Historisk arkiv

Lokalmatåret 2012 i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge inviterer breitt til samarbeid om lokalmat i 2012, og ynskjer å møte dei som har engasjement og hjarte for mat, som står i startgropa med ein god idè, eller dei som treng vidareutvikling i verksemda si.

Spekemat

Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge inviterar breit til samarbeid om lokamat i 2012. (Foto: Tom Haga)

Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge inviterer breitt til samarbeid om lokalmat i 2012, og ynskjer å møte dei som har engasjement og hjarte for mat, som står i startgropa med ein god idè, eller dei som treng vidareutvikling i verksemda si.

Fylkesmannen og Innovasjon Norge vil støtte opp under nye initiativ, gi råd og rettleiing for alle som ynskje kontakt med det offentlege byråkratiet. Dei har fått mange tilbakemeldingar, innspel, ynskjer og over 50 svar på eit spørjeskjema om satsing på lokalmat. Fleire lokalmatkonferansar i fylket er under planlegging.

Hordaland er eitt av dei viktigaste mat- og reiselivsfylka i landet, med ein stor, urban heilårsmarknad. Innovasjon Norge og Fylkesmannen vil løfte fram 2012 som satsingsår for lokal mat, og mobilisere til utviklingsarbeid.