Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Her finn du i mellom anna ein sak om eit internasjonalt bioenergiprosjekt som kan gi lokale resultat i fylket. Bioenergiprosjektet enerCoast starta opp hausten 2008 og skal gå i 4 år.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Her finn du i mellom anna ein sak om eit internasjonalt bioenergiprosjekt som kan gi lokale resultat i fylket. Bioenergiprosjektet enerCoast starta opp hausten 2008 og skal gå i 4 år.


Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Fokus på ridestiar

Stadig fleire bønder ser at det ligg eit inntektspotensial i hestehald. Særleg i tettfolka område av landet ligg det godt til rette for denne næringa. Men omfanget av ridestiar er i dag altfor lite og ofte avgrensa til den enkelte eigedommen. I prosjektet Hest i næring blir det difor ei viktig oppgåve å få på plass eit variert nettverk av nye ridestiar.

Det er opna opp for at bønder kan søkja om støtte til opparbeiding av ridestiar i SMIL-ordninga. Søknaden skal rettast til kommunen. Ein føresetnad for slik støtte er at ridestiane kan nyttast til riding av alle med hest i området. Opparbeiding av ridestiar må sjåast på som eit tidkrevjande og langsiktig arbeid, men vi reknar etterkvart med å få utvikla gode prosedyrar i samarbeid med grunneigarar, rideklubbar, kommunar og andre organisasjonar.

Studietur
Fylkesmannen arrangerte studietur om ridestiar til Danmark 9. - 11.juni 2009. Deltakarar var hestemiljøet, derav bønder som driv med hest som næring, kommunar, skular, Jæren friluftsråd, Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen. På Nord-Jylland har det sidan 1995 vore fokus på utvikling av ridestiar. Det gjekk nokre år før ein fekk dei første avtalane med grunneigarar og konkrete ridestiar blei etablert, men i løpet av dei siste 8-10 åra er det opparbeidd om lag 100 km med ridestiar.

          På studietur til Nord-Jylland. Foto: Birger Aasland
På studietur til Nord-Jylland.
Foto: Birger Aasland

På turen fekk vi informasjon om korleis danskane arbeider med ridestiar - både organisering, prosessen med planlegging, avtalar med grunneigarar, skilting osv. I avtalen inngår m.a. erstatning til grunneigar. Grunneigar får utbetalt ei relativt lita erstatning i form av eit eingongsbeløp. Vidare blir avtalen tinglyst av kommunen og gjeld på ubestemt tid. Ridestiane er godt merka med skilt.  Med omsyn til slitasje på ridestiar, er det avhengig av underlag og trafikkmengde. Vi fekk sjå ein ridesti som har blitt nytta fleire år der slitasjen var relativt liten.

Utviklingsprosjekt
Landbruks- og matdepartementet meiner det er gode høve for å tena pengar på hestehald, og at det kan vera eit fint tillegg til andre produksjonar i landbruket. Det er stigande interesse for hest og aktivitetar knytt til hest. Fylkesmannen i Rogaland har gjennomført eit forprosjekt og laga ein rapport om næringsmessig satsing på hest.

Vidare har Fylkesmannen etablert eit treårig utviklings- og tilretteleggingsprosjekt, 2007-2009, med fem satsingsområde:

  1. Tilrettelegging for hesteriding og opparbeiding av eit variert nett av ridestiar 
  2. Motiv for riding som fritidsaktivitet og terapi 
  3. Gjennomføre ein økonomisk analyse av hestebruk 
  4. Saman med forsøksringen utarbeida ein dyrkingsmanual for kvalitetshøy til hest samt fokus på hesten som beitedyr og kulturlandskapspleiar 
  5. Kompostering av hestegjødsel på garden.

NILF (Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking) har gjennomført ein økonomisk analyse på fire gardsbruk med hest i Rogaland. Konklusjonen er at hestebruk kjem godt ut samanlikna med andre produksjonar i landbruket. Høyet til rogalandshesten må vi ta sikte på å produsera i vårt fylke. I første omgang blir det praktiske utprøvingar av ulike grasslag, haustetid og gjødsling. Hestegjødsla inneheld vanlegvis store mengder strø og er dermed godt eigna for kompostering. Ei toårig utprøving blir gjort på eit gardsbruk i Sandnes. IRIS (International Research Institute of Stavanger) har ansvaret for gjennomføring og vil utarbeida ein rettleiar for kompostering og bruk av komposten.

Kontaktperson: Birger Aasland,  tlf. 51 56 89 87.
 
