RNB: Skogsektoren får betre rammevilkår
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Nr: 4 | Dato: 07.05.2013
Ei ny tiltakspakke vil saman med dei generelle veksttiltaka for næringslivet i Fastlands-Noreg auke sjansane for inntening for skog- og trenæringane. Tiltakspakka er på 750 millionar kroner.
Ei ny tiltakspakke vil saman med dei generelle veksttiltaka for næringslivet i Fastlands-Noreg auke sjansane for inntening for skog- og trenæringane. Tiltakspakka er på 750 millionar kroner.
Meir effektiv transport, stimulering til auka bruk av tre i bygg og meir kapital til strategiske statlege investeringar i trenæringa, skal lette situasjonen for bransjen.
- Dette er tiltak i tråd med forslag frå skogsektoren. Desse tiltaka kjem på toppen av endringane i selskapsskatten som Regjeringa har føreslått, og som blir gjort gjeldande for neste år, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.
Landbruks- og matdepartementet føreslår å løyve 75 millionar kroner i Revidert nasjonalbudsjett. Forslaget inneber 60 millionar kroner i infrastrukturtiltak for å gjere tømmertransporten meir kostnadseffektiv. Bygging av tømmerkaiar og modernisering av eksisterande skogsbilvegar skal medverke til reduserte transportkostnader og auka leveringstryggleik til industrien. 15 millionar kroner er føreslått sett av for å stimulere til auka bruk at tre i bygg.
Saman med løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett føreslår regjeringa 75 millionar kroner over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet for å stimulere til auka aktivitet innan forsking og utvikling for heile skogsektoren. I tillegg utvidar Nærings- og handelsdepartementet eigenkapitalen i det statlege investeringsselskapet Investinor med 500 millionar kroner. Pengane skal gå til investeringar i skog- og trenæringane. På budsjettet til Samferdselsdepartementet er det sett av 100 millionar kroner for å utbetre flaskehalsar for tømmertransport på det offentlege vegnettet. I tillegg vil det om kort tid bli sendt ut eit forslag på høyring om å auke totalvekta for tømmertransporter til 60 tonn.
Bakgrunn:
Skogen er ein fornybar ressurs og dannar grunnlag for ei verdikjede som omfattar skogbruk og industri med om lag 25 000 sysselsette i Norge. I 2010 var samla omsetnad i skogindustrien på 44 milliardar kroner. Skogindustrien legg grunnlag for verdiskaping over store delar av landet og utgjer hjørnesteinsbedrifter i mange lokalsamfunn.