Satsar på matspesialitetar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 26.01.2012
Frå 2012 vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal ta ansvaret for lokalmat-satsinga i fylket. Reiselivsnæringa blir ein viktig samarbeidspartnar for den nye satsinga.
Frå 2012 vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal ta ansvaret for lokalmat-satsinga i fylket. Reiselivsnæringa blir ein viktig samarbeidspartnar for den nye satsinga.
- Dette er ein viktig markand for matspesialitetar. Vi samarbeider difor gjerne med reiselivsaktørar for å "selje" matopplevingar, natur – og kulturlandskap i verdstoppen, seier rådgjevar Kirsti Indreeide, som trur deltakinga på "Fjord Norge-standen" på Internationale Grüne Woche er eit flott utstillingsvindauge for matspesialitetar frå fjord og fjell i Møre og Romsdal.
Fjord-Norge sin stand på Grüne Woche 2011 (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)