Historisk arkiv

Seksdobla produksjonen på to år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Med støtte frå Innovasjon Norge har Aurenes Gardsysteri frå Time i Rogaland mellom anna etablert produksjon av fersk upasteurisert geiteost. Produksjonen er den einaste i landet av sitt slag og har vorte ei suksesshistorie for produsenten.

Med støtte frå Innovasjon Norge har Aurenes Gardsysteri frå Time i Rogaland mellom anna etablert produksjon av fersk upasteurisert geiteost. Produksjonen er den einaste i landet av sitt slag og har vorte ei suksesshistorie for produsenten.

Knudenost av upasteurisert geitemelk fra Aurenes Gardsysteri
Knudenost. (Foto: Aurenes Gardsysteri)

Knudenosten er ein norsk chèvre av råmjølk frå geit. Produksjonen er handverksbasert og baserer seg kun på naturlege, lokale råvarer. Det betyr at den berre blir produsert i sesongen, som varer frå mars til september.

Ysteriet kjøper geitemjølk av høg kvalitet frå geitebonde og medeigar Njål Sikvaland. Det er ifølge dagleg leiar Bo Jensen denne kvalitetsmjølka som gir osten den unike smaken.  Kundar i dag er spesialbutikkar i Vest- og Sør-Noreg, samt restaurantar over heile landet. 

Innovasjon Noreg støttar
Aurenes Gardsysteri er den bedrifta innan lokalmat i Rogaland som per dags dato er mest aktiv, og vil vidare. Innovasjon Noreg har difor tildelt 550 000 kroner i MAT-VEKST 1023 til ysteriet.

Seksdobla produksjonen  
Aurenes Gardsysteri AS vart etablert i 2008. I 2010 var det framleis lite og hadde nesten ingen produksjon. I 2011 vart Knudenosten relansert, og fekk god respons. Bedrifta har sidan hatt ein enorm vekst (frå 200 000 kroner i omsetning i 2010 til 1,2 millionar i 2012), og har nyleg fått tildelt vekststøtte for å kunne arbeide endå meir med marknads- og produktutvikling.

I 2013 er målet å få utvikla to nye produkt i tillegg til Knudenosten, samt å få fleire av dei kjente norske restaurantane som kundar.