Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om storfeprosjektet i Hordaland.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna nytt om storfeprosjektet i Hordaland, som skal gje informasjon og rettleiing til dei som vurderer nybygg, påbygg, samdrift, utviding av drifta eller omlegging av drifta.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Matfestivalen 10. -12. september - stor interesse for deltaking

Allereie no i april er det stor interesse for matfestivalen i Bergen, Bønder i Byd’n 2010. Store delar av det tiltenkte arealet er allereie tinga.

Det er tiande gongen Matfestivalen vert arrangert i si noverande form. Markeringa gjev oss høve til å sjå på korleis festivalen har utvikla seg, og det er tid å sjå på korleis vi skal utvikle matfestivalen vidare.

Utstillarane og publikum ynskjer i stor grad  å vidareføre konseptet i si noverande form, men vi trur at potensialet for å utvikle matfestivalen vidare er tilstades.

Vi ynskjer å trekke inn fleire samarbeidspartnarar, som kan vere med og styrkje konseptet og frigjere meir ressursar både lokalt og på nasjonalt nivå. Vi ynskjer eit breiare engasjement hjå dei som allereie driv med matservering i området og blant dei som driv matproduksjon i Bergen generelt.

Fylkesnytt: Matvestival på Bryggen i Bergen
Matvestival på Bryggen i Bergen. Foto: Gunnar N. Dahl

Eit av ankepunkta frå enkelte har vore at Matfestivalen framstår meir som ein marknad og har lite festivalpreg over seg. Dette har samarbeidspartnarane sagt seg villig til å bøte på ved å auke løyvingane til fleire kulturaktivitetar under matfestivalen. Matfestivalen ynskjer også å styrkje det internasjonale samarbeidet, med å invitere matprodusentar og matmiljø frå andre land til å delta. I år ventar vi besøk frå Frankrike med ein Galeas med matvarer frå Normandie. Tidligare år har vi hatt besøk frå Skottland og Italia.

Matfestivalen, Bønder i Byd’n  2010, forventar over 100 matproduserande bedrifter  med over 300 deltakarar til festivalen i år. På desse 10 åra har det vore over 140 bedrifter med på matfestivalen. Dei fleste er gjengangarar, men det kjem stadig nye som er med å berike matmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

I spørjeundersøkingar som NILF har gjennomført blant matprodusentar, oppgjev dei matfestivalen som sin viktigaste marknadskanal og den arenaen dei tener mest pengar på i løpet av året. Dette er med å stadfeste Bønder i Byd’n som den største og viktigaste matfestivalen i landet for lokale matvareprodusentar.

Vegvisar for nyskaping i Hordaland

Fylkesnytt: Kom-an.no logoNettstaden www.kom-an.no vart lansert 3. februar 2010 og er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge. Kom-an.no er ein portal for alle som ønskjer å utvikle forretningsidear eller samfunnsnyttige utviklingsprosjekt saman med andre. Hordaland er eit mangfaldig fylke med mange næringar og sterk gründerkultur. Innovasjon og entreprenørskap har derfor blitt ei fokusert oppgåve for det regionale verkemiddelapparatet.

Under dei tre fanene starte – støtte – vise finn ein alt ein treng av informasjon og inspirasjon til utvikling og oppstart. I portalen kan ein finne ut meir om moglege rådgjevings- og finansieringsordningar i Hordaland og få oversyn over eit mangfald av utviklingsaktørar. Ein kan orientere seg i viktige satsingsområde og relaterte program og prosjekt innan nærings- og samfunnsutvikling.

Korleis kan du lukkast som entreprenør innan næringslivet og som samfunnsentreprenør med utviklingsprosjekt i bygd og by? I portalen kan ein etablere kontaktar, delta i nettverk og presentere si eiga satsing. På kom-an.no vert det lagt ut informasjon om ei rekkje aktivitetar, kurs og arrangement og andre kompetanseutviklande tiltak ein kan delta på.

Fylkesmannen i Hordaland skal leggje til rette for utvikling av bygdene i fylket, og at gardsbruk og landbruksbaserte bedrifter med potensiale for nyskaping og lønsam drift får utvikle seg optimalt. Våre viktigaste målgrupper er kommunane i Hordaland, samt folk i landbruket og landbruksrelaterte næringar. Dei viktigaste satsingsfelta er:

  • Matsatsing (tradisjonell produksjon og tilleggsnæring)
  • Reiseliv (lokalbasert/naturbasert)
  • Inn på tunet (garden som ressurs for skule/oppvekst/helse/sosial/rehabilitering/arbeidstrening)
  • Skog
  • Bioenergi
  • Frukt 
  • Lokalsamfunnsutvikling
  • Ungdom

Innanfor lokalsamfunnsutvikling kan nemnast LivOGlyst – Program for lokal utvikling i Hordaland, som sorterer innunder samfunnsentreprenørskap. Programmet har som føremål å stimulere til nyskaping, næringsutvikling, bulyst og trivsel på ein systematisk og langsiktig måte, og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune ved Strategi- og næringsavdelinga, Fylkesmannen si landbruks- avdeling, Innovasjon Norge Hordaland og Sparebanken Vest.
 

