Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 3/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om Ferda, et kompetansesenter for opplevingsturisme i Sogn og Fjordane. Målet er å gjere naturen til meir lønsame reisemål der inntektene i større grad går tilbake til grunneigarane.

Fylkesnytt: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om Ferda, et kompetansesenter for opplevingsturisme i Sogn og Fjordane. Målet er å gjere naturen til meir lønsame reisemål der inntektene i større grad går tilbake til grunneigarane.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Biostigen: Eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Prosjektet har LMD som oppdragsgjevar og går over 2009 og 2010 og er ei vidareføring av ”opne landskap” i Sogn og Fjordane og ”Frå kratt til kroner” i Møre og Romsdal. I dette arbeidet skal ein skaffe betre kunnskap og erfaringar om:

  • Råstoffbehandling og logistikk i verdikjeda fram til sluttbrukar
  • Kostnadar ved tiltaka og hensiktsmessige driftsmetodar og –utstyr
  • Lønsemd-, sysselsetjingseffekt og potensiale for næringsutvikling
  • Råstoff til lokal bioenergiproduksjon
  • Klimabidrag av relevante skogtiltak

Innafor verdikjeda frå frø til kilowattimar, set ein fokus på bioråstoff frå kulturlandskap, skog og vegkant. Det siste vert kombinert med utsiktsrydding. Første prosjektår har preg av planlegging og igangsetjing. Det har vore arbeidsseminar i Ålesund og bioenergidag i Stryn.

Handsaming av GROT (greiner og topp) frå skogsdrifter vert fokus for forsøk sett i gang i Møre og Romsdal. Dette skjer no i vinter i samarbeid med forskarar frå Skog og Landskap. Logistikk og transportutstyr er avgjerande for effektivitet og lønsemd ved utkøyring av ukomprimert virke frå vegkantrydding. Det har vore utført tørkeforsøk av hun ved Fjordane Biovarme i Stryn. Forsøket viser tydeleg behov for god lufting under tørkeperioden, og at virket må dekkast til ved lagring utandørs. Det er viktig å utnytte den ”naturlege” forsommartørken, og like viktig å få virket under tak før haustnedbøren kjem.

Andre aktuelle problemstillingar er trong for kunnskap om virkesvolum i kulturlandskapet, og vurdering av slip til bioenergi. I Sogn og Fjordane er det aktuelt med ”prøveproduksjonar” av gjengroingsvirke på kulturlandskap i Fresvik.Det er også etablert eit godt samarbeid mot bioenergiprosjektet til Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Sogn og Fjordane Bondelag med eigen prosjektleiar.

Fylkesnytt: Hogst langs vei.
Hogst langs vei. Foto: Erik Nilsen.

Kontaktpersonar for Biostigen er Kåre Kristen Totlund, FMLA Møre og Romsdal og Merete Larsmon, FMLA Sogn og Fjordane.
 

Ferda - Kompetansesenter opplevingsturisme

Selskapet Ferda starta som Prosjekt Utmarksbasert Reiseliv i 2005. Bak prosjektet stod Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Målet til prosjektet var ”å gjere naturen til meir lønsame reisemål der inntektene i større grad går tilbake til grunneigarane.”

I dag er det Sogn og Fjordane Skogeigarlag som står bak Ferda. Sidan starten i 2005 har Ferda bygt opp eigen kompetanse, og har no fire tilsette som jobbar aktivt med sal av opplevingsturisme i Sogn og Fjordane. Målet er framleis at inntektene skal gå mest muleg direkte tilbake til grunneigar eller dei som t.d. driv med hytteutleige, utleige av jakt og turistguiding. Mange grunneigarar og næringsaktørar sit med gode reiselivsprodukt, men har i lita grad erfaring med marknadsføring og sal. Dei er difor avhengige av ”drahjelp” med dette arbeidet.

Arbeidet byrjar no å bere frukter. Ferda har i alt 75 ulike reiselivsprodukt fordelt på ca 100 grunneigarar i fylket. Selskapet utarbeider nye opplegg for småskala reiseliv i landbruket.

Ferda tilbyr tenester innanfor m.a. 

  • utviklingsprosessar ved etablering av bedrifter innanfor opplevingsturisme  
  • prosjektleiing  
  • marknadsvurdering og marknadsretta produktutvikling 
  • etablering av næringsklynger 
  • internasjonal marknadsføring og sal av reiselivsprodukt 
  • e-handel 
  • utmarksforvaltning

Ferda har også fått midlar frå Landbruks- og matdepartementet sitt innlandsfiskeprosjekt, og prøver mellom anna ut sal av fiskekort via sms.

    Fylkesnytt: Mann som fiskar.
Fiskar. Foto: Ferda.


