Historisk arkiv

Bergen matfestival 2012 i gang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Bergen Matfestival er ein kortreist matfest og kan i år by på over 300 lokale matprodusentar. Dei fleste utstillare er frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Bergen Matfestival er ein kortreist matfest og kan i år by på over 300 lokale matprodusentar. Dei fleste utstillare er frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Salgsbod på Bergen matfestival.

Salgsbod på Bergen matfestival, Hordaland (Foto: Bergen matfestival)

Ein av landets største lokalmatfestivalar kan freista med både frukt og sider frå Ulvik, ost frå Undredal og Fanafjorden og laks frå Svanøy. Det spesielle med festivalen er at du er garantert eit møte med dei som står bak produkta. I tillegg kan festivalen i år by på ein heilt eige ølfestival. Bergen Ølfestival, BØ, er ny av året og vil vise fram mangfaldet av det som produseras av øl i regionen og frå andre delar av landet.

I den nye mathallen på fisketorget vil konkurransen årets sjømatkokk finne stad, samt aktivitetar for born, matkurs og sildefrukost.

Bergen Matfestival – ein kortreist matfest
07.-09. september 2012.

Opningstider:
Fredag: 12:00 – 18:00
Laurdag: 10:00 – 18:00
Sundag: 10:00 – 16:00

Matfestival arena:
Fredag kl 12:00: Opnar Matfestivalen i Bergen, Festivalen vil føregå på tre arenaer, på Bryggen i Bergen, i Bryggestredet og på Fisketorget.

Bergen

Dei fleste utstillare på Bergen Matfestival er frå Hordaland og Sogn og Fjordane. (Foto: Victor Jensen/Fylkesmannen i Hordaland)