Historisk arkiv

Rekruttering og karrieremoglegheiter i kokkeyrket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I dei nordiske landa har kokkeyrket utfordringar både i forhold til rekruttering til yrket og å behalde kokkar i sitt fag. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk har difor tatt initiativ til eit nordisk prosjekt som skal sjå på utfordringar knytt til rekruttering og karrieremoglegheiter i kokkeyrket.

I dei nordiske landa har kokkeyrket utfordringar både i forhold til rekruttering til yrket og å behalde kokkar i sitt fag. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk har difor tatt initiativ til eit nordisk prosjekt som skal sjå på utfordringar knytt til rekruttering og karrieremoglegheiter i kokkeyrket.

I dag, måndag 23. januar, møtes representantar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island til eit fyrste møte i prosjektgruppa i Berlin i samband med Internationale Grüne Woche. Leiar for prosjektet er den norske kokken Harald Osa.

- Det er viktig å utdanne gode kokkar og syte for at dei blir i yrket. Det handlar om å vidareutvikle matkulturen vår og sikre gode jobbmoglegheiter med utspring i landbruks- og matsektoren, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Prosjektgruppa skal foreslå fellesnordiske tiltak for å løyse felles utfordringar på området, samt synleggjere gode dømer på eksisterande tiltak i dei nordiske landa. Arbeidet skal munne ut i ein kort rapport som skal leggjast fram på Nordisk ministerråds sommarmøte i Noreg i juni 2012.

Bakgrunn for satsinga
Bakgrunnen for satsinga er ei felles nordisk bekymring for dårleg rekruttering til yrket og problem med å behalde kokkar i sitt fag. Ei undersøking gjennomført av Universitetet i Stavanger og NHO reiseliv m.fl. i 2005 syner at ein norsk ”gjennomsnittskokk” blir i yrket 6-7 år etter å ha tatt fagbrev, medan eit fåtal (ca. 25 prosent) blir i jobben lenger enn 10 år. Unge kokkar som går inn i yrket etter avslutta utdanning har lita tru på å bli i yrket lenge. Det er også stort fråfall frå vidaregåande opplæring i hotell- og næringsmiddelfag, enkelte stader opp mot 40 prosent. Prosjektet handsamar difor også viktige utfordringar knytt til rekruttering av unge arbeidstakarar i arbeidslivet, som er ein viktig føresetnad for auka verdiskaping og velferd.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og landbruks- og matminister Lars Peder Brekk samman med to kokkelærlingar, frå Sundvollen hotell og Oslo Spiseforretning, som er med på Norges stand på Grüne Woche i år.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen og landbruks- og matminister Lars Peder Brekk samman med to kokkelærlingar, frå Sundvollen hotell og Oslo Spiseforretning, som er med på Norges stand på Grüne Woche i år. (Foto: Christian T. Jørgensen / EUP-Berlin.com. Biletet kan brukast fritt, fotograf krediterast.)