Opne møte landet rundt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 05.12.2011
Meldinga til Stortinget om landbruks- og matpolitikken, ”Velkommen til bords”, er no lagt frem. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk tek turen landet rundt og inviterer alle interesserte til regionale møte for å presentere landbruks- og matpolitikken for dei neste ti åra.

Fleire sentrale innleiarar vil vere til stades på møta for å gje sine tilbakemeldingar til innhaldet i meldinga til Stortinget. Det vil bli høve til å stille spørsmål og gje kommentarar.
Tid og stad for regionale møte vinteren 2011-2012:
Region |
Dato og klokkeslett | Stad |
Nord-Norge |
5.12.2011 kl. 18-21 | Framsenteret, Tromsø |
Innlandet |
6.12.2011 kl. 18-21 | Prøysensenteret, Rudshøgda |
Vestlandet |
12.12.2011 kl.18-21 | Sunnfjord Hotel, Førde |
Østlandet |
13.12.2011 kl. 18-21 | Kalnes vidaregående skole, Sarpsborg i Østfold |
Midt-Norge |
16.1.2012 | Steinkjer |
Sørlandet |
17.1.2012 kl. 12-15 |
Arendal kulturhus |
Sjå nærare informasjon på fylkesmannen sine nettsider.