Bygdeutviklingsprisen 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2012
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 200 000 kroner.
Fristen for påmelding er 1. juli 2012
Kven kan søkje?
Prisen er for personar eller bedrifter med næringsverksemd i basis i bygdenes og landbrukets ressursar.
Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier:
- Nyskaping/originalitet
- Økonomisk resultat/lønsemd
- Sysselsetting, særleg for kvinner og ungdom
- Sosial og miljømessig berekraft, herunder utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet.
- Sjå heile lista med fylkesvinnarane i 2011
Vinnar av Bygdeutviklingsprisen i 2011 var Haaheim Gaard i Uggdal, Hordaland.
(Alle foto: Paul S. Amundsen)