Jordbruket overleverer kravdokument
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.04.2012
Jordbruket overleverer sitt krav til staten i årets jordbruksforhandlingar fredag 27. april kl. 10.00.
Jordbruket overleverer sitt krav til staten i årets jordbruksforhandlingar
fredag 27. april kl. 10.00.
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverer sitt krav til staten fredag 27. april. Det blir høve til å ta bilete ved overleveringa kl. 10.00. Landbrukets krav og anna materiale vil vere tilgjengeleg på staden frå kl. 10.00. Etter at kravet er presentert i møte mellom forhandlingsdelegasjonane vert det halde eit pressemøte omlag kl. 11.00. Statens forhandlingsleiar, departementsråd Leif Forsell, vil vere tilstades her.
Tid: Fredag 27. april kl. 10.00 for fotografering. Pressemøte kl. 11.00.
Stad: Regjeringskvartalet, R5, Akersgt. 59. Møterom D 2511.
Kontaktperson for Landbruks- og matdepartementet: Ståle Norang, Tlf. 414 38 011.
Kontaktperson for innpassering i R5: Astraea Antal. Tlf. 934 31 930.