 

Utvikling av stølsferiekonsept i Gloppen

På oppdrag frå Agro Business Park i Gloppen kommune under delprosjekt Opplevingsturisme, har Ferda arbeidd med vidareutvikling av stølsferiekonsept som vart satt i gang i 2008. Første året vart det arbeidd med mobilisering av stølshuseigarar, utvikla enkle kvalitetsstandardar samt utarbeidd brosjyre for distribusjon i lokalmarknaden. Konseptet vart godt motteke, og satsinga vart vidareført i 2009. I 2009 har Ferda jobba systematisk med m.a.:

  • Kvalitetssikring av stølshusa
  • Konseptutvikling
  • Bestilling via Internett
  • Testkampanjar mot utvalde målgrupper for utvikling av eit marknadsorientert stølsferiekonsept 
  • Marknads- og profilarbeid med m.a. oppdatering av stølsferiebrosjyre på norsk og engelsk og oppretting av internettside www.stølsferie-nordfjord.no.

Resultatet av arbeidet kan vise til seks kvalitetssikra stølshus godt fordelt over Gloppen kommune, der alle ligg i områder med flott turterreng. Fleire stølshus ligg rett ved gode fiskevatn. Med berre nokre få overnattingar i 2008, har talet på gjestedøgn gått opp til om lag 200 i 2009.

Som ein del av strategiarbeidet, er det køyrd testkampanje mot utvalde målgrupper som fekk prøvd ut stølsferie sesong 2009. Med bakgrunn i tilbakemeldingane frå testgruppene, har ein no eit svært godt marknadsgrunnlag å basere utviklinga av stølsferiekonseptet på framover. Tilbakemeldingane syner m.a. at stølar knytt opp mot naturbaserte aktivitetar som vandring, fiske og bærplukking er meir attraktive enn berre overnatting på støl.

Fylkesnytt: Gloppestadstølen.
Gloppestadstølen. Foto: Edvin Hugvik, Gloppen kommune

Stølseigarane som er med i satsinga viser eit stort engasjement. Dette har bidratt til god framdrift i arbeidet. I tillegg er det inngått eit aktivt og målretta samarbeid mellom stølseigarane, turistinformasjonen som har ansvar for utlevering av nøklar og anna informasjon, ABP Bygdeservice og Reisemål Stryn og Nordfjord gjennom ein felles samarbeidsavtale. På denne måten vert arbeidet meir forutsigbart og langsiktig.

Med bakgrunn i dei positive erfaringane som er gjort gjennom arbeidet, held satsinga fram i 2010 gjennom mellom anna:

  • Utvide med fleire stølar i produktporteføljen
  • Kople stølsferie enda tettare opp mot smaksopplevingar av lokalmat og naturbaserte opplevingsprodukt i regionen
  • Vidareutvikle stølsferiebrosjyren og internettsida
  • Auke synlegheit på Google og innanfor sosiale media som Facebook og Twitter. 
  • Teste ut konseptet mot nye målgrupper både i Noreg og utlandet

Tilbakemeldingar frå marknaden tyder på at stølsferie er eit konsept som er attraktivt. Gjennom målretta og langsiktig arbeid vil stølsferie bidra til auka inntening for stølseigarar, lokalmatprodusentar og andre opplevingsprodusentar og reiselivsaktørar i regionen.

For meir informasjon om stølsferie i Gloppen, sjå: www.stølsferie-nordfjord.no eller kontakt Bygdeservice A/S - tlf. +47 9622 33 66. FOR BESTILLING RING: +47 578 74 053 eller online: booking@nordfjord.no

Kontaktpersonar ved Ferda:
Gunn Aase Moldestad, Siri Stavang og Anne Karine Ness.
www.ferda.no og www.naturogferie.no.
 

Klimaendringa er her

Både bønder og forskarar ser at klimaendringa alt er komen. Det er varmare og våtare. På Vestlandet var det i 2009 nok ein rekordtidleg vår, og tal frå Bioforsk Vest Fureneset viser at vekstsesongen i ytre Fjaler starta så tidleg som 3. april i år. Dette er endringar som bøndene må nytte positivt ved å gjødsle tidlegare om våren for å få full næringseffekt av gjødsla, og nytte vekstkrafta som er i graset fram til ein førsteslått i månadsskiftet mai-juni eller tidleg i juni. Då vil det bli vanleg å hauste graset tre gonger i Sogn og Fjordane.

Forskar Liv Østrem ved Bioforsk Vest Furenest seier at i følgje prognosar om framtidig klima (t.d. RegClim), vil middeltemperaturen auke med 2,5-3,5 grader. Vinteren vil få den største auken. Nedbøren aukar med 0,7 mm pr. døgn og vil vere meir ujamt fordelt enn tidlegare. Sommarnedbøren vil auke med 2 prosent, medan hausten vil få 20 prosent meir nedbør. Klimaprognosane gjeld for 2070-2100, og auken er samanlikna med temperatur og nedbør i perioden 1961-1990. 

