Historisk arkiv

Handlingsplan plantevernmiddel 2004-2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Vedtatt av Landbruksdepartementet 16. februar 2004

Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008)

Vedtatt av Landbruksdepartementet 16. februar 2004

Innhold

  1. Bakgrunn
  2. Nordisk samarbeid / internasjonalt arbeid
  3. Arbeidsgruppe/Evaluering
  4. Mål
  5. Tiltak og verkemiddel
  6. Økonomi
  7. Bakgrunnsinformasjon

Forord

Resultat frå evalueringa av Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (1998-2002) syner at verkemidla vi har satsa på i Noreg har hatt effekt. Bra resultat er avhengig av ei brei oppslutning om tiltaka blant alle aktørane. Næringsutøvarane har med andre ord gjort ein god innsats. Dette må likevel ikkje bli ei ”sovepute”. Vi finn framleis restar av kjemiske plantevernmiddel i mat og miljø. Fleire av tiltaka som er sette i gang, er også i stor grad avhengig av ei vidareføring dersom effekten skal haldast oppe.

Kjemiske plantevernmiddel er i dag ein viktig innsatsfaktor i planteproduksjonen. Samstundes har slike middel meir eller mindre uønskte verknader; dette er kjemikal som vi med vitande vilje handterer og slepp ut i naturen. Det er derfor heilt nødvendig at vi held fram innsatsen med å gjere norsk landbruk mindre avhengig av bruken av kjemiske plantevern-middel og reduserer risikoen ved bruk av slike middel. Føre-var-prinsippet må liggje høgt i medvitet hos både næringsutøvarar, rådgjevarar, forskarar og styresmakter. Tidlegare erfaringar underbyggjer at føre-var-prinsippet bør vektleggjast i spørsmål knytte til plantevernmiddel.

Satsing på auka kunnskap om førebyggjande plantevernrådgjerder og alternative bekjempingsmetodar må stå sentralt i arbeidet med å gjere norsk landbruk mindre avhengig av bruk av kjemiske plantevernmiddel. Auka satsing på integrert produksjon og erfarings-utveksling med aktørar innan økologisk landbruk vil vere viktige tiltak for å nå dette målet.

Den gunstige plantehelsesituasjonen vår gjer at det er mogleg å drive eit landbruk med mindre bruk av plantevernmiddel enn dei fleste andre land. Liten bruk av plantevernmiddel er eit viktig kvalitetskriterium for mange forbrukarar. Her ligg det etter mi meining ein konkurranseføremon som bør kunne utnyttast i større grad, til fordel for både forbrukaren, miljøet og landbruksnæringa.

Forureining av kjemiske plantevernmiddel har ikkje berre konsekvensar nasjonalt, men også globalt på tvers av landegrensene. Plantevernmiddel kan spreie seg over lange avstander via luftstraumar og nedbør, vassdrag og havstraumar. Likeins finst restar av plantevernmiddel i importerte matvarer. Det er derfor viktig at vi aukar innsatsen på samarbeid og erfaringsutveksling med andre land, både med tanke på felles oppslutning om reduksjon i plantevernmiddelbruken og på risikoreduksjon, og for å få mest mogleg helse- og miljøgevinst ut av innsatsen vår.

Signatur Lars Sponhem
16. februar 2004

Bakgrunn

Ei arbeidsgruppe samansett av representantar for avtalepartane i jordbruksoppgjeret (Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Staten), Forbrukarrådet, Statens forureinings-tilsyn, Statens landbrukstilsyn og Statens næringsmiddeltilsyn, har sluttevaluert Handlings-plan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler (1998-2002). Basert på resultat frå evalueringa har gruppa tilrådd mål og tiltak under ein vidareførd 5-årsplan.

Arbeidsgruppa meiner at det har skjedd ein risikoreduksjon på minst 25% i planperioden, og at det overordna målet i handlingsplanen såleis er nådd.

