Historisk arkiv

Telemarkslandbruket i fremtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er eit sterkt samfunnsengasjement for landbruket i fylket. Fylkestinget har nylig utarbeidd og vedteke to regionale planar, ein for ”Næringsutvikling og nyskaping” og ein for ”Reiseliv og opplevelser”. Handlingsplanar for år 2013 er under utarbeiding. Landbruksnæringa er lyfta fram i begge planane som ein viktig føresetnad for øvrig næringsliv og for busetnad kring i heile fylket.

Landbruksmelding for Telemark
Det siste som har skjedd er at fylkestinget har vedteke å utarbeide ei landbruksmelding for Telemark. Det blir vist til den nye stortingsmeldinga Meld.St.9 ”Velkommen til bords” (Landbruks- og matmeldinga) og gjeve uttrykk for at den komande landbruksmeldinga for Telemark må synliggjere korleis Telemark kan vere med å oppfylle dei nasjonale måla. 

I meldinga skal ein handsame: 

  • Rammevilkår for landbruket
  • Utviklingstrekk og status
  • Moglegheiter og utfordringar for landbruket i Telemark
  • Framtidsbilete
  • Felles satsingsområde
Jordbrukslandskap i Telemark

Flatdal, Seljord kommune i Telemark. Det er eit sterkt samfunnsengasjement for landbruket i Telemark. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)