Optimisme i landbruket i Rogaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 03.02.2011
Ei ny undersøking som Norsk senter for bygdeforskning har utført for Fylkesmannen i Rogaland, kjem det fram at det er ein viss optimisme blant bøndene i fylket.
Ei ny undersøking som Norsk senter for bygdeforskning har utført for Fylkesmannen i Rogaland, kjem det fram at det er ein viss optimisme blant bøndene i fylket.
Sluttrapporten har tittelen «Trender i Norsk landbruk 2010, Rogaland». Den byggjer på ei trendundersøking som er gjennomført av Norsk senter for bygdeforskning, og der eit utval av bønder blei spurt om forholda på garden og deira syn på sin situasjon i næringa.
Generasjonsskifte
Når det gjeld generasjonsskifte, så er det fleire i Rogaland enn i landet totalt og Trøndelag som trur at nokon av barna kjem til å overta garden, medan det er færre i fylket vårt som trur at nokon annan i slekta kjem til å gjere det. Prosenten som trur at ingen i slekta kjem til å overta er lågast i Rogaland.
Økomisk resultat dei siste 5 åra
Bøndene blei også spurt om økonomien på garden og i husstanden. Her var resultata for rogalandsbøndene litt meir positive enn for dei andre. Det var fleire bønder i Rogaland som hadde ei positiv endring i det økonomiske resultat dei siste fem åra og færre som hadde ei negativ endring av resultatet i same perioden.
Ei ny undersøking som Norsk senter for bygdeforskning har utført for Fylkesmannen i Rogaland, kjem det fram at det er ein viss optimisme blant bøndene i fylket. Foto: LMD