Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 08.07.2009
Fylkesnytt: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Reiseliv og oppleving er eit viktig satsingsområde i Sogn og Fjordane, og kring 1/3 av bygdeutviklingsmildane i Sogn og Fjordane går til tilretteleggingstiltak.
Fylkesnytt: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Reiseliv og oppleving er eit viktig satsingsområde i Sogn og Fjordane, og kring 1/3 av bygdeutviklingsmildane i Sogn og Fjordane går til tilretteleggingstiltak. Bruken av BU-midlane viser resultat i bygdene der det både satsast på tradisjonelt landbruk og på nye næringar.
Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.
__________________________________
Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.
- BU-midlar gjev resultat
- Bygdeforum 2009 i Borgund
- Føregangsfylke for økologisk frukt- og bærproduksjon, ei felles satsing i Sogn og Fjordane og Hordaland
- Feios markerer seg i Kystskogbruket
- Regionalt miljøprogram 2009
BU-midlar gjev resultat
BU-midlane viser resultat i bygdene i Sogn og Fjordane der vi både satsar på tradisjonelt landbruk og på nye næringar. Reiseliv og oppleving er eit viktig satsingsområde der vi no brukar kring 1/3 av BU-midlane som går til tilretteleggingstiltak.
Breimsvatnet. Foto: Nordfjord Folkehøgskule/Nordfjord Adventure
Fylkesmannen har støtta bondelaget og skogeigarlaget sitt arbeid med utmarksbasert reiseliv. Målet med prosjektet har vore å etablere 50 nye produkt som skal synleggjerast og marknadsførast. Døme på utmarksbaserte reiselivsprodukt er hjortejakt med tilleggstenester, innlandsfiske, laksefiske, gardsferie med aktivitetar.
Fylkesmannen har støtta utviklingsprosjekt i det tradisjonelle landbruket. I samarbeid med faglaga og samvirkeorganisasjonane har vi støtta opp om utviklingsprosjekt på geitehald, sauehald, storfedrift, frukt/bær og felles drift i skogen. Bygg til husdyr, marknadstilpassing og samarbeid har vore viktige arbeidsområde i desse prosjekta.
Inn på tunet viser no resultat der fylkesmannen arbeider tett opp mot kommunane. Fleire kommunar har eigene prosjekt der dei i samarbeid med bønder og prøver ut ulike tilbod til born/unge og demente i tidleg fase.
Bygdeforum 2009 i Borgund
Bygdeforum er ei årleg samling for bygdene som deltek i Bygdeutviklingsprogrammet, og vart gjennomført 11. -13. juni i Borgund med ca 35 deltakarar. Samlinga var eit samarbeid mellom Borgund Utvikling, Lærdal kommune og Fylkesmannen Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Fylkeskommune deltok også på samlinga.
Alle bygdene var på førehand utfordra til å tenkje gjennom kva som er dei største utfordringane for å drive lokalt utviklingsarbeid. Det kom fram mange ting som bygdene ser som utfordringar og her er nokre:
- Skape lokalt engasjement
- Ikkje brenne ut eldskjelene
- Engasjere ungdomen
- Periferi/ sentrum – kan opplevast som konfliktfylte
- Kontinuitet – å halde ”trykket” oppe
- Foredling av kulturminne
- Økonomi – ha oversikt over ”kjeldene”
- Behalde infrastrukturen (butikk, skule, barnehage etc.)
- Vern og utvikling
Som vi ser er utfordringane varierte og mange og det er eit stort engasjement og stor innsats i bygdelaga rundt lokalt utviklingsarbeid.
Forankring av bygdeutviklingsarbeidet i kommunen er viktig. Lærdal kommune er eit godt døme i så måte. Kommunen har vore aktiv deltakar i arbeidet som Borgund Utvikling har utført i perioden mellom anna gjennom deltaking i styret og elles med å legge til rette for god kommunikasjon mellom bygdelaget og kommunen. Også Naustdal kommune har vore aktiv medspelar i arbeidet som Vevring grendalag har utført. Dette er heilt avgjerande, ikkje minst når dei to bygdene no skal arbeide vidare med lokalt utviklingsarbeid til beste for bygda og kommunen.
Dag tre var bygdene sin dag der erfaringar frå ei bygd som har delteke tidlegare (Jostedal) og dei bygdene som er i programmet fekk oppsummere og formidle erfaringar frå arbeidet som er gjennomført. Dette er ein viktig del av bygdeforum å få formidla erfaringar om prosessar og tiltak er særs lærerikt og inspirerande.
