Historisk arkiv

Telemarkslandbruket i framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er eit sterkt samfunnsengasjement for landbruket i Telemark. Fylkestinget har nyleg vedteke å utarbeide ei landbruksmelding for fylket. Gjennom dette arbeidet ynskjer fylkestinget eit auka fokus på landbrukspolitikk og matproduksjon i Telemark.

I meldinga skal ein handsame

  • Rammevilkår for landbruket
  • Utviklingstrekk og status
  • Moglegheiter og utfordringar for landbruket i Telemark
  • Framtidsbilete
  • Felles satsingsområde

Ved å utarbeide ei eiga landbruksmelding for Telemark, ynskjer fylkestinget å ta eit sterkare grep om utviklinga av landbruket i Telemark. Meldinga legge til rette for tiltak som kan medverke til auka rekruttering og verdiskaping i landbruket i heile Telemark. 

Gard

Fylkestinget i Telemark har nyleg vedteke å utarbeide ei landbruksmelding for fylket. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)