Med utgangspunkt i plantevernmidla sine ibuande eigenskapar og kalkulert risiko, og med grunnlag i omsetningsstatistikken, er det utarbeidd ein målemetode og indikatorar for å beskrive utviklinga over tid i helse- og miljørisiko ved bruk av plantevernmiddel. Ei samanlikning av gjennomsnittet for 1996-97 med gjennomsnittet for 2001-02 syner ein liten reduksjon i omsetning (8%), men ein markert reduksjon i helserisiko (33%) og i miljørisiko (37%). Jamvel om ein bør vere varsam med å leggje for mykje vekt på slike indikatortal, synest trenden klar; det har vore ein markert risikoreduksjon i handlingsplanperioden, både for helse og for miljø. Ein ny bruksstatistikk for plantevernmiddel utarbeidd av Statistisk sentralbyrå, vil på sikt gjere det mogleg å få sikrare tal på risikoutviklinga.

Resultat frå gjennomførde spørjeundersøkingar retta mot norske bønder, støttar inntrykket av risikoreduksjon i handlingsplanperioden, og syner positive haldningsendringar og praksis i høve til bruk og handtering av plantevernmiddel. Om lag 40% av respondentane i ei spørje-undersøking i 2002/03 meinte at dei på bruket sitt har hatt ein markert nedgang i bruk av plantevernmiddel i løpet av 5-årsperioden.

Jamvel om trenden går i positiv lei, syner resultat frå overvakingsprogramma for nærings-middel og miljøet likevel at situasjonen enno ikkje er fullt ut tilfredsstillande.

Evalueringsgruppa understrekar behovet for ein framhaldande innsats for ytterlegare å redusere risikoen for helse- og miljøskadar ved bruk av plantevernmiddel. Spørje-undersøkingar har også klarlagt at det er rom for betringar på fleire område.

Under jordbruksforhandlingane 2003 vart avtalepartane samde om å leggje evalueringsgruppa sitt tilrådde hovudopplegg for ein ny handlingsplan til grunn med ei uendra ramme over avtalen (jf. St.prp.nr.70, 2002-2003). Partane vart samde om å setje av i alt 17 mill kr over jordbruksavtalen til tiltak under den nye handlingsplanen for 2004. Tiltaka vil bli kombinerte med ei oppfølging av tilsyn og kontroll frå det nye Mattilsynet frå 1 januar 2004. Denne overvakinga vil bl a omfatte styrkt kontroll av drikkevatn.

Ei ny arbeidsgruppe med representantar for avtalepartane i jordbruksoppgjeret (sjå neste side) har med grunnlag i tilrådingane frå evalueringsgruppa, vurdering av synspunkt frå 30 høyringsinstansar, og førebels rapport om Nordisk samarbeid for redusert bruk av pesticider, lagt fram forslag til ein ny 5-årig Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008).

På dette grunnlaget har Landbruksdepartementet vedtatt planen.

Nordisk samarbeid / internasjonalt arbeid

Med grunnlag i den nordiske berekraftstrategien, Bæredygtig udvikling – En ny kurs for Norden (TemaNord 2001:505) og deklarasjonen om reduksjon i bruk av plantevernmiddel frå dei nordiske jordbruks- og næringsministrane av 28 august 2002, skal det nordiske samarbeidet styrkjast, noko som skal gje meirverdi, og styrkje og effektivisere det nasjonale arbeidet, gjennom utveksling av kunnskap, erfaring og kompetanse. Samarbeidet skal medverke til styrkt fellesnordisk plattform i internasjonalt arbeid.

Ei nordisk prosjektgruppe har utarbeidd ei oppsummering av arbeidet i dei nordiske landa med planar, mål og tiltak knytte til bruk av plantevernmiddel. Prosjektgruppa har tilrådd at det nordiske samarbeidet bl a bør omfatte erfaringsutveksling og samarbeidsprosjekt innan følgjande område:

  • Økonomiske analysar av reduksjonspotensialet, som grunnlag for nasjonal fastsetjing av kvantitative reduksjonsmål for bruken av plantevernmiddel.
  • Implementering av kvantitative mål for reduksjon i plantevernmiddelbruken
  • Reduksjon av risiko
  • Forsking/kunnskapsoppbygging
  • EUs regelverk og anna internasjonalt arbeid\

Aktørane i gjennomføringa av ulike tiltak under Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008), blir oppmoda om å stimulere til og delta aktivt i det nordiske samarbeidet, og derigjennom dra nytte av den kunnskapen, erfaringa og kompetansen som finst i Norden. Samstundes skal dette medverke til å styrkje den fellsenordiske plattforma i internasjonalt arbeid.

