Ein kraftkar av ein ost
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Det grøne gullet – Arvesølvet
Nyheit | Dato: 09.07.2013
På Saghaug gard i Tingvoll kommune driv Kristin Waagen med mjølke- og kjøttproduksjon. Ho driv òg gardsmeieriet Tingvollost og er ein av 18 næringsdrivande innanfor landbruks- og matsektoren som fortel si historie i publikasjonen ”Det grøne gullet – Arvesølvet”.

På oppdrag frå landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum har Landbruks- og matdepartementet gitt ut publikasjonen ”Det grøne gullet – Arvesølvet”. Publikasjonen tek lesarane med på ei reise i det norske landbruket, fortalt gjennom historiene til 18 næringsdrivande knytt til jord- og skogbruk rundt om landet. I juli kan du lese alle historiene på nett.
Publikasjonen ”Det grøne gullet – Arvesølvet” kan du få både på bokmål og nynorsk, og den kan bestillast gratis frå Landbruks- og matdepartementet, send ein e-post til hjemmesidestoff@lmd.dep.no.