Store verdiar i skogbruket i Sogn og Fjordane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 25.08.2011
Skognæringsforum i Sogn og Fjordane legg fram optimistisk og nyskapande melding. Verdiskapingspotensialet i skognæringa i Sogn og Fjordane er nyleg analysert. Pilotstudien konkluderer med åtte viktige tiltak for å oppnå dei registrerte potensiala.
Verdiskapingspotensialet i skognæringa i Sogn og Fjordane er nyleg analysert. Pilotstudien konkluderer med åtte viktige tiltak for å oppnå dei registrerte potensiala.
Blant dei prioriterte tiltaka er satsing på utviklingsprogram for små og mellomstore bedrifter i skognæringa, og å tilsetje ein skogkoordinator for å jobbe fram nye prosessar.
Skogbruk er langsiktig, og i våre dagar ser vi resultata av storstila satsing på skogreising i kyststrok på 50-, 60- og 70 talet. Dette er verdiar som representerer eit formidabelt potensiale, og let seg realisere i form av tømmer, transport, foredling, husbygging, energiproduksjon og tekstilproduksjon.
Skognæringsforum i Sogn og Fjordane legg fram optimistisk og nyskapande melding. (Foto: Bård Løken, Samfoto)