Deltakarane samla på Borlaug Bygdetun. Foto: Roar W. Vangsnes
Etter at dei to bygdene som no går ut av programmet (Borgund og Vevring) hadde oppsummert tre år med bygdeutvikling, vart deltakarane utfordra til å kome med innspel og kommentarar ( kollegavurdering ) som så vart oppsummert i plenum. Her er nokre gode råd:
- Å betre kommunikasjonen mellom bygda og styresmaktene
- Å ha fokus også på det tradisjonelle landbruket
- Å rekruttere nye personar inn i prosjekta - at dei ”gamle” kan fungere som mentorar
- Utviklingslaget kan hjelpe til å løyse konfliktar i lokalsamfunna
- Dra i gang gode buprosjekt
- Bidra med erfaringsdeling
- Å avslutte prosjekt - definere milepælar og markere måloppnåing
- At saker kjem nedanfrå
- At bygda er representativ i styret (kjønn, alder geografi m.m.)
Hausten 2009 skal vi evaluere og justere BU-programmet for dei tre komande åra, og deltakarane på samlinga kom også med tips om forbetringar i BU- programmet og Bygdeforum. Her er nokre av dei innspela:
- Generelt - vekt på læring av dialog / drøfting
- Samlingane bør vere i slutten av mai
- BU- perioden bør forlengast (ut over tre år)
- Større fokus på det sosiale - ” vi er ikkje her for å sove”
- Viktig at nye bygder får ein mentor ved oppstart
Takk til alle som deltok på samlinga i Borgund og bidro til at det vart ei vellukka samling!
Føregangsfylke for økologisk frukt- og bærproduksjon, ei felles satsing i Sogn og Fjordane og Hordaland
Sogn og Fjordane og Hordaland ønskjer å vere felles føregangsfylke for økologisk frukt- og bærproduksjon som ein del av regjeringa si satsing på økologisk landbruk fram mot 2015. Dei to fylka har til saman gode føresetnader for å ta eit særskild ansvar for å løfte produksjonen. Vestlandet har i lange tider vore hovudområdet for produksjon av frukt i Noreg. Bærdyrking har også stor tyngde i dei to fylka, med lange tradisjonar for bær til konserves og aukande omfang av bringebær og morellar til konsum gjennom målretta satsing dei seinare åra. |
Epler. Foto: Kerstin Mertens, Samfoto |
Hordaland og Sogn og Fjordane har felles handlingsplan for økologisk landbruk for 2006-2009. Dette har vore ei tenleg ordning då dei to fylka har mykje til felles med omsyn til primærproduksjon og utfordringar innanfor landbruket. Dei to fylkesmannsembeta samarbeider òg tett i utviklinga av turisme knytt til frukt- og bærnæringa gjennom prosjektet ”Frukt og bær rundt neste sving”.
Gjennom etablerte nettverk og omsetningskanalar har aktørane i næringa utstrakt samarbeid på tvers av fylkesgrensene. Båe fylka har i tillegg stor prosjektaktivitet innanfor økologisk frukt- og bærproduksjon. Som føregangsfylke vil ein i stor grad arbeide for å vidareutvikle produksjon og omsetning ved å bruke eksisterande nettverk og kompetanse, samt gjennom å samordne allereie oppstarta prosjekt og satsingar.
Feios markerer seg i Kystskogbruket
Organisering i samband med haustinga av dei snart hogstmogne granfelta i Feios skal vise veg også for andre skogreisingsbygder.
Som eit resultat av Kystskogmeldinga som vart lagt fram i Bergen 30. januar i fjor, er det finansiert eit stort skogeigarretta prosjekt retta inn mot samvirkeformer i skogbruket.
Holmelid, Fjaler. Foto: Knut David Hustveit
Feios er ei bygd på sørsida av Sognefjorden, i Vik kommune. Langs vegen og fjorden er bygda 4 - 5 km lang, og strekker seg om lag like langt innover. Det bur om lag 265 menneske i Feios. Næringsgrunnlaget er mellom anna gardsdrift med husdyr, frukt, urter og bær. Småkraftverk er under planlegging. Vekstvilkåra, både når det gjeld jord og klima er særs gode.
Feios. Foto: Sognekraft
Skogreisinga
I Feios vart skogreisinga gjennomført med betre resultat enn nokon annan stad i Sogn og Fjordane, og kanskje i heile landet. Årsakene til dette ligg både i god organisering og god finansiering, i tillegg til interesserte skogeigarar. Det var også fleire såkalla Fredskogfelt, som viste ar grana har høg produksjon i Feios. Alt i 1954 vart Borregaards Skogreisingfond oppretta, med god finansieringsordning i form av rentefrie lån, til tilplanting og inngjerding av plantefelt. Same år vart Skogreisingsplanen for Vestlandet vedteken av Stortinget. Dette førte til at også stat og kommunar hadde tilskot til skogreisinga, i tillegg til at det vart oppretta stillingar som skogreisingsleiar i dei fleste kommunane. Feios Skogreieisingslag vart skipa, dette laget er i drift i dag også, og er sentralt i gjennomføring av feltprosjektet.