Parallelt med det nordiske samarbeidet skal Noreg også vidareføre og styrkje den internasjonale innsatsen på plantevernmiddelområdet, gjennom aktiv medverknad i arbeidet som føregår bl a i regi av EU, OECD og FAO.

Arbeidsgruppe/Evaluering

Ei arbeidsgruppe med representantar for avtalepartane i jordbruksforhandlingane (Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Staten) skal under vegs i handlingsplanperioden:

  • Utarbeide forslag til fordeling av midlar avsette i jordbruksoppgjeret på tiltak under handlingsplanen.
  • Evaluere gjennomføringa og effekten av tiltaka under handlingsplanen. Ein legg til grunn at evalueringa skal omfatte både tiltak finansierte over jordbruksavtalen og andre tiltak.
  • Gje innspel til framtidige jordbruksforhandlingar om vidare utvikling av handlingsplanen.

Mål

Måla i Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel (2004-2008) tek utgangspunkt i måla frå den føregåande handlingsplanen (1998-2002):

  • Gjere norsk landbruk mindre avhengig av kjemiske plantevernmiddel
  • Risiko for helse- og miljøskadar ved bruk av plantevernmiddel skal i planperioden reduserast med 25% slik at den samla reduksjonen i perioden 1998-2008 vert minst 50%
  • Førekomst av plantevernmiddel i næringsmiddel og drikkevatn skal reduserast så langt som mogleg og ikkje overskride vedtatte grenseverdiar
  • Plantevernmiddel i grunnvatn bør ikkje førekome og skal ikkje overskride grenseverdiane for drikkevatn
  • Førekomst av plantevernmiddel i bekker og overflatevatn skal reduserast så langt som mogleg og ikkje overskride verdiar som kan gje skade på miljøet.

Tiltak og verkemiddel

Dei tiltaka som under den nye handlingsplanen skal medverke til ytterlegare redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel, byggjer på tilsvarande hovudelement som i den førre planen. Innsatsen skal også medverke til å gjere norsk landbruk mindre avhengig av bruk av plantevernmiddel:

  • Godkjende plantevernmiddel med minst mogleg ugunstig helse- og miljøprofil, og med merking som gir tilstrekkelege opplysningar
  • Betra kunnskap hos brukaren om biologi og førebyggjande rådgjerder, plantevern-middel og alternative bekjempingsmetodar, sprøyteteknikk m v, integrert produksjon og økologisk landbruk
  • Optimale rammevilkår for å redusere risiko ved bruk av plantevernmiddel, godt sprøyteutstyr m v
  • Overvaking av plantevernmiddelrestar i næringsmiddel og miljø
  • Langsiktig kunnskapsoppbygging

Fleire av tiltaka inneber ei vidareføring av tiltak frå tidlegare handlingsplanar. Dette er tiltak som i stor grad er avhengig av vidareføring dersom effekten skal haldast oppe.

Målemetodar

Mattilsynet bør med jamne mellomrom evaluere statistikk, målemetodar og indikatorar som beskriv utviklinga av helse- og miljørisiko, med sikte på justeringar og betringar.

Brukarundersøkingar bør gjennomførast med jamne mellomrom i åra framover. Slike undersøkingar bør omfatte alle brukargrupper / bruksområde, inkludert bønder, gartneri- og planteskoleverksemd, skogbruk og anna verksemd (offentleg tilgjengelege areal, golfbanar, industritomter, samferdselsanlegg, kraftgater m v).

Regelverket for plantevernmiddel

Godkjenningsordninga

Helse- og miljøomsyn må framleis tilleggjast avgjerande vekt ved godkjenning av plantevern-middel.

Vidare bør den agronomiske vurderinga omfatte alle sider ved planteproduksjonen, medrekna tilgjengeleg sortsutval, friskt utgangsmaterial og andre førebyggjande rådgjerder, og alternative bekjempingsmetodar.

Det bør satsast vidare på grundige risikovurderingar, inkludert vurdering av metabolittar og formuleringsstoff.

Ved godkjenningsvurderinga bør det leggjast vekt på det totale risikobiletet, dvs risiko for både brukaren, forbrukaren og miljøet, med grunnlag i resultata frå overvakingsprogramma for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og i miljøet, og tilgjengelege gardsdata.