Folk treng hus, men hus treng òg folk!

I det landsomfattande prosjektet ”Landbruksbygg og kulturlandskap” skal landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland ta seg av underprosjektet ”Ny bruk av gamle landbruksbygg”. Landbruks- og Matdepartementet leier prosjektet som vart framforhandla under jordbruksavtalen 2007.

Fylkesnytt: Restaurert løe,
Restaurert løe - Granvin. Foto: Victor Jensen.

Bakgrunnen for prosjektet er at det står langt over tusen gamle og interessante bygg , både på nedlagde og drevne gardar der bruken er ”gått ut på dato”. Tenk berre på alle dei gamle raude låvane. Desse bygga er òg ein viktig del av bygningsarven vår og ein sentral del i kulturlandskapet. For å hindra at alle desse bygningane forfell, er det naudsynt at dei kan generera ein verdi som i det minste forsvarer bygget sitt eige vedlikehald. Føremålet med prosjektet er å utvikla verktøy til å skapa næring knytt til denne typen bygningar.

Landbruksavdelinga vil gjennom prosjektet laga ei samling av gode idear og løysingar til inspirasjon for dei som ser nytten av å ta vare på ein del av dei gamle husa. Resultatet vert lagt ut på ei webside når arbeidet er avslutta. Dette arbeidet er i startfasen og vert utførd av Norsk Landbruksrådgiving.

”Ny bruk av gamle landbruksbygg” tek mål av seg å laga eit informasjonshefte , ein ”ABC for ny bruk av ledige landbruksbygg”, om korleis ein kreativ eigar skal navigera for å koma gjennom den byråkratiske kverna for å få ideane sine sett ut i livet. Bygningane ligg ofte i 100-metersbeltet, på dyrka mark , i høgfjellet, og nokre er freda, så der er mange utfordringar.

Abeidsgruppa har mål om å leggja fram informasjonsheftet i siste halvår 2010, og er samansett av Åshild Blomdal frå miljøvernavdelinga og Per Albert Lund, Victor Jensen og Anders Stub frå landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen, Roald Landøy frå bygningsverntenesta hjå Fylkeskommunen, og Haldor Fosse frå Os kommune.

Næringsstrategi for landbruket 2010-2011

Næringsstrategien for landbruket i Hordaland skisserer utfordringar men også moglegheiter og strategiar for å nå måla.

Fylkesmannen i Hordaland har saman med Innovasjon Norge, Hordaland fylkeskommune, Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag revidert regional næringsstrategi for landbruket i Hordaland som skal gjelde for 2010-2011.

Fylkesmannen har ansvaret for å koordinere utforminga av ein strategi for landbruksrelatert næringsutvikling, koordinere bruken av dei fylkesvise BU-midlane og vidarefordele dei bedriftsretta BU-midlane til Innovasjon Norge. Fylkesmannen forvaltar midlar til generelle tilretteleggingstiltak.

Denne strategien skal sikre ei samla, regional satsing på landbruksbasert næringsutvikling der både verdiskapingsprogramma og dei regionale bygdeutviklingsmidlane vert sett i samanheng. Den set også lys på viktige satsingsområde for landbruket i Hordaland 2010 - 2011.

    Fylkesnytt: Næringsstrategi 2010-2011

Kontaktpersonar:
Åse Vaag, Tlf.: 55 57 21 88
Eirik Brynjelsen, Tlf.: 55 57 21 70/ Mob.: 97 07 33 64.

Meir økologisk frukt og bær!

Prosjektleiar Frøydis Lindén, byrjar no å sjå gode utsikter for auka økologisk produksjon av frukt og bær i dei to føregangsfylka for økologisk frukt og bær, Sogn og Fjordane og Hordaland. I mars kom det ein gladmelding frå SLF, som synte ein auke i omsetnaden av dei frukt-og bærslaga ein dyrkar i Noreg, medan den tidlegare varsla nedgongen kunne sporast til økologisk frukt frå tropiske strok.

