Fleire funn av ny dyresjukdom i Europa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 23.02.2012
Mattilsynet melder om fleire funn av sjukdom forårsaka av Schmallenbergvirus i ulike land i Europa, og ber husdyrmiljøa vere årvakne.
Mattilsynet melder om fleire funn av sjukdom forårsaka av Schmallenbergvirus i ulike land i Europa, og ber husdyrmiljøa vere årvakne.
Sjukdom forårsaka av Schmallenbergvirus er nå påvist i Nederland, Belgia, Tyskland, Luxemburg, Frankrike, England og Italia.
Sjølv om sjukdom forårsaka av dette viruset ikkje er påvist i Noreg, tilrår Veterinærinstituttet at det i Noreg blir gjennomført risikobasert overvaking av sjukdommen i den vektoraktive perioden av 2012.
- Erfaringa med Blåtunge syner at vi skal vere parate til å handtere nye dyresjukdommar, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
Schmallenbergvirus har vist seg å vere årsak til aborter, daudfødsler og misdanningar hos storfe og småfe.
Schmallenbergvirus har vist seg å vere årsak til aborter, daudfødsler og misdanningar hos storfe og småfe. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)