Historisk arkiv

Taktskifte i WTO?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I perioden 7. - 18. februar blir det nye forhandlingsmøte om landbruk i WTO. Forhandlingsleiar Walker fra New Zealand har kalla inn til fire møte den første veka. Han ønskjer å gå gjennom alle uteståande spørsmål i landbruksteksten den første veka.

I tillegg vert det ulike tosidige møte og uformelle møte i mindre grupper. For utviklinga i forhandlingane er det viktig om det skjer ei tilnærming mellom dei fire store aktørane i forhandlingane, USA, Kina, India og Brasil. Dei to vekene vil kanskje vise om det er grunnlag for tilnærming mellom desse landa.

Det er framleis for tidleg å vite om det blir lagt fram nye forhandlingstekstar i april eller om det blir ministermøte til sommaren. Frå norsk side vil tollvernet vere viktigaste prioritet på landbruksområdet ved dei kommande forhandlingsmøta.