Mattilsynet bør kontinuerleg vurdere korleis informasjonen og bruksrettleiinga på etikettar av godkjende plantevernmiddel kan betrast.

Dei nordiske landa bør samarbeide meir om godkjenning av plantevernmiddel.

Avgiftssystemet / avgiftsnivået

Det nye avgiftssystemet frå 1999 basert på normert arealdose og differensiert miljøavgift i høve til risiko for helse- og miljøpåkjenning, blir vidareført. Mattilsynet bør med jamne mellomrom evaluere systemet med sikte på å fremje tilrådingar i høve til justeringar.

Nytteorganismar (makrobiologiske preparat) blir fritatt for kontrollavgift og miljøavgift for å stimulere til auka bruk av slike framfor kjemiske alternativ.

Auka avgiftsnivå vil truleg ikkje medverke ytterlegare til å oppnå hovudmålet for risikoreduksjon.

Styrkje datagrunnlaget for restar av plantevernmiddel i småkulturar/utsette kulturar

Mattilsynet bør medverke til å sikre at datagrunnlaget i småkulturar / utsette kulturar til kvar tid er tilstrekkeleg for å kunne fastsetje grenseverdiar i høve til norsk landbrukspraksis.

Vidare bør Mattilsynet vurdere ordningar som kan lempe på tilgangen til preparat mot alvorlege planteskadegjerarar der alternative middel og metodar manglar.

Vurdere samfunnsnytte ved bruk av plantevernmiddel

Som underlag for godkjenning av plantevernmiddel bør Mattilsynet syte for at det blir gjennomført konsekvensanalysar med kost-nytte-vurderingar.

Slike vurderingar kan nyttast som grunnlag for å fastsetje kvantitative reduksjonsmål for bruken av plantevernmiddel.

Autorisasjon av forhandlarar og brukarar

Autorisasjonsordninga er eit av dei aller viktigaste verkemidla for å nå ut med informasjon og kunnskapsformidling som stimulerer motivasjonen, påverkar haldningsendringar og sikrar rett handtering og bruk av plantevernmiddel. Dagens obligatoriske autorisasjonsordning blir vidareførd.

I kursopplegget for autorisasjon av forhandlarar og brukarar bør det leggjast vekt på førebyggjande tiltak, alternative metodar og retningslinene for integrert plantevern.

Oppdatert informasjon om godkjende plantevernmiddel, medrekna bruksvilkåra, etikettar, HMS-datablad, åtvaringar m v, bør til kvar tid vere lett tilgjengeleg for brukaren. Dei aktuelle aktørane; Mattilsynet, forhandlarar, Planteforsk, forsøksringane m fl bør syte for at tilhøva blir lagde best mogleg til rette for å få dette til.

Når det gjeld databasen over alle personar som har autorisasjonsbevis, bør Mattilsynet følgje opp tiltaket overfor FMLA slik at databasen til kvar tid er oppdatert.

Funksjonstesting av spreieutstyr

Obligatorisk funksjonstesting av sprøyteutstyr kvart femte år blir vidareført og bør utvidast til å omfatte alt spreieutstyr.

Ordninga med testtilskott blir vidareført fram til 31 desember 2005, da alle åkersprøyter og traktormonterte tåkesprøyter som er i bruk, skal vere testa. Frå og med 2006 fell testtilskottet bort.

Ei betre samordning mellom funksjonstestinga og autorisasjonsordninga, effektiv kunnskaps-formidling og intensivert, målretta informasjonsarbeid bør sikre rett plantevern og rett bruk av spreieutstyret.

Sprøytejournal

Obligatorisk føring av sprøytejournal for yrkesmessig bruk av plantevernmiddel blir vidareførd. Sprøytejournal inngår også som ein del av miljøplanen.

Innsamling av ukurante plantevernmiddel

Innlevering av ukurante plantevernmiddel eller restar skal kanaliserast gjennom det etablerte spesialavfallssystemet, som har lokale mottak i heile landet.

Informasjon om den plikta brukaren har til å levere inn slikt avfall til spesialmottak, bør intensiverast.

