Historisk arkiv

Kismul opnar nasjonal HMSkampanje for landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Presseinvitasjon:

Politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ane H. Kismul opnar den nasjonale kampanjen "Tryggleik og helse i landbruket" på Habberstad gard ved Minnesund på Eidsvoll tysdag 5. juni.

Politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ane H. Kismul opnar den nasjonale kampanjen "Tryggleik og helse i landbruket" på Habberstad gard ved Minnesund på Eidsvoll tysdag 5. juni.

Politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ane H. Kismul opnar den nasjonale kampanjen "Tryggleik og helse i landbruket" på Habberstad gard ved Minnesund på Eidsvoll tysdag 5. juni. HMS-kampanjen som skal gå over 2 år er eit resultat av samarbeid mellom staten og dei største aktørane innan norsk landbruk. Landbruket si HMS-teneste er fagleg ansvarleg for kampanjen.

Kampanjen er utvikla for å gje ein målretta innsats for å redusere omfanget av skader, ulykker og yrkeslidingar i landbruket. I løpet av kampanjeperioden skal det arrangerast om lag 700 fagarrangement over heile landet innan følgjande tema: Trygg bruk av traktor, sikrare handtering av store dyr, brann og brannsikring, reduksjon av eksponering for støv i arbeidsmiljøet, reduksjon av fallfarar og tryggleik i skogen.

Tid: Tysdag 5. juni kl 15:00
Stad: Habberstad gard på Eidsvoll

Frå programmet for opninga:

Kl.    
15.00   Velkomst ved Anne-Marie Heiberg, konstituert daglig leiar for LHMS
Opningstale ved Ane H. Kismul, politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet
Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Nils T Bjørke, leiar i Norges Bondelag
Ane H. Kismul og Anne-Marie Heiberg opnar kampanjen
Musikalsk innslag
15.15   Visning av tryggleiksutstyr
15.30   Mini markdag med fire poster med tema fra HMS-kampanjen: Bedriftshelseteneste, handtering av store dyr, trygg bruk av traktor og skogsdrift
16.15  

Avslutningstale og oppsummering ved Trond Reierstad, Tine
Appell med lukkeønskingar frå Kjell Haugen, Arbeidstilsynet
Ungdomsappell av ein ung framtidsbonde
Hans Huseby, prosjektleiar for HMS-kampanjen

16.30  

Musikalsk innslag og avslutting.

Praktisk informasjon knytt til arrangementet: Prosjektleiar Hans Huseby, mobil 91326520.

Pressekontakt for politisk rådgjevar i Landbruks- og matdepartementet Ane H. Kismul: Rådgjevar Astraea Antal, mobil 93431930.

Om Landbruket si HMS-teneste (LHMS):
LHMS er ei stifting som blei danna av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1994. Stiftinga arbeider for å bidra til færre ulukker og yrkeslidingar i landbruket. Landsdekkjande kursverksemnd, gardsbesøk med kartleggjing av HMS, rettleiing for betre arbeidsmiljø og hjelp til handtering av kriser er nokre av tiltaka. I dag har stiftinga om lag 50 tilsette og nærare 10.000 medlemer.

Politisk rådgiver Ane Hansdatter Kismul

Politisk rådgiver Ane Hansdatter Kismul opnar den nasjonale kampanjen ”Tryggleik og helse i landbruket” på Habberstad gard ved Minnesund på Eidsvoll tysdag 5. juni. (Foto: Torbjørn Tandberg)