 

Skogbruk for framtida

Prosjekt ”Verdiskaping og CO2-binding i rogalandsskogbruket” er under oppstart. Skogen i Rogaland har stort potensial både til verdiskaping og til opptak av CO2. Målet er ei dobling av verdiskapinga innan 2020, noko som også vil leggja til rette for ei formidabel auka binding og lagring av CO2.

Prosjektet er komme i stand som ei oppfølging av Melding om kystskogbruket og Handlingsplan for skogbruket i Rogaland som fylkestinget har vedtatt å utarbeida.

Målsetjingar
Viktige arbeidsoppgåver blir å utarbeida strategiar for auka avverking, større opptak og lagring av CO2 i skog gjennom lokal foredling og produksjon og bruk av bioenergi. Her blir det viktig å leggja til rette for betre infrastruktur, både på skogareala og utbetring av flaskehalsar på offentleg vegnett. Å sikra forynging med kvalitetsskog etter hogst blir ei anna viktig oppgåve i eit fylke med lite tradisjon for skogbruk.

Mykje av arbeidet i prosjektet vil også vera klimabasert, bl.a. ved større merksemd retta mot å sikra større opptak av CO2 i skogen og å byta ut mindre miljøvennlege byggjeråstoff og energiberarar med fornybart råstoff frå skogen.

Prosjektet skal arbeida for meir kortreist trelast ved å auka den lokale foredlingskapasiteten. Det er stor import av trelast til fylket, og eksempelvis Stavanger har stort behov for lokalt trevirke til restaurering av den gamle trehusbyen.

    Storgran. Foto: Lars Slåttå
Storgran. Foto: Lars Slåttå

Det skal også lagast strategiar for kompetanseheving i alle ledd, både i verdikjedene og i tiltaks- og forvaltningsapparatet. Det skal også arbeidast med å få på plass felles kommunikasjonsstrategi for skognæringa i Rogaland.

Rogaland er deltakar i fleire fellesprosjekt i regi av Kystskogbruket. Prosjektet vil også få som oppgåve å koordinera den regionale oppfølginga av desse fellesprosjekta.

Granfelt i Sandnes. Foto: Lars Slåttå
Granfelt i Sandnes. Foto: Lars Slåttå

Organisering
Det treårige prosjektet er eit breitt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunar, skognæringa og Fylkesmannen. Fylkesmannen er prosjekteigar og prosjektansvarleg og vil delta aktivt gjennom ei intern arbeidsgruppe. Finansieringa er i hovudsak ordna gjennom regionalt utviklingsprogram (RUP), men også Ryfylkefondet, kommunar og næringa løyver midlar til prosjektet.

Prosjektstyring skjer gjennom ei styringsgruppe med representantar frå fylkeskommunen, skognæringa, kommunalt tiltaksapparat og Fylkesmannen. Referansegrupper og arbeidsgrupper blir utpeika etter behov

Kontaktperson: Lars Slåttå, tlf. 415 67 572. 
 
 

Felles løft for sauehaldet i Rogaland

Landbruksdirektøren i Rogaland tok for snautt 2 år sidan initiativ til etablering av eit større kvalitets- og kompetanseprosjekt for sauehaldet i Rogaland. Sauenæringa står overfor store utviklingsutfordringar, og med det også fleire positive utsikter for produksjons- og marknadsmessige løysingar.

Frå hausten 2007 og fram til no har sauenæringa sjølv, slakteria og det regionale partnarskapet hatt ein prosess for å få reist eit større prosjekt. Det nye prosjektet, ”Auka produksjon i sauehaldet i Rogaland, 2009 - 2012”, har god forankring og eigarskap i næringa, og alle slakteria i fylket er med i samarbeidet.

Sau på beite. Foto: Fylkesmannen i Rogaland.
Sau på beite. Foto: Fylkesmannen i Rogaland.

Rogaland har om lag 20 prosent av sauene i landet, og prosjektet sitt hovudmål er å auke tal vinterfôra sau med 5% og avdråtten med 15 prosent. Ressursane i prosjektet skal i all hovudsak nyttast til rådgiving overfor bøndene, det vere eksisterande sauebønder eller nye som vil starte opp med sau. Vi meiner ein vil nå hovudmålet i prosjektet gjennom dei kompetanse- og kvalitetsretta tiltaka det er lagt opp til.