Tilsyn og kontroll

Tilsyn og kontroll med lagring og bruk av plantevernmiddel vil bli intensivert, og brot på regelverket vil bli følgt opp med nødvendige sanksjonstiltak.

Kontroll av miljøplanen kan vere eit viktig underlag for det offentlege tilsynet og stikkprøvekontrollen.

Auka kunnskap og kompetanse hos brukaren og rettleiingstenesta

Auka kunnskap og kompetanse hos brukaren og rettleiingstenesta er nøkkelfaktorar for ein vidare reduksjon i risiko knytt til plantevernmiddel. Eit tettare samarbeid mellom forvaltning, forsking og sentrale aktørar innan rettleiingstenesta er viktig i denne samanhengen.

Bl a med grunnlag i spørjeundersøkinga retta mot norske bønder i 2002/03, bør følgjande tiltak gjennomførast:

  • Oppdatert og tilrettelagt kursmateriell for autorisasjon og integrert plantevern og lett tilgang på anna rettleiingsmateriell og informasjon om plantevern.
  • Målretta informasjon om tiltak for å hindre forureining av vassdrag.
  • Auka tilbod om kompetanseoppbyggjande kurs for rådgjevarar og forvaltningsetatar, med hovudvekt på risikoreduksjon, førebyggjande rådgjerder, alternative bekjempingsmetodar, integrert plantevern, økologisk landbruk m v.
  • Intensivert tilbod om lokale fagdagar for å auke kompetansen, utveksle erfaring og kontakt mellom yrkeskollegaer.
  • Målretta informasjon om plikta til å levere ukurante plantevernmiddel til godkjent mottak.
  • Sikre god informasjon til brukarane om førebyggjande rådgjerder og alternative bekjempingsmetodar, integrert plantevern og økologisk landbruk.

Integrert plantevern

Retningslinene for integrert plantevern bør stadig oppdaterast etter kvart som nye FoU-resultat ligg føre.

Innarbeiding av undervisninga om integrert plantevern i autorisasjonskursa bør i monaleg grad kunne betre formidlinga av denne kunnskapen til dyrkarar over heile landet og gjere det lettare å få sett retningslinene i integrert plantevern på agendaen.

Tiltaket bør følgjast opp og vidareutviklast. Rettleiingstenesta bør intensivere informasjons-arbeidet og opplæringa i integrert produksjon.

Varemottakarar bør krevje dokumentasjon på integrert produksjon frå leverandørane sine.

Landbruksmeteorologisk teneste (LMT)

Ei vel fungerande LMT er ein føresetnad for gjennomføringa av fleire sentrale tiltak i handlingsplanen, bl a skadetersklar, prognosar og varsling og integrert plantevern, medrekna alternative metodar.

Tiltaket bør følgjast opp og vidareutviklast. Samarbeidet med DNMI bør utvidast.

Skadetersklar, prognosar og varsling

Skadetersklar under ulike forhold og i ulike kulturar er eit viktig underlag for å utvikle gode og presise varsel. Det bør derfor satsast vidare på tiltaket.

Samarbeidsprosjektet mellom Planteforsk og Landbrukets Forsøksringer om den internett-baserte varslingstenesta VIPS har stor nytteverdi som støttefunksjon i satsinga på å auke presisjonen i plantevernrådgjevinga og fremje eit optimalt plantevern med minst mogleg risiko for helse- og miljø.

Samarbeidet om tiltaket er avgjerande for at tenesta skal fungere som eit praktisk verktøy for å nå måla i handlingsplanen. Ein legg derfor til grunn at samarbeidet held fram og blir styrkt for å effektivisere gjennomføringa av tiltaket.

Det nordiske samarbeidet om varslingstenester bør vidareførast; slikt samarbeid vil gi faglege synergieffektar og billegare dataløysingar.

Forsking og utvikling (FoU)

FoU-aktiviteten bør stimulerast som ledd i den langsiktige kunnskapsoppbygginga, i ei framhaldande satsing på tiltak som ytterlegare kan redusere risikoen for helse- og miljøskadar ved bruk eller redusere sjølve bruken av plantevernmiddel.

Det er særleg behov for å framskaffe data og modellar for risikovurderingar og kunnskap som kan medverke til å forklare årsakssamanhengar mellom bruk av plantevern­middel og funn i miljøet.

