Forskingsprogrammet Natur og næring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 16.04.2012
Torsdag 19. april held Forskningsrådet avslutningskonferanse for Natur og næring – forskingsprogrammet for auka berekraftig verdiskaping frå skog og andre naturbaserte verdikjeder.
Tid: Torsdag 19. april
Stad: Thon Hotell Slottsparken, Wergelandsvegen 5, Oslo
Natur og næring har bidrege med viktig kunnskap som har kome til nytte for norsk landbruk. Forskningsrådet lover smakebitar, høgdepunkt og overordna perspektiv innafor eit utval frå forskningsprogrammet Natur og næring sine temaområde, mellom anna:
- Næringspolitikk i skogbruk, treindustri, jordbruk, reindrift, fiskeri, havbruk, og naturbasert reiseliv
- Areal- og ressursforvalting
- Skogproduksjon – trebruk
- Bioenergi
- Tenester
- Sjå heile programmet og les meir om konferansen hos Forskningsrådet
Vidare forsking gjennom BIONÆR
I 2010 løyvde Landbruks- og matdepartementet 92 millioner kroner til forskningsprogrammet Natur og Næring. Den 1. januar 2012 vart Forskningsrådet sine program Natur og Næring og Matprogrammet slått saman til det nye programmet BIONÆR, som skal femne om dei områda innanfor forskinga som har inngått i Matprogrammet og Natur og næring. Samstundes skal dette programmet arbeide utover etablerte rammer og danne eit breiare grunnlag for berekraftig verdiskaping i dei biobaserte næringane. Globale samfunnsutfordringar knytt til mattryggleik, mangel på ressursar, miljø- og klimaendringar og krinslauptankegangen i bioøkonomien står sentralt i det nye programmet.
Matprogrammet avslutta
Den 28. mars arrangerte Forskningsrådet avslutningskonferanse for Matprogrammet.