Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Aust-Agder 2/2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Aust-Agder er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om situasjonen etter skogbrannen i Mykland.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Aust-Agder er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette nummeret inneheld mellom anna ein artikkel om situasjonen etter skogbrannen i Mykland. 

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Etter skogbrannen i Mykland

30 000 m3 skal være hogd til 1. november, og en prosess omkring frivillig barskogvern pågår.

Skogbrannen i Mykland i Froland kommune brøt ut mandag 9. juni og raste hele uka til den kom under kontroll lørdag 14. juni. Resultatet ble den største skogbrannen i Norge i nyere tid. Det brant et totalareal på ca. 26 000 dekar. Av dette var ca. 19 000 dekar produktiv skog, det alt vesentlige furuskog i lav og middels bonitet. Andelen ungskog i hogstklasse 2 og 3 utgjorde hele 50 prosent av det produktive arealet. Til sammen tolv skogeiere ble mer eller mindre berørt.     Etter skogbrannen. Foto: Jens Arild Kroken
Sentrale deler av brannområdet. Mykland sentrum i bakgrunnen. Foto: Jens Arild Kroken

 

Miljøhensyn og områder for frivillig barskogvern
AT Skog BA har hatt fagsamlinger i brannområdet for sine entreprenører. Retningslinjer for hogstarbeidet, med de spesielle hensyn som kreves i forhold til Levende Skog-standardene, er utarbeidet. Det er i tillegg gjort ekstraordinære feltregistreringer av kulturminner i brannområdet.

Sju av de tolv skogeierne har meldt inn tilbud om to områder til vurdering for frivillig barskogvern med et samlet areal på ca. 9 000 daa. Fylkesmannen har satt i gang arbeidet med de biologiske registreringene for å vurdere de naturfaglige verdiene.

Hogsten er i gang
De foreløpige prognosene for aktuelt hogstkvantum lyder på inntil 80 000 m3. AT Skog BA organiserer og utfører driftsoppdragene. Det er foreløpig gjort avtale om avsetning på 30 000 m3, med Bergene Holm-konsernet om kjøp av skurtømmeret og Norsk Biobrensel AS om massevirkeandelen. Dette kvantumet skal leveres så raskt som innen 1. november i år. Det betyr stor aktivitet for tiden med 6 driftsentreprenører i arbeid. Det er områdene med mest skurtømmer (hogstklasse 4 og 5) som skal prioriteres i første omgang.

 

   

 

Hogsten er i gang. Foto: Jens Arild Kroken
Brannen var meget kraftig i store deler av området, og det gikk svært hardt utover mye av ungskogen.
Foto: Jens Arild Kroken

Stor interesse for å starte med juletre

Eit nytt prosjekt innan produksjon av juletre og nobelbar er i gong på Agder. Det er positive framtidsutsikter for juletrenæringa. Prisane har gått opp, og marknaden er stor og god.

Oppbygginga av juletreproduksjon i Aust- og Vest-Agder er godt i gong. Hovudtreslaget som blir planta er nordmannsgran, men talet på fjelledelgran er på veg oppover. Klimaet for nordmannsgran er godt i begge Agder-fylka når det blir valt rett proveniens på rett plass. Agder har også eit godt klima og eigna stader for produksjon av fjelledelgran. - Her ligg eit potensiale for eksport til Europa frå Agder og Rogaland, fordi kontinentet ikkje har eigna klima til produksjon av fjelledelgran sjølv, seier prosjektleiar Terje Pundsnes i Norsk Pyntegrønt Forsøksring.

Det er no starta eit treårig prosjekt for å heve kvaliteten på det ferdige produktet som går ut til forbrukar. Ein vil også arbeide med å auke kunnskapen blant dyrkarane på ein del område i produksjonen. Produsentane må få ein sterkare tilknyting til marknaden og tilpasse seg kundane.  Produsentane eig prosjektet gjennom Agder Pyntegrøntlag og Norsk Pyntegrønt Forsøksring. Det er finansiert med eigenbetaling frå produsentane og med Bygdeutviklingsmidlar.

   
Prosjektleiar Terje Pundsnes. 
Foto: Roar Flatland

 

Setesdal vil bli Spelsaudalen

Spelsau i Setesdal logoSetesdal redda spelsauen den gongen den heldt på å verta utkonkurrert av tyngre, engelske rasar. No vil Setesdal regionråd gjera spelsauen til eit varemerke for Setesdal. Dalen har engasjerte sauebønder og sterke tradisjonar innan husflid og lokal mat. Føresetnadene for å få til næringsutvikling kring denne gamle sauerasen skulle difor vera gode.

Spelsauen er kjent for si glansfylte, fine ull og vert rekna for å vera kunsthandverk-sauen. Men ein kan også laga mange andre slag tekstilar ut frå fellen til den allsidige spelsauen. Andre føremoner ved denne gamle rasen er at den er fruktbar og mjølkar godt. Dessutan er spelsauen eit hardført flokkdyr og står seg betre mot rovdyr enn ein del andre rasar.

Bringebærsatsing i potetbygda

Reddal i Grimstad er kjent som den store tidlegpotetbygda. No ønskjer nokre av bøndene her å ha fleire bein å stå på. Dei har starta opp med bringebær av den skotske sorten Glen Ample som har store, haldbare bær. Produsent John Gaute Lunden fortel om ein god sesong allereie første året på sine 10 dekar med bringebær. Etterspurnaden er langt større enn tilbodet. Men produksjonen er ikkje utan skjær i sjøen. I naboane sine bringebærfelt som ligg lågare, vart frosten for hard i påska. Knoppane fraus, og avlinga blei minimal. Til neste år vonar Reddals-bøndene å dekka etterspurnaden med full produksjon også på desse felta. Klaffar alt, vil bygda produsera på 30 dekar og levera 50 tonn bringebær i 2009.

     Jon Gaute Lunden Foto: Leif Lohaugen
John Gaute Lunden er ein ung og dyktig gardbrukar som i tillegg til bringebær driv med produksjon av tidligpotet og kål saman med far sin, Knut Salve Lunden.
Foto: Leif Løhaugen

Betydelig strukturrasjonalisering i Aust-Agder-jordbruket

I Aust-Agder er brukene mindre enn landsgjennomsnittet, men fylket har hatt en større prosentvis økning i bruksstørrelsen de siste årene enn landet ellers. Dette henger sammen med større avgang i antall bruk. I 2007 var gjennomsnittlig bruksstørrelse i Aust-Agder 159 dekar. Dette er nesten 50 prosent mer enn i 2000. Antall driftsenheter er redusert med 36 prosent i samme periode. Strukturrasjonaliseringen i næringen har med andre ord vært betydelig etter årtusenskiftet.

Jordbruksarealet i Aust-Agder er redusert med 4 prosent fra 2000 til 2007, mot 1 prosent i gjennomsnitt på landsbasis. Det er vanskelig å opprettholde jordbruksarealet når dyretallet går ned. Det grovfôrbaserte husdyrholdet i fylket er redusert med 16 prosent fra 2000 til 2007 målt i antall storfeenheter. Dette betyr at det ligger en stor utfordring i å opprettholde kulturlandskapet i deler av Aust-Agder. Flere beitedyr er ønskelig i fylket.