Standard normalperiode for temperatur og nedbør vert rekna ut for ein periode på 30 år. Samanliknar vi desse periodane, finn vi for Bergen og Fureneset i Sogn og Fjordane:

Tabell: Sammenligning temperatur og nedbør for Bergen og Fureneset i Sogn og Fjordane for ein periode på 30 år:
 

Temperatur januar - april

Nedbør november - mars

Normalperiodar

Bergen 

Fureneset 

Bergen 

Fureneset

1931-1960

2,9

 

181

 
1961-1990

3,0

2,6

201

185

1991-2008 (snitt)

4,0

3,6

251

226

Gjennomsnittstemperaturen i vintermånadane har altså auke med 1 grad sidan normalperioden 1961 - 1990. Dette er mykje og varmare blir det.

Meir nedbør om hausten gjev større problem med sopp som øydelegg plantene. Denne hausten såg vi det i frukthagane, i potetåkrane og på kornet. For å halde plantene frie for sopp, må bonden vere meir merksam på veret og rett tid for bruk av plantevernmiddel som sikrar kvaliteten på produkta.

Daglengda endrar seg ikkje, men lysklimaet endrar seg då vi får fleire dagar med overskya ver, særleg på ettersommaren og om hausten. Det betyr at vi ikkje fullt ut vil kunne utnytte den lengre vekstsesongen om hausten sjølv om temperaturen er høgare då enn tidleg i vekstsesongen.  Det er desto viktigare å utnytte  våren og føresommaren, som framleis vil ha mykje klarver. Det er og i denne perioden at plantene har det største potensialet for vekst.

Faren for skade av nattefrost kan auke med eit varmare klima. Dette høyrest ikkje logisk ut. Men når veksten startar tidlegare, vil plantene ha kome lengre i utviklinga og såleis vere meir utsett for skade dersom vi får ei kald natt i mai. 

Fylkesnytt: Gjødselspreiing
Gjødselspreiing. Foto: Edvin Andre Hugvik, Gloppen kommune

Konklusjon
Klimaendringane gjev eit større potensiale for plantevekst om våren, og det er viktig at bonden nyttar det ved å gjødsle tidleg, og utnytte perioden fram til og med august mest effektivt. Det vil bli meir vanleg med forsommartørke på Vestlandet, og då vil planteveksten stoppe opp. Våte haustar vil gje meir soppsjukdommar på plantene, noko som krev plantevernmiddel for å sikre kvaliteten på frukt, potet og korn.

Kjelder: Bioforsk Fureneset Fagsenter og Det Norske Meteorologiske Institutt.
 

Skal rydde 13 km med ny utsikt

Det pågår utsiktsrydding i 13 kommunar i Sogn og Fjordane. Fire kommunar har alt gjennomført sine rydde prosjekt. Totalt skal det ryddast utsikt langs om lag 13 km veg.

Tilskot til utsiktsrydding langs veg var ein del av den ekstraordinære investeringspakka til landbruket i revidert nasjonalbudsjett for 2009. Det vart sett av 15 millioner kroner til utsiktsrydding, og Sogn og Fjordane fekk tildelt 900 000 kroner av desse midlane.

Dei aller fleste kommunane i fylket søkte om midlar til utsiktsrydding, og alle som søkte fekk midlar til minst eitt prosjekt. Heile potten  er fordelt til 17 kommunar og 31 prosjekt i Sogn og Fjordane, likevel var det søknader inne til langt fleire prosjekt enn det var rom for med dei tildelte midlane. Etter planen skal det i løpet av året ryddast eit samla areal på omlag 20 600m2 og 13 km veglengde. Det meste av virket går til ved, men noko er levert til bioenergi-anlegg.

Arbeidet vert gjort etter mal av arbeidet som vart gjort i prosjektet  Opne landskap og Rettleiingshefte for utsiktsrydding langs veg. Mellom anna er ryddinga utført som tynning og ikkje snauhogst. Enkelte oppstamma tre vert sett igjen. Dette ser fint ut, og dessutan vil ein lauvskjerm redusere gjenvekst av ny vegetasjon. Oppkvisting skal vurderast som alternativ till felling. Ofte kan oppkvisting vere nok til å skape utsikt. Lauvtre som vert felt skal stubbebehandlast for å hindre gjenvekst. Kvist og bar skal ryddast saman og fjernast eller samlast i lite synelege haugar. Det er kommunane som har administrert ordninga og hatt ansvaret for å inngå avtalar med grunneigarar og entreprenør.

Fylkesnytt: Hyden før utsiksrydding.     Fylkesnytt: Hyden etter utsiksrydding.
Bilde frå Hyen i Gloppen kommune og som viser utsikta langs vegen før og etter utsiktsryddinga. Foto: Harald Kjær, Gloppen kommune.

Tilbakemeldingar på utsiktsryddinga har vore positive både hjå vegfarande og andre, og det har skapt arbeid til skogsentreprenørar i ein elles roleg periode. Sogn og Fjordane har fleire prosjekt som kan gjennomførast og håpar på fleire tildelingar til utsiktsrydding framover.