Historisk arkiv

Samarbeidsavtale mellom Statskog og Sametinget

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statskog og Sametinget har underteikna ein samarbeidsavtale som skal styrkje samisk innverknad. Formålet med avtalen er å etablere rammer for kontakt mellom Statskog SF og Sametinget.

Statskog og Sametinget har underteikna ein samarbeidsavtale som skal styrkje samisk innverknad. Formålet med avtalen er å etablere rammer for kontakt mellom Statskog SF og Sametinget.

Styrker samisk innverknad
Avtalen har reglar for korleis Statskog og Sametinget skal konsultere med sikte på å oppnå Sametinget sin tilslutnad til tiltak for grunndisponering. Som større tiltak for grunndisponering blir rekna utbygging av vindkraft, drift av mineralforekomstar, utbygging av hyttefelt m.v.

Av avtalen følgjer det óg at Sametinget og Statskog er samde om å vurdere ordningar som kan medverke  til gjensidig nytte for både samisk kultur og næringsdrift, og for Statskog. Partane skal ha minst eitt kontaktmøte i året knytt til samarbeidsavtalen. Avtalen gjeld i tre år og tek til å virke når Sametinget sitt plenum har godkjent den. Sametinget skal behandle avtalen i uke 8.

Statskog
Statskog er den største grunneigaren i Noreg. Staten sin grunn utgjer 60.000 km2. Det er 1/5 av Noreg sitt fastland. Staten er 100 prosent eigar av Statskog SF.