Både i høve til helse- og miljørisiko er det behov for å auke kunnskapen om moglege kombinasjonseffektar av ulike kjemikal. Slik forsking er av meir grunnleggjande karakter og bør søkjast realisert gjennom internasjonalt forskingssamarbeid.

Fleire viktige plantevernmiddel vil bli borte frå marknaden dei næraste åra. Det bør leggjast til rette for intensivert middelprøving, for om mogleg få tilgang på nødvendige plantevernmiddel i småkulturar / utsette kulturar, der ein står utan alternative metodar. Middelprøving er òg viktig for om mogleg å finne nye plantevernmiddel med mindre ugunstig helse- og miljøprofil enn dei som er på marknaden.

FoU med sikte på å auke kunnskapen om førebyggjande tiltak, alternative bekjempings-metodar, integrert plantevern og økologisk landbruk, bør intensiverast.

Økonomisk analyse av potensialet for redusert bruk av plantevernmiddel. Mattilsynet bør syte for at det blir gjennomført ein analyse av dei økonomiske konsekvensane av å redusere bruken av plantevernmiddel ved hjelp av kjende, førebyggjande og ikkje-kjemiske metodar, og behovstilpassa bruk av plantevernmiddel, som grunnlag for å fastsetje kvantitative reduksjonsmål.

Tiltaket bør gjennomførast i nært nordisk samarbeid til gjensidig nytte for dei deltakande landa, gjennom utveksling av erfaringar og data, og tilpassing av eigna modellar.

Overvaking

Resultat frå overvakingsprogramma syner at det er rom for betringar. Overvakings-programma har fleire viktige funksjonar, medrekna å gje tilbakemelding om godkjennings- og bruksvilkåra for plantevernmidla er akseptable, og å avdekkje slurv eller brot på regelverket.

Næringsmiddel

Det er eit overordna mål at maten er trygg. Eit effektivt overvakingsprogram for næringsmiddel er viktig både av preventive omsyn og for å oppretthalde tilliten hos forbrukaren.

Overvakingsprogrammet for næringsmiddel bør følgjast opp og vidareførast på minst noverande nivå. Søkjespekteret bør til kvar tid omfatte dei mest risikofylte plantevernmidla i bruk. Programmet for retta kontrollar og behovstilpassa, prosjektretta kartlegging bør styrkjast. Dette er effektive tiltak for å sikre at frambodet av matvarer, både norskproduserte og importerte, kan konsumerast utan helserisiko.

Overvaking av plantevernmiddelrestar i drikkevatn frå offentlege vassverk bør følgjast opp systematisk, for å sikre kontrollen over utviklinga framover.

Miljøet

JOVA-programmet har ein viktig rolle når det gjeld å dokumentere førekomst og lagnad til plantevernmidla i miljøet under norske forhold.

Overvakingsprogrammet bør følgjast opp og vidareutviklast i samsvar med behova i dei komande åra.

Søkjespekteret for restar av plantevernmiddel bør utvidast til å omfatte alle middel som har potensial for å påføre miljøet skade, medrekna lågdosemiddel og nedbrytingsprodukt.

Førekomst av restar av plantevernmiddel i dei nasjonalt viktigaste grunnvassmagasina bør kartleggjast.

Økonomi

Gjennomføringa av tiltak under handlingsplanen føreset finansiering over jordbruksavtalen i tillegg til ordinære løyvingar over statsbudsjettet.

Bakgrunnsinformasjon

Evaluering av handlingsplan for redusert bruk av plantevernmidler (1990-94).

Rapport fra arbeidsgruppe. 1998. – Landbruksdepartementet, 60 s + vedlegg.

(Forslag til) Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler (1998-2002). Rapport fra arbeidsgruppe. 1998. – Landbruksdepartementet, 53 s + vedlegg.

Handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler (1998-2002). Vedtatt av Landbruksdepartementet 7 oktober 1998, 11 s.

Evaluering av handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmidler (1998-2002). Rapport frå arbeidsgruppe. 2003. – Landbruksdepartementet, 47 s. + vedlegg.

Nordisk samarbeid for redusert bruk av pesticider. Førebels rapport frå nordisk arbeidsgruppe. 2003. – Landbrukstilsynet, 43 s.