Historisk arkiv

Løft for landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Auka satsing på skogbruk og bioenergi med totalt 70 millionar kronerStyrka innsats for trygg mat men senka gebyr og avgifter til MattilsynetLøyvingane til forsking og utvikling blir auka med 8 prosentEigedomar i alle delar av landet og alle storleikar får auka inntekt

LMD budsjett-logo



Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjett for 2007

Pressemelding

Nr.: 8
Dato: 06.10.06

Kontaktperson:

Ståle Norang, tlf.: 41 43 80 11

Statsbudsjettet 2007:

Løft for landbruket

Betre høve til verdiskaping i jord- og skogbruk over heile landet

  • Auka satsing på skogbruk og bioenergi med totalt 70 millionar kroner
  • Styrka innsats for trygg mat men senka gebyr og avgifter til Mattilsynet
  • Løyvingane til forsking og utvikling blir auka med 8 prosent
  • Eigedomar i alle delar av landet og alle storleikar får auka inntekt

Dette er nokre hovudpunkt i budsjettforslaget frå Landbruks- og matdepartementet for 2007. Totalt er budsjettet på 14.044 millionar kroner, opp 1,8 prosent frå 2006. Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen er godt fornøgd med budsjettforslaget:

- Dette budsjettet er det beste på mange år og vil styrke landbruket over heile landet. Det sikrar bøndene ei inntektsutvikling på line med andre grupper og er eit viktig bidrag til å gje landbruket høve til å oppfylle sin kontrakt med samfunnet om å levere fellesgoder som trygg mat, levande bygder og eit velstelt kulturlandskap, seier Riis-Johansen.

Forbetring av skogfondsordninga
Regjeringa ønskjer å auke verdiskapinga i skogbruket og dermed betre utnyttinga av ressursane på garden. Verkemidla knytt til skogbruk og bioenergi blir samla auka med 70 millionar kroner. 50 millionar kroner er foreslått gjennom forbetring av skogfondsordninga. Regjeringa vil både auke skattefordelen frå 60 til 85 prosent, og la fleire formål kome inn under ordninga. Det blir gitt høve til å bruke skogfondsmidlar til varmeleveransar frå anlegg i tilknyting til landbrukseigedom. Regjeringa vil auke tilskotta til skogbruk og bioenergi med 20 millionar kroner for 2007.

Færre gebyr - auka innsats for trygg mat
Budsjettforslaget inneber at avgifter og gebyr til Mattilsynet blir redusert med til saman 30 millionar kroner. Matproduksjonsavgifta blir kutta med 6 prosent. I tillegg blir fleire ordningar for godkjenning knytt til oppstart av ny verksemd fjerna saman med gebyra som desse ordningane har utløyst. Dette vil utgjere rundt 7 millionar kroner. Desse endringane vil vere spesielt positive for dei minste matprodusentane. Totalt aukar budsjettramma innan matpolitikken med 1,4 prosent eller 17,9 millionar kroner. Samstundes får Mattilsynet styrkt sitt budsjett for å stå betre rusta i arbeidet for å betre mat-tryggleiken.

Levande landbruk
Verkemidla i jordbruksavtala frå mai 2006 er med på å betre dei økonomiske moglegheitene for jordbruket i distrikta og for dei bøndene som hentar ein vesentleg del av inntektene frå jordbruket. 100 millionar kroner i auka strukturtilskot i husdyrsektoren, forbetra velferdsordningar med om lag 60 millionar kroner og utvida skattefrådrag for jordbruksinntekt er døme på endringar som slår positivt ut for økonomien til bøndene.

Miljøprofil
Det blir innført eit eige beitetilskott med ei ramme på 125 millionar kroner. Dette er eit viktig bidrag i miljøpolitisk retning.

- Ved å stimulere til auka beiting, blir jordbruket betre i stand til å bevare eit ope og velstelt kulturlandskap. Regjeringa foreslår og å auke satsinga på å førebyggje rovdyrskader med 7 millionar kroner. Det gjer sauebøndene betre i stand til å nytte utmarksbeite til verdiskaping, og det er eit viktig bidrag for å redusere problema i høvet mellom småfe og rovdyr, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Omstilling for betre forsking
I budsjettframlegget ligg det inne ein auke på 8 prosent til forsking og utvikling slik at det totalt vil bli løyvd 367 millionar kroner. Ein vesentlig del av auken - 20 millionar kroner - er sett av til omstillingstiltak i Bioforsk. Dei omfattande omorganiseringane innan forskingsinstitusjonane gjer desse til robuste og konkurransedyktige einingar som blir viktige regionale bidragsytarar innan forsking og utvikling rundt om i landet.

Internasjonale forhold
Regjeringa vil setje i verk nytt regelverk for utanlandsk tilverking av landbruksvarer med verknad frå 1. januar 2007. Dette vil basere seg på krav om at dei som ønskjer å nytte seg av denne ordninga, samstundes må ha ein nasjonal eigenproduksjon. Dette vil motverke utviklinga dei seinare åra i retning auka foredling av norske landbruksvarer i utlandet.

