Fylkesnytt frå Aust-Agder 2/2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 10.06.2009
Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Aust-Agder er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, som mellom anna fortel om rekordtidleg potetopptak i fylket. 27. mai starta opptaket i tidlegpotetbygda Reddal i Grimstad.
Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Aust-Agder er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, som mellom anna fortel om rekordtidleg potetopptak i fylket. 27. mai starta opptaket i tidlegpotetbygda Reddal i Grimstad.
Samordnet nettsatsing
Fylkesmannens landbruksavdelinger og Landbruks- og matdepartementet har inngått samarbeid om en felles nyhetstjeneste på nett. Tiltaket er et ledd i arbeidet med å videreutvikle og samordne nettsatsingen mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Hvert fylke vil komme ut med et nettbasert nyhetsbrev i halvåret.
__________________________________
Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er Kongens og regjeringens representant i fylket og skal arbeide for at Stortingets og regjeringens vedtak, mål og retningslinjer blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver i forhold til kommuner og enkeltpersoner, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.
- Rekordtidleg potetopptak
- Skandinavisk gründerkonferanse for kvinner
- Med matservering og lafting som næring
- Landbruksmesse under utvikling
- Mange deltidsbruk og låge jordbruksinntekter i Aust-Agder
Rekordtidleg potetopptak
27. mai starta opptaket i tidlegpotetbygda Reddal i Grimstad.
Dei første potetene av sortane Juno og Berber vart sett i jorda 21. mars i år. Juno stakk av med sigeren i år som tidlegare år. Reddal fellespakkeri tek imot tidlegpotet frå omlag 900 dekar fordelt på 13 produsentar. Det meste av jorda vert dekka med plast og fiberduk. Dei første potetene som gjekk ut til forbrukarane denne sesongen fekk to lag duk over seg.
Rekordtidleg potetopptak. Foto: Reddal fellespakkeri.
Fellespakkeriet har ein produksjonsavtale med Gartnerhallen på 1780 tonn og forventar ei avling i overkant av dette i år. Tidlegpotetsesongen varer til rundt 10. august. Potetene vert pakka same dag som dei er hausta. For å få eit ferskast mogeleg produkt ut til forbrukaren startar haustinga allereie kl. 5 om morgonen og pakkinga er i gang kl. 07.00.
Tidlegpotetbygda Reddal i Grimstad. Foto: Johnny Foss
Skandinavisk gründerkonferanse for kvinner
- Skaff deg eit profesjonelt nettverk, og bruk det rått!
Dette var gjennomgangstonen under oppstartskonferansen til prosjektet Women in business i Arendal 27. - 28. mai. Konferansen hadde tittelen ”Grensesprengende samarbeid” og samla 90 deltakarar frå Noreg, Sverige og Danmark. I tillegg til mange interessante foredrag fekk deltakarane også tilbod om studieturarar til velvere-, mat- og opplevingsbedrifter på Sørlandet.
Hardt arbeid og sterk tru
Mellom foredragshaldarane som snakka varmt om nettverk var Elin Ørjaseter, investoren Camilla Andersson, Betina Kühn frå Skagen Food og Birgit Løitegaard frå Arts & Crafts. Fleire av desse heldt også fram at ein gründer må vera viljug til å arbeida mykje og ha stor tru på ideen sin. Ho må ikkje tvila og tenkja for mykje på risikoen.
Andersson hevda at i vurderinga om eit konsept er liv laga er personen viktigare enn ideen. Ho heldt også fram at eit profesjonelt styre er ei lønsam investering når ei verksemd skal startast. Gründeren bør trekkja inn i styret dyktige folk med ein annan kompetanse enn sin eigen, ikkje berre familiemedlemar. Ørjasæter la også vekt på ufyllande kompetanse. Gründerar må bli flinkare til å setja bort meir av oppgåvene og bruka eiga tid på det dei sjølve er gode til.
Kjønnsskilnader
Mariah ben Salem frå Drivhuset Göteborg snakka om skilnader på kvinnelege og mannlege gründerar. Kvinner er kjent for å starta verksemder med ein arbeidsplass til seg sjølv medan menn ofte satsar meir og tilset fleire. Trond-Viggo Torgersen karikerte kvinner og menn sin ulike måte å kommunisera på. Ulikskapane gjer at ei blanding av begge kjønn på ein arbeidsplass skaper best resultat.
Med matservering og lafting som næring
Ann Iren Sætra og Halvor Skjerkholt har bygd opp en levevei for seg selv og fem ansatte på gården Skjerkholt i Tvedestrand. Det er et typisk mangesysleri på gården med baking, servering og laftebedrift i tillegg til tradisjonelt jord- og skogbruk.
