Forskingsprogrammet Norsk mat frå sjø og land
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 27.03.2012
Onsdag 28. mars held statssekretær Buttedahl innlegg på Forskningsrådet sin avslutningskonferanse for forskingsprogrammet Norsk mat frå sjø og land.
Onsdag 28. mars held statssekretær Buttedahl innlegg på Forskningsrådet sin avslutningskonferanse for forskingsprogrammet Norsk mat fra sjø og land.
Kva veit vi, og kva bør vi vite om maten vår? Forskingsmiljøa, næringa, industrien og forvaltninga samlast på Gardermoen onsdag 28. mars i samband med avslutningskonferansen for Matprogrammet. Statssekretær Harald Oskar Buttedahl held åpningsinnlegget. Konferansen vil gje smakebitar frå om lag 40 ulike prosjekt frå programmet si portefølje (2006–2011). I tillegg vil blikket bli retta framover mot det nye forskningsprogrammet BIONÆR, som er arvtakaren etter Matprogrammet til Forskningsrådet.
Tid: Onsdag 28. mars kl 09.35
Stad: Radisson Blu Hotell, Gardermoen
- Sjå heile programmet for avslutningskonferansen til Matprogrammet
- Meir om konferansen hjå Noregs Forskningsråd
Nye BIONÆR erstattar Matprogrammet
Matprogrammet blir nå erstatta av forskingsprogrammet BIONÆR. Dette programmet skal femne om dei områda innanfor forskinga som har inngått i Matprogrammet og Natur og næring. Samstundes skal dette programmet arbeide utover etablerte rammer og danne eit breiare grunnlag for berekraftig verdiskaping i dei biobaserte næringane. Globale samfunnsutfordringar knytt til mattryggleik, mangel på ressursar, miljø- og klimaendringar og kretsløpstankegangen i bioøkonomien står sentralt i det nye programmet.
Onsdag 28. mars held statssekretær Buttedahl innlegg på Forskningsrådet sin avslutningskonferanse for forskingsprogrammet Norsk mat fra sjø og land. (Foto: Torbjørn Tandberg)