Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Inntektsvekst i jordbruket. Bredskapslagring av korn. Strategi for skogsektoren, SKOG 22. Meir til forsking og kunnskapsformidling. Tre nasjonale senter for landbrukskunnskap.

  • Inntektsvekst i jordbruket for auka matproduksjon. 
    Statsbudsjettet 2014
     
  • Beredskapslagring av korn.
  • Strategi for skogsektoren, SKOG 22.
  • Meir til forsking og kunnskapsformidling.
  • Tre nasjonale senter for landbrukskunnskap.
     
  • Prop. 1 (2013-2014)

Inntektsvekst
Jordbruksavtalen i 2013 legg til rette for ein inntektsvekst på 31 000 kroner per årsverk i 2014 i forhold til 2013, før oppgjer. Avtalen vil auke inntekta i 2013 med om lag 11 000 kroner og ytterlegare 20 000 kroner i 2014. Oppgjeret prioriterer storfekjøtt, korn og grøntsektoren, der marknadsmoglegheitene er gode. Oppgjeret gjev ei klar betring av inntektsmoglegheitene, som er eit hovudverkemiddel for å nå dei landbrukspolitiske måla om auka matproduksjon.

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen i 2014 med 500 millionar kroner når ein ser bort frå den ekstraordinære løyvinga til Landbrukets utviklingsfond (LUF) i 2013.

Matkornlager
For å gi sikrare forsyning av matkorn til den norske marknaden, foreslår Regjeringa ei løyving på 5 millionar kroner til etablering av beredskapslagring av matkorn.

– Globale utfordringar med spesielle værtilhøve har ført til mindre stabilitet i den globale kornmarknaden, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum. – Seinast hausten 2012 vurderte einskilde land å innføre eksportrestriksjonar på korn.  Avlingsnivå og kvalitet på det norske matkornet har også blitt meir ustabil dei siste åra og har gjort Norge meir avhengig av import, seier Slagsvold Vedum, som påpeikar at matkornlager er ein viktig del av den nasjonale beredskapen.

I 2013 vart det innført beredskapslagring av såkorn. I budsjettet for 2014 er det gjort framlegg om å auke løyvinga til dette føremålet slik at samla løyving blir 4,5 millionar kroner. 

Fjellandbruket
Frå 2014 blir det iverksett ei satsing på fjellandbruket som eit ledd i ein regionalt tilpassa landbruks- og matpolitikk. Målet er å styrkje grunnlaget for bærekraftig verdiskaping i fjellområda, gjennom auka vare- og tenesteproduksjon med grunnlag i landbruket sine ressursar, både innanfor tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Det er avsett 6 millionar kroner til to samarbeidsprosjekt. 4 millionar kroner blir fordelt til fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland og Hedmark, og 2 millionar kroner til fylka Buskerud og Telemark. 

Arktisk landbruk
Det er sett av 3 millionar kroner i 2014 til ei satsing på arktisk landbruk, med vekt på utvikling og auka utnytting av arktisk kvalitet som konkurransefortrinn for landbruket i nordområda. 

Reindrift
Reindriftsavtalen 2013-2014 har ei ramme på 109,5 millionar kroner, som er ein auke på 5 millioner kroner frå inneverande avtale etter budsjettet for 2013. Tiltak som skal gi auka slakting og omsetnad av reinkjøtt er prioritert. Det er viktig at reintalet blir betre tilpassa beitegrunnlaget.

Strategi for skogsektoren
Skogsektoren har store utfordringar. Låg økonomisk vekst, dårlegare konkurranseevne og avtakande etterspurnad gir store omstillingsbehov. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2014 ei vidareføring av tiltak for skog- og tresektoren som vart etablert på bakgrunn av tiltakspakkene i revidert nasjonalbudsjett i 2012 og 2013.

Regjeringa meiner det er trong for fleire tømmerkaier. I kystregionen er det mange stader eit dårlegare offentleg vegnett for tømmertransport, og ei vidare satsing på tømmerkaier er derfor eit viktig bidrag til auka hogst og betre avsetnad av tømmer. For 2014 er det foreslått ei løyving på 20 millionar kroner til utbygging av kaier.  På same måte er det også viktig med ei fortsatt satsing på tømmerterminalar i tilknytning til jernbanenettet.

Det er foreslått 5 millionar kroner til Innovasjon Noregs Bioraffineringsprogram, som arbeider for at fleire norske bedrifter skal kunne ta marknadsposisjonar innan prosessering av fornybare bioråvarer.

Regjeringa vil utarbeide ein strategi for å styrke konkurranseevna i skogbruket, Skog 22. Den skal femne om forsking, utvikling, innovasjon og kunnskapsformidling i tillegg til andre verkemiddel og tiltak som er viktige for næringa si konkurranseevne. Strategien skal medverke til å realisere verdiskapingspotensialet i skogsektoren og til utvikling av ein meir bærekraftig økonomi. Det er nedsett ei gruppe som skal legge fram strategien i løpet av 2014.

– Skognæringa har store strukturelle omstillingsbehov. Dei tradisjonelle papp- og papirprodukta møter sterk konkurranse, og vi må finne nye produkt. Ved å satse så tungt på dette arbeidet, reknar eg med gode resultat, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum. 

Meir forsking
Regjeringa gjer framlegg om å auke forskingsaktiviteten i 2014 med 22,2 millionar kroner. Det blir lagt opp til å satse på klimatilpassa matproduksjon og forsking som kan betre konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien. Regjeringa foreslår å vidareføre Landbruks- og matdepartementets forskingssatsing på fornybar energi på same høge nivå som for 2013. Det same gjeld forsking for bærekraftig skogbruk og meir bruk av tre.

Hamar-miljøet og Nord-Trøndelag
Regjeringa vil styrke dei landbruksfaglege miljøa ved Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Nord-Trøndelag.

I 2013 vart Høgskolen i Nord-Trøndelag tildelt 3 millionar kroner frå Landbruks- og matdepartementet. I tillegg er det i statsbudsjettet for 2014 sett av ytterligare 1 million kroner. Dette skal medverke til å vidareutvikle Høgskolen i Nord-Trøndelag som eitt av tre kompetansesentra innan utdanning og forsking som drivkraft for næringsutvikling i landbruket.

Dei landbruksfaglege miljøa i Hamar-regionen dannar ei viktig kunnskapsklynge for norsk landbruk og anvendt bioteknologi. Det ligg eit stort potensiale i den internasjonale satsinga som her blir gjort innan genetikk og bioteknologi. Regjeringa foreslår ei løyving på 3 millionar kroner som skal medverke til verdiskaping og etablering av fleire arbeidsplassar innan dei biobaserte næringane.

– Vi er opptekne av å bygge opp tre tyngdepunkt for landbruksutdanning og kunnskapsproduksjon.  Det er Ås, Hamar og Steinkjer, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.