- Det er en hektisk hverdag med dyr, lafting og matservering, men det er slik vi vil ha det, sier Ann Iren og Halvor. For noen år siden hadde de en drøm om å utvide næringsvirksomheten på egen gård. Halvor ville utvide laftebedriften mens Ann Iren ville starte med servering av kortreist mat. Halvor meldte seg på et grindverks-kurs, og det tok ikke lang tid før han syslet med planer om å ha et kombinert næringsbygg i grindverk for lafting og servering. Han hentet grovt furutømmer i egen skog og reiste et flott bygg som i dag er arbeidsplass for ekteparet og fem ansatte fra bygda. |
Ann Iren Sætra serverer brød bakt i egen bakerovn. Foto: Roar Flatland |
Gården ligger litt utenom allfarvei i Tvedestrand kommune på grensa til Vegårshei. Likevel strømmer besøket på hos Ann Iren Sætra i det nyåpna serveringsstedet Eldhuset. Her serverer hun tradisjonell mat som lages fra bunnen fortrinnsvis med råvarer fra området.
Halvor setter opp hytter og hus og bygger kaier og damanlegg. Han er en anerkjent håndverker innen restaurering og liker å ta på seg litt spesielle oppdrag. I tillegg til egen laftehall har han båndsag slik at han får saget opp grovt furutømmer til lafteplank. Han har også et godt samarbeid med nabogården som også har egen gårdssag.
Landbruksmesse under utvikling
Landbrukets Dag har blitt til ”Naturligvis - landbruk, mat og opplevelser på Agder”.
Frå 2009 er det sett i gang eit utviklingsprosjekt med mål om å profilera næringar innan landbruk, matkultur, bygdenæringar, landbruksbasert reiseliv og opplevingar på Agder. Messa i år blir på Evjemoen 14. - 16. august.
Bondelaga på Agder har arrangert Landbrukets Dag i over 50 år. Dei siste fem åra har arrangementet vore på Evjemoen. I 2008 hadde messa 96 utstillarar og over 5000 besøkjande. No har den skifta namn til Naturligvis, og eigarskapen har gått over til den nystarta foreininga Landbrukets Dag BA. Foreininga har 25 landbruks- og bygdetilknyta lag og foreiningar frå heile Agder.
Mange deltidsbruk og låge jordbruksinntekter i Aust-Agder
Gjennomsnittsbonden i Aust-Agder hentar låge inntekter frå jordbruksdrifta. Om lag halvparten tek under 10 prosent av inntekta si frå jordbruk. Men biletet er samansett.
Aust-Agder tilhøyrer ein region der jordbruket til dels er ei sårbar næring. Her er utfordringar med å halda kulturlandskapet ope som følgje av fallande dyretal i delar av fylket. På ei anna side har Aust-Agder store jordbrukskommunar som Grimstad og Arendal. I Grimstad-området har me mellom anna ei betydeleg verdiskaping innan potet- og grønsaksproduksjonen.
Me har sett nærare på tal for næringsinntekt i 2007 henta frå Statistisk sentralbyrå.
Store skilnader mellom driftsformene
Gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk i 2007, kr.
Driftsform* |
Aust-Agder |
Heile landet |
Korn og oljevekstar |
57 524 |
68 435 |
Andre jordbruksvekstar (t.d. grovfôr for sal, engfrø, potet) |
53 114 |
117 695 |
Hagebruksvekstar |
287 453 |
187 371 |
Storfe mjølkeproduksjon |
182 234 |
225 840 |
Storfe kjøttproduksjon |
71 359 |
87 493 |
Storfe mjølke- og kjøttproduksjon i kombinasjon |
271 804 |
257 890 |
Sau |
62 594 |
64 007 |
Blanda sau/storfe og andre grovfôretande dyr (t.d. hest) |
39 141 |
99 197 |
Svin og fjørfe |
111 108 |
319 602 |
Blanda planteproduksjon (både hagebruks- og jordbruksvekstar) |
173 830 |
205 875 |
Blanda husdyrproduksjon (både svin/fjørfe og grovfôretande dyr) |
132 378 |
283 067 |
Plante- og husdyrproduksjon i kombinasjon |
82 109 |
166 404 |
I alt |
98 897 |
136 316 |
* Bruket vert plassert i ei gruppe med einsidig produksjon når minst 2/3 av dekningsbidraget kjem frå denne produksjonen. Alternativt vert det plassert i den gruppa med blanda produksjon der minst 2/3 av dekningsbidraget kjem frå dei aktuelle produk-sjonane.
Næringsinntekta er lågast hjå produsentar med jordbruksvekstar, storfekjøt eller sau. Reine hagebruksgardar og kombinerte mjølke- og kjøtproduksjonsbruk kjem ut med høgast næringsinntekt i Aust-Agder. Skiladane skuldast både ulik bruksstorleik og ulik lønsemd i produksjonane.
Inntektstala frå 2007 viser at 34 prosent av bruka i Aust-Agder går utan overskot på jordbruksdrifta. På landsbasis er talet 25 prosent. Dette forklarar mykje av reduksjonen i tal bruk siste åra. Til dømes er det 46 prosent færre sauebruk i Aust-Agder no enn for ti år sidan, og tal sauer er redusert med 38 prosent.
I underkant av 40 prosent av jordbruksføretaka i Aust-Agder er på over eit årsverk, og 10 prosent av desse er på over to årsverk. Berre 12 prosent tente over 250 000 kr på jordbruksdrifta i 2007.