Statistikken skil diverre ikkje på norsk og importert økologisk frukt og bær. Men etter å ha spurd Bama om deira omsetnad, så selde dei nær 360 tonn økologiske import-eple i 2009, mot berre 12 tonn norske økologiske eple det same året. Det er med andre ord ein stor mangel på norsk økologisk frukt i marknaden.

Sikre økologisk produksjon og omsetting
Føregangfylka vil difor ha som mål å få auka produksjonen av frukt og bær til konsum dei fyrste åra i prosjektet. Rydde- og plantetilskotet vert  vidareført, slik det vart praktisert i fjor i dei to fylka. Det er viktig at dei økologiske produsentane lukkast i produksjonen sin. Prosjektet vil gje tilbod om utvida rådgjeving til vordande og noverande økologiske dyrkarar - kontakt difor din lokale forsøksring for å få rådgjeving tilpassa di drift.

Føregangsfylka har og som mål å utvikle løysingar for ein sikrare økonomi for økologiske dyrkarar. Eit fyrste steg har vore å sikre at dyrkarar som leverer til Bama får ein meirpris på 30 prosent også i år. Eit anna tiltak er å samarbeide med fruktlagra og verksemder som driv med vidareforedling, for å syte for at all produsert økologisk frukt og bær, vert omsett som økologisk. Balholm treng stadig meir økologisk frukt og bær til sin saftproduksjon, men det er ynskjeleg å nytte fleir kanalar for å få omsett meir frukt som 1. klasse.

Det har vorte brukt tid på å få oversikt over utfordringar og gje signal om korleis ein vil arbeide og evaluere føregangsfylkeprosjektet det fyrste året. Det kom inn mange spennande prosjekt i begge fylka etter utlysinga i mars. Fleire av dei kan gje gode ringverknadar for dei økologiske produsentane, og  jamvel vera til nytte for det konvensjonelle miljøet.

Fylkesnytt: Frukt og bær
Frukt og bær. Foto: Roger Hardy, Samfoto

Kort om nokre øko-prosjekt
Å få til gode biologiske prosessar i jorda er særs viktig i økologisk drift, for å kunne gjere næringsstoff tilgjengelege for plantane. Næringsstoffa i naturgjødsel er ikkje like lett tilgjengelege som i kunstgjødsel. Utan ei luftig jord med rik bakterie- og soppflora som bryt ned næringsstoffa i husdyrgjødsla, er næring vanskeleg tilgjengelege for plantane. Njøs Næringsutvikling vil arbeide for å auke kunnskapen kring det å laga og nytta ein god hagekompost, i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Bioforsk Ullensvang. For å syte for at den gode bakterie- og soppfloraen i komposten kan nyttast på større areal, vil ein lage eit uttrekk frå komposten, til å spreie både på jord og på frukttre. Ein vil difor sjå både på auka biologisk aktivitet i jord, næringsforsyning og på ein plantestyrkande effekt på trea. Bioforsk vil fokusera på næringseffekten og sjå dette i samanheng med andre forsøk knytt til næringsforsyning i økologisk drift.

Rognebærmøll er den frykta farsotten i epledyrkarmiljøet i sommar. Ein ventar storangrep og eit nasjonalt forskingsprosjekt skal syte for å gjere registreringar òg i økologiske felt på Vestlandet. Rådgjevarane i Hardanger ynskjer å skipa til nokre informasjonsmøte for dyrkarar i regionen, om korleis ein kan førebyggje noko av angrepa i økologisk drift.

Tynning av frukttre i bløming er ein strategi som har vorte prøvd ut i utlandet. I økologisk dyrking er handtynning einaste løysing no, og i konvensjonell drift er både svimiddel og veksthemmande middel på veg ut. Både Bioforsk Ullensvang og Njøs Næringsutvikling vil køyre forsøk med nyinnkjøpte tynningsmaskinar i sommar. Det vil verte demonstrasjonar av utstyret for dyrkarar i begge fylka, so fylg med på faks-meldingane framover.

Det er eit gryande økologisk bringebærmiljø i Sogn og Fjordane. Rune Vereide vil i samarbeid med Innvik Fruktlager hauste erfaringar frå både dyrking og omsetnad av bringebær gjennom Bama-systemet. Håpet er at prosjektet kan bane veg for at fleire produsentar på Vestlandet kan tore å leggje om noko av bær-areala sine til økologisk drift. Parallellproduksjon av både økologisk og konvensjonelle frukt og bær vil òg vera fult mogleg med dei reviderte reglane for økologisk drift, om ein kan skilje drifta på sort.

