Jordbruksoppgjeret 2011: 25.000 meir pr årsverk for bonden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 3 | Dato: 16.05.2011 | Sist oppdatert: 17.10.2013
Staten har inngått avtale med Norges Bondelag med ei ramme som gir grunnlag for ein inntektsvekst på 10 ¼ prosent, eller om lag 25.000 kroner pr årsverk i 2012.
Staten har inngått avtale med Norges Bondelag med ei ramme som gir grunnlag for ein inntektsvekst på 10 ¼ prosent, eller om lag 25.000 kroner pr årsverk i 2012, i høve til 2011, når verdien av jordbruksfrådraget er medrekna.
- Sjå heile pressekonferansen på Nett-TV
- Heile sluttprotokollen med fordelingsskjema (pdf, 769 Kb)
- Brev frå Finansministeren av 16.05.2011 - Forslag om fjerning av avgiftene i matforvaltningen (pdf, 168 Kb)
- Brev frå Finansministeren av 11.05.2011 - Forslag om heving av trygdeavgift og jordbruksfradrag (pdf, 278 Kb)
- Under den rødgrønne regjeringa har jordbruket hatt ei svært god inntektsutvikling. Årets avtale fører vidare denne politikken. Medrekna årets avtale er inntekts-moglegheitane i jordbruket auka med 110.000 kroner pr årsverk, eller 70 prosent, i perioden 2006-2012, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
- Avtalen prioriterer husdyrhaldet i distrikta og kornproduksjon. Det er tatt omsyn til svakare inntektsutvikling i jordbruket fra 2006 til 2011 enn det partane la til grunn for avtalen i 2010, seier Brekk.
Matproduksjonsavgifta blir avvikla
Avtalen er basert på at Regjeringa vil gjere framlegg om å avvikle matproduksjons-avgifta i statsbudsjettet 2012. Totalt blir avgiftsletta om lag 615 millioner kroner. Av dette vil 280 millioner kroner gjelde norskproduserte jordbruksvarer.
- Denne avgiftsletten vil ha mykje å seie for alle i matproduksjonskjeda, frå bonden til heile næringsmiddelindustrien, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
Prisauke
- Avgiftsletten fører til at det vil bli liten prisvekst for forbrukerane, om lag 0,7 prosent, seier Lars Peder Brekk.
Effekten på forbrukarprisane kan bli om lag 1,6 prosent på mjølkeprodukt og egg, 1,1 prosent på kjøt, 0,7 prosent på brød og kornprodukt, 0,6 prosent på frukt, poteter og grønnsaker. Opplysningsarbeidet for frukt og grønt vil bli styrkt.
Auka løyvingar over statsbudsjettet
For tiltak over statsbudsjettet er direkte tilskott til bøndene prioritert. Det blir lagt vekt på å styrke økonomien i mjølkeproduksjonen og kornproduksjonen. Samla løyving over statsbudsjettet vil auke med 365 millioner kroner. Omdisponering innanfor budsjettet gjer det mogeleg å auke løyvingane til areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, driftstilskott og beitetilskott med til saman 524 millioner kroner.
Investeringstiltak
- For ungdom som vil satse i landbruket, har både høve til god inntekt og gode velferdsordningar mykje å seie. Denne avtalen gir betre investeringsordningar for jordbruket og velferdsordningane blir styrkt, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
Miljøtiltak og økologisk jordbruk
Løyvingane til miljøtiltak blir auka med nesten 210 millioner kroner.
- Innsatsen for å betre vasskvaliteten, ta vare på kulturlandskapet, regionale miljøprogram, og den kommunale ordninga med spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap vil bli forsterka, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.
Medlemsavgift til folketrygda og jordbruksfrådrag
Regjeringa vil gjere framlegg om å heve trygdeavgifta for næringsinntekt i jord- og skogbruk til ordinær sats frå 2012. Regjeringa vil vidare gjere framlegg om å auke jordbruksfrådraget ved likninga. Samstundes er løyvinga til folketrygda frå jordbruks-avtalen omdisponert til inntektsgjevande tiltak, slik at jordbruket ikkje tapar på omlegginga av systemet.
Fra dagens pressekonferanse, fra venstre: Statens forhandlingsleder Leif Forsell, Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og Leder i Norges bondelag, Nils T. Bjørke. Foto: Landbruks- og matdepartementet.