den offisielle opninga av fjøset.

Nyfjøset
Foto: Norsøk Tingvoll.

Dei rundt 40 inviterte gjestane fekk både høyre at Iversen var glad for å få det ærefulle oppdraget å foreta den offisielle opninga, og grundig informasjon om bygget og byggeprosessen. Det spesielle med fjøset på Tingvoll er at der rundt og med store innslag av trevirke både i berekonstruksjon og overflatematerialar. Sjølv om det ikkje er første runde fjøset sett opp i Norge er dette første runde fjøs for mjølkeproduksjon.

Gardbrukarane på Norsøk sin gard på Tingvoll i Møre og Romsdal, Anne de Boer og Erik Lindhart, driv gardsbruket gjennom ein avtale med stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (Norsøk). Fjøset er både tilrettelagt for å bli nytta i forskingsarbeid. I tillegg skal det være eigna for demonstrasjon og inspirasjon for andre med planar om nybygg eller rehabilitering. All innreiing er i tre, og for å sette ein ekstra spiss på dyrevelferden er det investert i luksusvarianten av kumadrassen i liggebåsane. Fegater ut frå fjøset legg også vel til rette for at dyra kan få tilgang til beite om sommaren.

Norsøk er eit forskingssenter innafor Bioforsk med spesielt ansvar for å koordinere og gjennomføre Bioforsk si forsking på økologisk produksjon.

Ku med klømaskin
Klømaskin. Foto: Norsøk Tingvoll.