Nær 5,5 millionar til kompetanseutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 18.05.2011
17 prosjekt får i år til saman 5 436 039 kroner i støtte gjennom Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL). KIL-ordninga skal bidra til å utvikle tilbodet av etter- og vidareutdanning i landbruket.

Dei 17 prosjekta som fekk midlar frå KIL omfattar utvikling av kompetanseutviklingstiltak på mange ulike område, mellom anna HMS, bonden som bedriftsleiar og bioenergi. Nær halvparten av prosjekta omfattar utvikling av kompetansegjevande tilbod på fagskolenivå eller høgare.
KIL skal gjennom tilskott til målretta prosjekt bidra til høgare kompetanse hjå næringsutøvarar innan landbruk og landbrukstilknytta verksemder. Pengar til programmet blir gitt over jordbruksoppgjeret. Tildelinga av prosjektmiddel skjer i tråd med retningslinjer som er fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
Forsidebilde: Traktor på åker. Foto: Svein Grønnvold, Samfoto.