Dempa prisauke på matråvaremarknad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 15.10.2012
Prisauken i den internasjonale matråvaremarknaden vart dempa i august samanlikna med juli. Indeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) gjekk opp med 0,5 prosent. Rekna i norske kroner ugjorde dette ein nedgang med 2,2 prosent. På tross av den dempa prisoppgangen, var prisene for viktige fôrråvarer som bygg og soyabønner høgare enn nokon gang.

Kornprisane auka samla sett med 2 prosent i august. Aukinga var moderat samanlikna med aukinga i juli, da kornprisane samla sett auke med 13,3 prosent. Det var prisen på bygg som auka mest i august, med 7,3 prosent. Kveiteprisen auka med 1,1 prosent, medan prisen på både mais og ris gjekk ned med høvesvis 0,2 og 0,1 prosent.
Verdas kornproduksjon
FAO (matvareorganisasjon til FN) estimerar at verdas kornproduksjon vil bli omtrent 2,2 prosent lågare i 2012 samanlikna med 2011 (2 295 millionar tonn i 2012). Dette er to prosent lågare enn tiårs-snittet for globale avlingar, og vil påverke dei globale kornvarelagrane og prisnivået dei neste månadene. Kveiteavlingane i Russland er estimert å bli nesten 30 prosent lågare enn i 2011, og kveiteavlingane i Kasakhstan og Ukraina forventas og bli enda lågare (ned med høvesvis 47 prosent og 36 prosent).
Om Norsk institutt for landbruksforskning
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) er eit frittståande og uavhengig statleg forskningsinstitutt med tilknytning til Landbruks- og matdepartementet.