Historisk arkiv

RNB: 15 millionar ekstra til Åkerneset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

RNB: Regjeringa vil styrke overvakinga av Åkerneset og Heggurskula, og gjer framlegg om å løyve 15 millionar kroner ekstra til beredskapstiltak i Stranda og Norddal kommunar.

Pressemelding

Nr.: 2
Dato: 12.05.06

RNB: 15 millionar ekstra til Åkerneset

RNB:Regjeringa vil styrke overvakinga av Åkerneset og Heggurskula, og gjer framlegg om å løyve 15 millionar kroner ekstra til beredskapstiltak i Stranda og Norddal kommunar.

- Regjeringa tek situasjonen i Storfjorden på stort alvor. Vi har hatt saka høgt på dagsordenen, og har hatt kontakt med dei lokalsamfunna dette gjeld sidan i fjor haust. Saka er tatt opp til ny vurdering i Revidert nasjonalbudsjett, som er det første høvet vi har hatt til å vurdere dei økonomiske rammene for dette arbeidet. Vi gjer framlegg om å utvide den statlege støtta til dette arbeidet, slik at det kan bli gjennomført i eit høgare tempo enn det har vore lagt opp til tidlegare, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

I Stranda og Norddal er det to store fjellparti, Åkerneset og Heggurskula, som er ustabile. Det kan vere fare for fjellskred og flodbølgje som vil ha store følgjer for lokalsamfunn langs heile Storfjorden. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 15 millionar kroner slik at kommunane kan halde fram arbeidet slik dei legg opp til for inneverande år. Midla som blir foreslått i Revidert nasjonalbudsjett kjem i tillegg til tidlegare løyvingar til det same prosjektet.

RNB: Regjeringa vil styrke overvakinga av Åkerneset og Heggurskula, og gjer framlegg om å løyve 15 millionar kroner ekstra til beredskapstiltak i Stranda og Norddal kommunar.