Historisk arkiv

Kronikk: Vekstkrafta kjem nedanfrå!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Av: Departementsråd Olav Ulleren

Landbruket er ei mangfaldig næring. Målet er at heile breidda av landbruket sine ressursar blir teke i bruk og utnytta til beste for heile landet. I den samanheng treng vi gode lokale og regionale utviklingsarenaer, som kan gje kraft og retning til utvikling av landbruket som ei framtidsretta næring. Dette har Trøndelagsfylka lukkast godt med! ’Tenkeloft trøndersk landbruk’ er allereie blitt eit omgrep langt ut over Trøndelag. Her er det etablert ei solid plattform for utviklingsarbeidet på landbruksområdet, gjennom eit partnarskap mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen, Innovasjon Norge, kommunane og næringa sjølv.

Samspel i regionale og lokale partnarskap er særleg viktig for auka innovasjon og verdiskaping i landbruket. Breidda av landbruket sine ressursar gjer at samarbeid med andre sektorar, og erfaringar frå gode innovasjonsprosessar i andre bransjar både er verdfullt og naudsynt. Kompetanseoppbygging innanfor landbrukssektoren har alltid vore prega av sterk samhandling mellom forsking, næringsaktørar og forvaltning. Her er det truleg likevel mykje å gå på når det gjeld å styrkje samarbeidet mellom aktørane i lokale og regionale innovasjonssystem og kunnskapsmiljø. Med utgangspunkt i erfaringane frå m.a. landbruksinkubatoren i Verdal, er det teke initiativ til eit samarbeid mellom SIVA og landbruket om inkubatorar for mat- og landbruksbaserte verksemder. I dette ligg det og ei avtale som skal kople entreprenørar i inkubatorane tettare saman med dei natur- og landbruksfaglege miljøa på Campus Ås. Landbruks- og matdepartementet har ambisjonar om å stimulere til auka omfang av denne typen samarbeid mellom forsking, verkemiddelapparat og styresmakter framover.

I 2008 utarbeidde Trøndelagsfylka saman med dei andre kystskogfylka Melding om Kystskogbruket, og i desse dagar er ei felles landbruksmelding for Trøndelag i ferd med å bli ferdigstilt. All honnør til fylka for desse initiativa og til dei regionale partnarskapa for den innsatsen som er lagt ned i meldingsarbeidet! Eg vonar dette vil stimulere til ein engasjert landbrukspolitisk debatt lokalt og regionalt, og gje stø kurs i utviklinga av det trønderske landbruket framover.  Landbruksmeldinga vil vere ein viktig reiskap for lokal og regional skreddarsaum av innsats og verkemiddel, og eit naturleg utgangspunkt for samarbeid om tiltak og bruk av ressursar på landbruksområdet framover. Slike regionale oppspel vil og kunne gje grunnlag for å vurdere innretting av landbruket sine verkemiddel, og vurdere nye verkemiddel som kan høve for sektoren. I den samanheng vil Landbruksmeldinga for Trøndelag vere eit viktig bidrag inn i arbeidet med regjeringa si landbruksmelding, som skal starte opp ganske snart.

Frå 1. januar 2010 får fylkeskommunane ei viktig rolle som regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet, og eit medansvar for gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken. Dette er eit viktig signal til fylkeskommunane om å engasjere seg for auka verdiskaping i landbruket. Fylkeskommunane skal bidra til å løyse ut den lokale vekstkrafta og stimulere til auka utnytting av regionale føresetnader og ressursar. Gjennom dei lokale og regionale utviklingsarenaene som er etablert i Trøndelagsfylka, burde fylkeskommunane ha dei beste føresetnader for å kunne ha ei slik aktiv rolle på landbruksområdet i Trøndelag.

Landbruks- og matdepartementet og KS har nyleg blitt samde om å vidareføre samarbeidet om nærings- og landbrukspolitikk i kommunesektoren for tre nye år, frå 2010-2012. Vidareføringa av samarbeidsavtala skal styrkje og underbyggje regjeringa si satsing på lokal nærings- og samfunnsutvikling og kommunesektoren som landbrukspolitisk aktør. Vekstkrafta kjem nedanfrå. Kommunane si evne til å ta initiativ og lyfte fram den kreative krafta er avgjerande for utviklinga i landbruket og i det enkelte lokalsamfunn. Frå sentralt hald er vi opptekne av å støtte opp under den lokale utviklingskrafta, godt hjelpt av regionale styresmakter og utviklingsarenaer.