Historisk arkiv

Sjå til at kjæledyra har det bra i ferien!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Kjæledyra skal ha det godt – også i ferien, minner landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum om. - Gløym ikkje den viktigaste førebuinga til ferien: syt for at kjæledyra vert tekne hand om på ein god måte, seier Vedum.

Kjæledyra skal ha det godt – også i ferien, minner landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum om. - Gløym ikkje den viktigaste førebuinga til ferien: syt for at kjæledyra vert tekne hand om på ein god måte, seier Vedum.

Kvart år kvitter folk seg med kjæledyr på ein uforsvarleg måte når ferien står for døra. Dyra vert overlatne til seg sjølve, i hjelpelaus tilstand  eller dumpa på ulike måtar.

Vedum ber alle som har omsorg for hund, katt eller andre kjæledyr, å sjå til at dei får godt stell, når familien reiser bort i ferien.

- Eg vil minne om det ansvaret dyreeigar har for at dyra heile tida har mat og stell og ikkje vert utsette for lidingar, seier Vedum.

I lova om velferd for dyr  står det at  barn under 16 år ikkje kan ha sjølvstendig ansvar for dyr. Vert barn bede om å sjå til dyr i ferien, må difor foreldra ta det overordna ansvaret.

Den som ikkje rår med å ta ansvar for dyra, må sørgje for at dei vert omplasserte eller tekne med  til veterinær for å bli avliva på ein forsvarleg måte. 

Eg vil òg minne om kor viktig det er at kjæledyra våre vert merkte. Eg støtter  den kampanjen som  Den norske veterinærforening  og andre har initiert i år  for merking av katter, seier Vedum.

Katt

Gløym ikkje den viktigaste førebuinga til ferien: syt for at kjæledyra vert tekne hand om på ein god måte. (Foto: Colourbox)