Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 03.04.2013
Statssekretær Harald Oskar Buttedahl har i dag hatt møte med Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket, som møtest to gonger i året.
Statssekretær Harald Oskar Buttedahl har i dag hatt møte med Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket, som møtest to gonger i året.
Statssekretær Harald Oskar Buttedahl har i dag leia møte med Nasjonalt samarbeidsforum for HMS i landbruket, som møtest to gonger i året. På møtet deltok representantar frå Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgivning, Landbrukets HMS-tjeneste, Statens Landbruksforvaltning, Landbrukets brannvernkomité, Matmerk, Arbeidstilsynet og Gjensidige Forsikring.
- Det er svært positivt at så mange ulike aktørar deltek aktivt i samarbeidsforumet og at det kan vere ein arena for fruktbar diskusjon, seier statssekretær Harald Oskar Buttedahl.
Drøfta samarbeidsløysingar
I 2011 vart det gjennomført ei felles utgreiing der ulike samarbeidsformer mellom Norsk Landbruksrådgivning og Landbrukets HMS-tjeneste vart vurdert. På møtet vart det framlagt eit forslag til mogeleg samarbeidsløysing mellom organisasjonane.
Psykisk helse i landbruket
Psykisk helse blir sett på som ei utfordring, særleg med tanke på å forebyggje dyretragedier. Norges Bondelag orienterte om sitt nystarta prosjekt, i samarbeid med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Landbrukets HMS-tjeneste, der dei ønskjer å utvikle informasjonsverktøy og informasjonsmateriell for å få fokus på psykisk helse i landbruket. Den nasjonale HMS-kampanja orienterte om sin aktivitet sidan sist møte. Dei vil óg fokusere psykisk helse framover, blant anna i samarbeid med det overnevnte prosjektet.
Landbrukets brannvernkomité orienterte òg samarbeidsforumet om branntal for 2012.