Situasjonen rundt forhandlingane i Verdens handelsorganisasjon (WTO) er krevande etter at forhandlingane stoppa opp i sommar. Regjeringa ønskjer å finne ei løysing som sikrar våre moglegheiter til å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet. Dette må kombinerast med dei fattigaste landa sine behov for å sleppe til på marknadene. Noreg vil samarbeide med landa i den såkalla G10-gruppa.

Eigedoms- og busettingspolitikken
Regjeringa vil legge til rette for at landbrukets eigedomsressursar kan takast betre i bruk både til tradisjonelt landbruk og til ny næringsverksemd. Dette vil også trygge busettinga. Det er eit viktig ansvar å eige ein landbrukseigedom og det trengs verkemidlar knytt til dette.

Kommunane forvaltar viktige delar av eigedoms- og busettingspolitikken som til dømes reglane i jordlova, odelslova og konsesjonslova. Landbruks- og matdepartementet gjennomfører ei kartlegging av kommunane sin praksis i saker som gjeld priskontroll etter konsesjonslova og buplikt. Denne kartlegginga vil vise om det er grunnlag for å fremme nye tiltak som gjer priskontrollen og buplikta meir målretta enn i dag.

Andre punkt

  • Naturskade: Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 10 millionar kroner til å sluttføre overvakings- og sikringstiltak i Åkneset i Stranda kommune. I alt er det løyd 64 millionar kroner til dette prosjektet.
  • E.coli: Med ein innsats på til saman 10 millionar kroner ønskjer regjeringa å auka innsatsen innan kartlegging av E.coli, betre sporing av mat og dokumentasjon av framandstoff i sjømat.
  • Veterinær beredskap: Løyvinga til veterinær beredskap er foreslått auka med 8,7 millionar til 88,6 millionar kroner.
  • Miljø: Tilskotta til regionale miljøprogram og spesielle miljøtiltak vert auka med 60 millionar kroner. Økologisk jordbruk får 25 millionar kronar meir - til saman 150 millionar.
  • Næringsutvikling: Regjeringa vil forsterke innsatsen innan næringsutvikling. Ramma for støtte til investeringar er auka med 45 millionar. Innan område som grønt reiseliv, Inn på tunet og andre tilbod innan helse og velferd som kan ha utgangspunkt frå garden.
  • Reindrift: Ny reindriftslov og færre rein i enkelte område skal saman med fastsette distrikts- og siidagrenser bidra til å sikre ei berekraftig reindriftsnæring.
  • Barn og unge: Barn og unge har prioritet ved auka tildeling av middel over ordninga ”støtte til organisasjonane”.
  • Globalt frølager: Eit globalt frølager på Svalbard blir etablert i løpet av 2007.

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

1100

Landbruks- og matdepartementet:

121 435

116 957

123 260

5,4

Sum kategori 15.00

121 435

116 957

123 260

5,4

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

131 482

139 156

141 308

1,5

1115

Mattilsynet:

1 226 699

1 134 038

1 149 805

1,4

Sum kategori 15.10

1 358 181

1 273 194

1 291 113

1,4

Forsking og utvikling

1137

Forsking og utvikling:

304 376

340 675

367 873

8,0

Sum kategori 15.20

304 376

340 675

367 873

8,0

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

17 125

19 647

22 890

16,5

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar:

28 415

32 531

31 355

-3,6

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

36 294

36 802

102 193

177,7

1143

Statens landbruksforvaltning:

271 638

210 139

216 049

2,8

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket:

7 013

7 547

6 097

-19,2

1145

Jordskifterettane:

156 698

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

88 865

81 835

-100,0

1147

Reindriftsforvaltninga:

48 941

53 562

57 427

7,2

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

89 022

93 348

88 665

-5,0

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

333 340

367 259

41 945

-88,6

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

10 798 999

11 045 899

11 580 872

4,8

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen:

99 774

92 500

92 500

0,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

23 851

24 854

22 126

-11,0

Sum kategori 15.30

11 999 975

12 065 923

12 262 119

1,6

Sum programområde 15

13 783 967

13 796 749

14 044 365

1,8

Sum utgifter

13 783 967

13 796 749

14 044 365

1,8

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

4100

Landbruks- og matdepartementet:

20 984

443

460

3,8

Sum kategori 15.00

20 984

443

460

3,8

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 061

18 458

2,2

4115

Mattilsynet:

770 012

687 905

129 763

-81,1

Sum kategori 15.10

770 012

705 966

148 221

-79,0

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4143

Statens landbruksforvaltning:

36 891

30 152

31 298

3,8

4145

Jordskifterettane:

13 872

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

34 700

29 558

-100,0

4147

Reindriftsforvaltninga:

1 704

31

32

3,2

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen:

127 824

145 000

112 000

-22,8

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

151 775

171 000

715 800

318,6

Sum kategori 15.30

366 766

375 741

859 130

128,6

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

765

750

750

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

8 500

8 500

8 500

0,0

Sum kategori 15.40

9 265

9 250

9 250

0,0

Sum programområde 15

1 167 027

1 091 400

1 017 061

-6,8

Sum inntekter

1 167 027

1 091 400

1 017 061

-6,8