Skogtakst
Ein stad mellom 7 000 og 10 000 daa vart tilplanta, hovudtyngda av skogen er no 35 – 50 år. Veksten er svært god, produksjon tilsvarande G 20 og G 23, eller vel så det. No i vår er Feios flyfotografert. Dette vil gje grunnlag for skogtakst, som for første gong vil syne kva for skogressursar som er grunnlagt. Det vil bli utarbeidd skogbruksplanar for kvar enkelt eigedom, og det vil også bli utarbeidd plan som om all kulturskog i Feios hadde same eigar, og vil bli driven som ei eining.
Vegplanar
Det er alt no bygd mykje skogsveg i Feios, og det er laga områdeplan for skogsvegar i to omgangar. Vegane som er bygd, er stort sett i samsvar med planane, men ikkje fullt ut.
I samband med prosjektet vil vi oppdatere hovudplanane. Terrenget er for ein stor del bratt, og vegane vil for ein stor del bli planlagt med tanke på taubanedrift.
Kva ønskjer vi med prosjektet? Kan vi få til ei samvirkeform der heile kulturskogarealet vert sett under eitt, og inntekter og kostnader fordelt på alle deltakarane, slik at alle får sitt frå første hogne kubikk og første vegmeter? Vi trur at kulturskogen gjev grunnlag for hogst av minst 15 000 m3 tømmer årleg i minst 20 år framover, og bygging av nokre km veg. Dette gjev grunnlag for investering i utstyr til vegbygging, drift og foredling. Vi ser ikkje bort frå at nokon frå Feios vil satse på heilårs arbeidsplass i skogen som resultat av prosjektet. |
Taubane Holmelid, Fjaler. Foto: Knut David Hustveit |
Organisering
Det vert lagt opp til prosjektleiar i 20 % stilling, og ei prosjektgruppe på fem. Tre av desse bør vere frå Feios, ein frå kommunen og ein peika ut av Skognæringsforum. Kommunen har stilt seg positiv til å halde kontor for prosjektleiaren, dei kan også vere arbeidsgjevar.
Hovudprosjektet ”Fra 10 til 1” vil følgje Feiosprosjektet gjennom heile perioden på fem år, og dei vil også lage samlingar for alle feltprosjekta. Feios er stilt i utsikt eit medlem av den sentrale styringsgruppa.
Vi er no på full fart inn i Den Store Granhausten etter skogreisinga. Gode samarbeidsmodellar, som kan motverke at vi har små og oppdelte eigedomar, vil få stor betydning i haustingsfasen. Vi ønskjer at Feios skal vise veg også i denne fasen.
Regionalt miljøprogram 2009
Regionalt miljøprogram har vore gjennom ei evaluering. I høve til sentrale føringar er ordningane gjort meir målretta og det er prøvd å få til ei harmonisering med nabofylka der dette er mogleg. Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2009 inneheld følgjande ordningar:
Tilskot til stølsdrift med mjølkeproduksjon
Ordninga er uendra. Det vert gitt tilskot til stølsdrift med mjølkeproduksjon i 4 og 6 veker.
Tilskot til drift av bratt areal
Ordninga er uendra. Tilskot kan gjevast til bratt areal med ei helling på 1:5 eller brattare, med eit ekstra tilskot til areal med helling 1:3 eller brattare.
Tilskot til Organisert beitebruk
Ordninga er uendra. Tilskot kan gjevast til godkjende beitelag.
Ekstra tilskot til sau og mjølkegeit på utmarksbeite
Dette tilskotet erstattar Ekstra tilskot til dyr på utmarksbeite. Dette var ei generell ordning som etter sentrale føringar burde fjernast. I høyringsutkastet vart denne ordninga fjerna, men faglaga var mykje i mot dette og det var semje om ei overgangsordning med tilskot til sau og mjølkegeit, medan tilskotet til storfe og hest vart fjerna.
Tilskot til skjøtsel med ammegeit og kje
Dette tilskotet erstattar Tilskot til styrt beiting på innmark. Tilskotet vart tidlegare også gitt til ekstensive storferasar med moglegheit for å søkje om dispensasjon for sau, hest og NRF. Ordninga gjeld no berre ammegeit og kje. Det er framleis krav om at beitinga må vere på inngjerda/avgrensa areal.
Tilskot til skjøtsel av kystlynghei Tilskot til beitedyr i verneområde Tilskot til verdifulle element i kulturlandskapet
Tilskot til skjøtsel av særleg verdifulle slåtte- og beitemarker |
Foto: Helen Haaland. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane |
Tilskot til verneverdige husdyrrasar
Dette er eit nytt tilskot til dyr av rasane Vestlandsk raudkolle, Vestlandsk fjordfe og Kystgeit.
Gardbrukarane i Sogn og Fjordane vil få tilsendt informasjonsbrosjyre og søknadsskjema for Regionalt miljøprogram i løpet av sommaren.