Historisk arkiv

RNB: Norsk institutt for skog og landskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

RNB: Norsk institutt for skog og landskap blir etablert frå 01.07.06.

Pressemelding

Nr.: 4
Dato: 12.05.06

RNB: Norsk institutt for skog og landskap

RNB: Norsk institutt for skog og landskap blir etablert frå 01.07.06. Dette skjer ved at Norsk institutt for skogforsking (Skogforsk) og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) blir slåttsaman.

- Dette vil bli ein ny kunnskapsorganisasjon for arealresursar innan områda skog, jord, landskap og utmark. Begge dei nåverande institutta er sterke nasjonale kompetansemiljø og dei vil utfylle kvarandre godt. Den samla naturfaglege og teknologiske kompetansen ved dei to institusjonane er eit sterkt fundament for utvikling av ein ny og robust kunnskapsinstitusjon, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Norsk institutt for skog og landskap skal ligge i Ås kommune, Akershus. Instituttet vil vere eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet.

Senter for genressursar
Frå 01.07. blir det etablert eit nytt senter for genressursar innan landbruket for husdyr, kulturplanter og skogstre. Senteret skal ta vare på og arbeide for berekraftig bruk av genetiske ressursar.

Senteret vil vere knytt til og vere ein del av Norsk institutt for skog og landskap. Med dette blir den faglege kompetansen i dei nåverande sekretariata for genressursutvala for husdyr, kulturplanter og skogstre nå samla til ei meir slagkraftig eining.

RNB: Norsk institutt for skog og landskap blir etablert frå 01.07.06.