Historisk arkiv

Fører vidare den offensive skogpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Nysatsing på økt avvirking i kystskogbruket

- Skogen si viktige rolle i klimasamanheng skal framhevast, og vi vil arbeide aktivt for å auke dei positive gevinstane av å plante skog og bruke trevirke, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

- Skogen si viktige rolle i klimasamanheng skal framhevast, og vi vil arbeide aktivt for å auke dei positive gevinstane av å plante skog og bruke trevirke, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

 I klimameldinga som blei lagt fram i 2007, vil regjeringa mellom anna leggje til rette for auka skogplanting og skogkultur for auka skog­produksjon. Regjeringa vil vidare sikre målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka bruk av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Regjeringa vil også auke innsatsen for å skaffe fram kunnskap om korleis klimaet påverkar skogen. Dette gjeld både til byggeformål og som energi. Avgiftsauken på fyringsolje og merka diesel, som motsvarar ein auke i energipris på om lag 5 øre per kWt, vil også relativt sett styrke konkurranseevna for biobrensel og biodrivstoff og slik sett skape nye kommersielle høve for skogsektoren.

- Nettopp derfor er det eit godt klimatiltak å heve avgifta på fyringsolje, seier Riis-Johansen. 

Regjeringa vil føre vidare den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007 innanfor rammene av norske miljømål og. Dei økonomiske verkemidla som blir sett inn i 2008, vil vere på om lag same nivå som i 2007. Grunnstamma i verkemiddelbruken er skogfond, tilskotta til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging, bioenergitiltak og tiltak for auka bruk av tre.

- Det er derfor viktig at fylka nå prioriterer skogkultur og ungskogpleie, både av omsyn til den framtidige verdiskapinga og fordi skogen har ei viktig rolle for å møte klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Regjeringa støtter arbeidet knytt til skogbruk i kyststrok med 5 millionar kroner.