Landbrukssatsing hjå Innovasjon Norge
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 10.02.2012
Kvar veke blir det lagt ut informasjon på Landbruks- og matdepartementet si heimeside om løyvingar som Innovasjon Norge (IN) har gitt innanfor landbruksområdet. Oversikta viser vedtak i veke 4 og 5 om lån og tilskot fordelt på fylke, kommune, bedrift og type verkemiddel.
Kvar veke blir det lagt ut informasjon på Landbruks- og matdepartementet si heimeside om løyvingar som Innovasjon Norge (IN) har gitt innanfor landbruksområdet. Oversikta viser vedtak i veke 4 og 5 om lån og tilskot fordelt på fylke, kommune, bedrift og type verkemiddel.
- Sjå oversikta for veke 4 og 5 (pdf, 16 Kb)
- Gjennom desse verkemidla til landbruksbasert næringsutvikling sikrar vi utvikling og nyskaping i landbruket, samt at mangfaldet av landbruket sine ressursar vert tatt i bruk, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp).
Innovasjon Norge skal bidra til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og konkurransedyktige norske bedrifter. IN er ein global organisasjon som er til stades i over tretti land. I land der dei ikkje er representert med eige kontor, dreg dei vekslar på større internasjonale nettverk gjennom dei Norske ambassadane. I tillegg er dei på plass i alle dei norske fylka.
På landbruks- og matområdet forvaltar Innovasjon Norge dei viktigaste økonomiske verkemidla for å nå målet om næringsutvikling i og i samband med landbruket. Landbrukssatsinga er operasjonalisert gjennom eit breitt sett med tenester og program til dømes BU-ordninga, Lokalmatprogrammet, Bioenergiprogrammet, Trebasert innovasjonsprogram, Utviklingsprogrammet for Grønt reiseliv og satsinga Inn på tunet.
![Trevirke](/globalassets/imgpreviews/00/00/02/65/26580_img___201202100953.jpg)
Innovasjon Norge har mellom anna løyvd midlar til Trebasert innovasjonsprogram. (Foto: Tore Wuttudal / Samfoto)