Sauen er  ein viktig matprodusent og viktig for dei fine kulturlandskapa vi så ofte tek for gitt skal vere slik - også i framtida. Og så er det slik at vi i framtida ikkje skal ta for gitt at det er sauebønder nok til å produsere ønska mengde. Analysar vi har gjort viser mellom anna at av dei sauebøndene i Rogaland som hadde sau som einaste husdyrproduksjon i 1991 hadde 59 prosent slutta fram til 2007. Gjennomsnittleg nedgang for alle bruk i fylket i same tidsrom er 40 prosent. Vi må unngå at sauehaldet blir ei typisk sistefase-næring. Det er mange gode grunnar for eit felles løft for sauehaldet!

Kontaktperson: Geir Skadberg,  tlf. 51 56 89 92.
 
  

Internasjonalt bioenergiprosjekt kan gi lokale resultat

Bioenergiprosjektet enerCoast. BlueGreen Coastal Energy Community starta opp hausten 2008 og skal gå i 4 år. Dette er eit prosjekt innan Interreg IVB programmet, og deltakande land er England, Tyskland, Sverige, Danmark og Noreg. Norsk hovudpartnar er Ryfylke IKS med Fylkesmannen som medspelar. I Ryfylke vil prosjektet motivere til kombinerte bioenergianlegg, med bruk av både flis, gjødsel og anna organisk avfall.

Aktivitetane i prosjektet skal rette seg inn mot EU sine mål om bruk av fornybar energi innan 2020. Viktige fasar i prosjektet er m.a. mobilisering innan dei deltakande regionane, systematisk analyse og planlegging av aktuelle forsyningskjeder (basert på Sustainable Supply Chain Management, SSCM-metodikk), utarbeiding av forretningsplanar og analysar av lønsemd i regionale prosjekt og studieturar.

Berekraftige indikatorar skal vere dei raude trådane i heile prosjektet. Det er interessant i seg sjølv sidan utgangspunktet i dei deltakande landa er svært ulike. Som eksempel: Fuel or food? I Noreg prioriterer vi matjorda til matproduksjon, medan maisdyrking til produksjon av straum og varme er lite omstridt i Tyskland. Det blir interessante og lærande diskusjonar når ulike land med ulike rammevilkår og politiske prioriteringar møtast!

Biogass Åna fengsel. Foto: Geir Skadberg
Biogass Åna fengsel. Foto: Geir Skadberg

Ryfylke
Kva har vi gjort i Ryfylke? Ryfylke har stort potensial innan bioenergi. Så langt har det vore størst fokus på bruk av skogressursane. Hausten 2008 blei Kisoll-prosjektet ”Bioenergi i Ryfylke” avslutta. Eit prosjekt som i all hovudsak satsa på motiverings- og informasjonstiltak overfor kommunane i regionen med skogressursane som utgangspunkt.

Nettverket frå Kisoll-prosjektet blir no teke med inn i enerCoast-prosjektet. I tillegg er det etablert nettverk innan biogass, basert på husdyrgjødsel og anna organisk avfall. Vi ønskjer at aktuelle bioenergiprosjekt i enerCoast også skal tenkje kombinerte anlegg (flis/gjødsel/organisk avfall). Produkta kan då bli både gass, straum og varmt vatn. Og i tillegg bør bioresten kunne nyttast til fleire viktige og kommersielle produkt.

I Ryfylke har vi hatt fellesmøte med aktørar som ønskjer å utgreie bioenergiprosjekt. Vi har mellom anna eit familiebruk som ønskjer eit småskala gjødsel-/kloakk-basert anlegg, ei mjølkesamdrift som vurderer produksjon av varme til ei nærliggjande bedrift, eit gartneri som ønskjer flisbasert energi til oppvarming av veksthus og eit større prosjekt i Finnøy. Per i dag er det prosjektet i Finnøy som er komme lengst. Bioenergi Finnøy AS blei stifta 17. juni d.å. og første mål er å skaffe grunnlag for å ta vidare vegval gjennom eit forprosjekt. Prosjektet vil m.a. ta utgangspunkt i ressursane på sjølve Finnøy. Her er det mellom anna totalt 31.000 m3 husdyrgjødsel, samt anna tilgjengeleg organisk avfall. Eitt av måla er å få produsert grøn energi til gartnerinæringa. 

Elles har det blitt arrangert fleire møte og studieturar lokalt og internasjonalt. Ryfylke IKS var no i juni vertskap for det tredje prosjektmøte i enerCoast. Då vi reiste rundt i Ryfylke, himla tyskarane med auga. Kratt og skog såg dei så utruleg mykje av - her har de nok av ressursar å ta av, sa dei!

