Buttedahl til Høyanger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 27.07.2012
Statssekretær Harald Oskar Buttedahl i Landbruks- og matdepartementet deltek på sommarseminar om land- og sjøbasert fiskeoppdrett i Høyanger kommune tirsdag 31. juli. Buttedahl held innlegg om fiskeoppdrett på sjø og land sett i samanheng med Landbruks- og matdepartementet sin matstrategi.
Statssekretær Harald Oskar Buttedahl i Landbruks- og matdepartementet deltek på sommarseminar om havbruk – land- og sjøbasert fiskeoppdrett i Høyanger kommune tirsdag 31. juli. Buttedahl held innlegg om fiskeoppdrett på sjø og land sett i samanheng med Landbruks- og matdepartementet sin matstrategi.
Tid: Tysdag 31. juli frå kl 13.
Pressen er velkomne på heile sommerseminaret
Frå programmet:
Kl 13.00 Oppmøte på Noreide kai. Transport med Osland Havbruk sitt flaggskip MS Fuglsetfjord frå Nordeide kai i Høyanger. Kryssing av Sognefjorden.
Kl 14.00 Vitjing og orienteringer om verksemnder:
- Osland Havbruk AS sin nye lakselokalitet ved Mjølsvik
- Sogn Aqua AS sitt nye landbaserte kveiteanlegg i "Slantevika"
- Osland Settefisk AS. Lokal produksjon av rogn, yngel og settefisk
- Østerbø Maskin AS. Mekanisk virksomheit med fokus på landbruk, havbruk og offshore. Her vil det og verte gitt ei orientering om Østerbøutbygginga
Kl 19.00 Sommarseminaret held fram med fagdel og grilling av lokal mat frå både sjø og land i eit maritimt miljø på Osland Brygge, 5962 Bjordal.
Seminaret vil ta føre seg tema rundt berekraftig utvikling i oppdrettsnæringa, utfordringane for lokalmiljøet til fiskeoppdretten, lokalt eigarskap og samarbeid med lokale og sentrale myndigheiter. Statssekretær Harald Oskar Buttedahl held innlegg om fiskeoppdrett på sjø og land sett i samanheng med Landbruks- og matdepartementet sin matstrategi.
kl 23.00 Seminaret vert avslutta. Felles returtransport til Nordeie frå Osland kl 23.00.
Kontaktperson for statssekretær Buttedahl: Rådgjevar Astraea Antal, mobil 93431930
Kontaktperson for sommarseminaret: Osland Havbruk AS v/Erik Osland, e-post osland@osland.no mobil 97551707.