Revidering av gjødselforskrifta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 11.07.2011
Landbruks- og matdepartementet er i gang med gjennomgå regelverket for handtering av husdyrgjødsel.
Landbruks- og matdepartementet er i gang med gjennomgå regelverket for handtering av husdyrgjødsel.
Landbruks- og matdepartementet har starta opp arbeidet med å gå gjennom regelverket som omhandlar handtering av husdyrgjødsel. Målet med gjennomgangen er å forbetre utnyttinga av husdyrgjødsla, slik at påverknaden på klima- og vassmiljø blir redusert. Det blir nå arbeidd med å samle bakgrunnsinformasjon for det arbeidet som skal gjerast. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning har laga ei utgreiing som tek for seg eventuelle konsekvensar for jordbruket på Jæren. Til hausten vil det bli arrangert eit åpent seminar i regi av Statens landbruksforvaltning og Landbruks- og matdepartementet.
-
Les meir om seminaret (pdf, 567 Kb)
Gjennomgangen skal ikkje rokke ved overordna landbrukspolitiske målsetjingar, eller ha innverknad på den samla norske matproduksjonen. Organisasjonane i jordbruket vil bli haldne orientert om arbeidet.
Utstyr for direkte nedspreding av husdyrgjødsel (Foto: Amund Hjelle, Stryn kommune)