Kontaktperson hos Fylkesmannen: Geir Skadberg, tlf. 51 57 89 92.
 
  

Inntekt og formue hos bønder i Rogaland

Fylkesmannen har gjort ein enkel analyse av utvikling i inntekt og formue hos bønder i Rogaland. Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at det er store regionale forskjellar i rogalandsbøndene si inntekt og formue. I analysen har vi tatt med inntekta til eventuell sambuar og ektefelle.

Næringsinntekt
Det er Jæren som har dei beste resultata når det gjeld næringsinntekt frå landbruket. Vi definerer  næringsinntekt som skattemessig overskott frå næringsverksemd. På Jæren er næringsinntekta per driftseining i 2007 kroner 367.000 i snitt. Klepp kommune toppar statistikken med eit snitt på kroner 423.000.

Haugalandet har i 2007 den lågaste næringsinntekta frå landbruket med kroner 134.000 per driftseining. I Dalane, Ryfylke og Nord Jæren var næringsinntektene på kroner 175.000, kroner 194.000 og kroner 244.000 same året.

Det er i augnefallande at Bjerkreim scorar langt over gjennomsnitt i sin region, medan Sauda ligg langt under snittet i sin region. Alle regionane samla synte ein liten auke i næringsinntekter frå 2002 til 2007 på 11 prosent.

 

Næringsinntekt per driftsenet etter kommune og region
Graf: Næringsinntekt per driftsenet etter kommune og region 

Bruttoinntekter
Bruttoinntekter omfattar alle lønnsinntekter, pensjonar og kapitalinntekter til bonden og eventuell ektefelle/sambuar. Nord-Jæren hadde i 2007 dei høgaste bruttoinntektene med eit snitt på rundt kr. 897 000 og i Dalane den minste bruttoinntekta i snitt per driftseining med kroner 632.000. Eksepsjonelt store bruttoinntekter fann ein i Randaberg, med eit snitt på ca. kroner 1,2 mill i 2006 og 2007. Dette gjer at gjennomsnittet i denne regionen var såpass høgt. På Jæren, Haugalandet og i Ryfylke var bruttoinntektene per driftseining i 2007 høvesvis 808.000, 642.000 og 770.000 kroner. Nesten alle kommunane hadde ein auke i bruttoinntekter per driftseining i løpet av perioden 2002 - 2007. I snitt var denne auken på 35 prosent.

Forholdet mellom næringsinntekter og bruttoinntekter gir innsikt i kor mykje av bonden sine totale inntekter som kjem frå sjølve gardsdrifta. Dess høgare denne prosenten er, dess meir økonomisk avhengig er bonden av gardsdrifta. Høgast prosent i 2007 var på Jæren med 45 prosent og lavast på Haugalandet med 21 prosent. Mellom 2002 og 2007 har delen næringsinntekter av totale bruttoinntekter gått ned i nesten alle kommunane, noko som tyder på at bøndene (inkl. ektefelle/sambuar) får stadig meir inntekter frå verksemd utanom landbruket.

 

Graf Nettoformue
Nettoformue
Nettoformuen er definert som skattemessig bruttoformue fråtrekt gjeld. Den låg i 2007 i snitt på kr 1,1 million i Rogaland. Størst nettoformue finn ein på Nord-Jæren og spesielt i Sola og Randaberg, der den låg på høvesvis 2,854 millionar og 2,680 millionar kroner. Lågaste nettoformue fann ein på Haugalandet med eit snitt på kroner 706.000. Nettoformuen auka i nesten alle kommunane i periode 2002 og 2007. Størst auke hadde Nord-Jæren (79 prosent). Når det gjeld Dalane, Jæren, Ryfylke og Haugalandet hadde dei ein auke på respektive 28, 20, 47 og 39 prosent.

 

Graf Gjeld 

Gjeld
Gjelda til landbruksbedriftene i Rogaland har gått betrakteleg opp i perioden 2002 til 2007. Spesielt var auken i gjeld stor frå 2004 til 2006. I heile perioden hadde gjelda ein gjennomsnittleg auke med 72 prosent. Nord-Jæren hadde den største auken på 87 prosent, medan Haugalandet hadde den minste auken på 62 prosent.

Kjelde: SSB «Bondens inntekt og formue» 2002, 2004, 2006, 2007 (tilsendt av Anne Snellingen Bye og Anne Ingun Løvberget februar - april 09)

Kontaktperson: Aart Magnussen, tlf. 51 56 89 63.