Landbrukssatsing hjå Innovasjon Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 12.09.2012
Kvar veke blir det lagt ut informasjon på Landbruks- og matdepartementet si heimeside om løyvingar som Innovasjon Norge (IN) har gitt innanfor landbruksområdet. Oversikta viser vedtak i veke 36 om lån og tilskot fordelt på fylke, kommune, bedrift og type verkemiddel.

- Gjennom desse verkemidla til landbruksbasert næringsutvikling sikrar vi utvikling og nyskaping i landbruket, samt at mangfaldet av landbruket sine ressursar vert tatt i bruk, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Innovasjon Norge skal bidra til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og konkurransedyktige norske bedrifter. IN er ein global organisasjon som er til stades i over tretti land. I land der dei ikkje er representert med eige kontor, dreg dei vekslar på større internasjonale nettverk gjennom dei Norske ambassadane. I tillegg er dei på plass i alle dei norske fylka.
På landbruks- og matområdet forvaltar Innovasjon Norge dei viktigaste økonomiske verkemidla for å nå målet om næringsutvikling i og i samband med landbruket. Landbrukssatsinga er operasjonalisert gjennom eit breitt sett med tenester og program til dømes BU-ordninga, Lokalmatprogrammet, Bioenergiprogrammet, Trebasert innovasjonsprogram, Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv og satsinga Inn på tunet.