6 millionar kroner til satsing i Valdres
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 4 | Dato: 12.06.2007
Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga og landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen støtter arbeidet med etablering av Valdres natur- og kulturpark.
Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga og landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen støtter arbeidet med etablering av Valdres natur- og kulturpark.
Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet har spleisa og går inn med 6 millionar kroner. i ei spennande småsamfunnssatsing i Valdres.
Seks Valdreskommunar har saman med lokalt næringsliv og Oppland fylkeskommune gått i saman i eit storstilt samarbeid om ein tiårig plan for lokalsamfunnsutvikling i Valdres. Med etableringa av Valdres natur- og kulturpark har regionen tatt eit offensivt og nytt grep for å styrka arbeidsplassar og busetting. Bærekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane gjennom tiltak for attraktive stadar og næringsutvikling er sentralt i satsinga. Valdres har Nord Europas mest aktive stølsområde, den tettaste samlinga av stavkyrkjer, her finst den lengste tradisjonen i landet for reiselivssamarbeid og ikkje minst fleire bærekraftige lokalsamfunn i ein vakker og storfelt natur. Dette kan utnyttast betre.
Inspirasjonen er henta frå Frankrike, og no gjer Valdres dette til ei regional satsing også i Noreg. Fire departement har gitt si tilslutning til utprøving av natur- og kulturpark som konsept for nærings- og lokalsamfunnsutvikling. Erfaringane frå utprøving av natur- og kulturpark i Valdres vil og kunne inngå som ledd i utforminga av ein ny nasjonal fjellpolitikk.
Med utgangspunkt i regionale fortrinn og ressursar skal prosjektet ta ut ein meirverdi i marknaden og bidra til auka verdiskaping. Valdresmerket skal stå fram som eit kvalitetsstempel. Tiltaka i dette prosjektet skal betra livskvaliteten på brei basis for alle som bur i regionen, og gjere den meir attraktivt å etablere seg i for unge vaksne.
Dette er ei flott distriktspolitisk satsing, samstemmer statsrådane frå dei to departementa. Vi vil derfor stø opp om denne sterke regionale og lokale innsatsen som blir gjort frå Valdreskommunane, lokalt næringsliv, Oppland fylkeskommune og Fylkesmannen i Oppland.