Historisk arkiv

Testar felles engvekstar i Norden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Eit pågåande prosjekt for testing av gras- og kløversortar vil visa i kor stor grad dei same sortane kan brukast over store område i Vest-Norden. Feltforsøka er etablerte på Island, Grønland, Færøyane og i Norge.

Eit pågåande prosjekt for testing av gras- og kløversortar vil visa i kor stor grad dei same sortane kan brukast over store område i Vest-Norden. Feltforsøka er etablerte på Island, Grønland, Færøyane og i Norge.

I forsøket testar ein om gras- og kløversortar er tilpassa ulikt klima i det vestnordiske området som omfattar Island, Grønland, Færøyane og kyst-Norge. Små temperaturendringar kan påverka landbruksproduksjonen mykje og dermed også val av artar og sortar til engdyrking. Ved endra klima er det viktig å vita kva sortar som har eit breidt tilpassingsområde og som dermed kan dyrkast under ulike klimatiske vilkår, og tilsvarande kva sortar som har avgrensa vekstområde.

Låg sommartemperatur og harde vintrar avgrensar husdyrhaldet i deler av det vestnordiske områder. Gras- og kløversortar som husdyrhaldet må baserast på, blir dermed svært viktig under slike klimatiske vilkår.

Kløver og timotei

Eit pågåande prosjekt for testing av gras- og kløversortar vil visa i kor stor grad dei same sortane kan brukast over store område i Vest-Norden. (Foto: Tore Wuttudal, Samfoto)