Regelverk
Ja, for det er framleis nokre flaskehalsar å løyse også på regelverkssida. Mellom anna vil Bioforsk sjå på korleis ein kan dokumentere trongen for kalsium i økologisk fruktdyrking, for å kunne førebygge prikksjuke i eple og for å syte for god fruktkvalitet i lagringstida. Ein vil kartleggje moglegheiter for å få godkjend preparat tillate brukt i EU-regelverket for økologisk drift, og sjå om det er Mattilsynet eller økonomi kring godkjenninga som er flaskehalsen. Kopar-debatten har og vorte aktuell igjen, då EU-regelverket for økologisk drift skal inn som minstemal for norsk økologisk drift i år. Regelverksutvalet vil gjere ein utgreiing om koparbehovet i norsk økologisk produksjon, kor ein vil trekke med familjøet for frukt og bær. Utgreiinga skal vere klar til høyringsfristen for det reviderte øko-regelverket, den 1. juli.

Informasjon
Med andre ord - det er mykje som skjer!  For å halde alle som er interesserte fullt oppdaterte om informasjon om økologisk frukt- og bærdyrking i Noreg, har føregangsfylkeprosjektet laga ein blogg på nettet. Her vil det fortløpande verte lagt ut informasjon om aktuelle kurs og linkar til nyttig informasjon om økologisk frukt-og bærdyrking.  På sikt skal denne informasjonen leggjast inn i eit fagforum på norsk landbruksrådgjeving sine nettsider. Men til dette fagforumet er klart til bruk, kan du fylje med på: http://okofruktogbar.blogspot.com/ - legg gjerne inn kommentarar til innlegga!
 

Nordisk berekraft - treet som inspirator for framtida

3. og 4. juni 2010 vert det skipa til konferanse om tre i Bergen. Dei nordiske landa har lange tradisjonar for å utnytte tre i våre bygde omgjevnader med alle dei tekniske, estetiske og miljømessige kvalitetar som dette materialet har. Med aukande fokus på klimagassreduksjon har tre både som biomasse og som byggemateriale ei spennande utvikling i vente. Større uttak av nordisk skog, som fornybar energi til oppvarming, auka bruk av tre til erstatning for andre meir klimatruande material og lagring av CO2 i byggematerial gir grunnlag for større gjenvekst og bidrar positivt i forhold til reduksjon i utslepp av klimagassar. Ti byar har gjennom nettverket ”Nordiske Trebyer” i fleire år samarbeida for å utvikle kunnskap og ny kompetanse på utbygging og urban bruk av nordisk trevyrke. Konferansen i Bergen er todelt:

Dag 1: Nordisk kompetanse og samarbeidsmoglegheiter
Dag 2: Bergensk berekraft - tre og nye utfordringar til byggebransjen

Konferansen vert arrangert av Bergen kommune i samarbeid med Husbanken, landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland og Trefokus AS.

    Fylkesnytt: Treskulptur på festplassen i Bergen
Fylkesnytt: Treskulptur på festplassen i Bergen. Foto: Dirk Kohlmann

Samstundes med konferansen går også i år for tredje gang Bergen International Wood Festival av stabelen. Kunst- og arkitekturstudentar frå heile verda bygger i løpet av ei veke store og små konstruksjonar i tre. Deltakarane på festivalen tøyer grensene for kva materialet tre kan brukast til, noko som resulterer i fantastiske byggverk i tre. Sjå meir på www.bergenwood.no

Kontakt:
Dirk Kohlmann, dk@fmho.no

Bilettekst: Kunsthøgskolen i Bergen leikar med tre i stor høgde på Festplassen i Bergen sentrum. KHiB er arrangør for Bergen International Wood Festival. Foto: Dirk Kohlmann.

Stor aktivitet - Storfeprosjektet i Hordaland

Storfeprosjektet i Hordaland er eit samarbeid finansiert av fleire aktørar i landbruket (Fylkesmannens Landbruksavdeling, TINE Meieriet Vest, Innovasjon Norge og Felleskjøpet Agri). Prosjekteigar er TINE Meieriet Vest kor prosjektleiar Ola Alne er tilsett. Hovudaktiviteten i prosjektet er informasjon og rettleiing til dei som vurderer nybygg/påbygg/samdrift, utviding av drifta eller omlegging av drifta.

Storfeprosjektet i Hordaland er ei vidareføring av fleire tidlegare prosjekt (Økomjølk Vestlandet 2002-2003, Vi satsar på mjølk i Hordaland 2004-2006 og Vi satsar på mjølk og storfekjøt i Hordaland 2006-2008). Prosjekta har bidrege som rådgjevings- og motiveringsfaktor for mjølke- og storfekjøtbøndene i fylket. Det har dei siste åra vore ein markert auke i interessa for og gjennomføring av utbygging av mjølkebruk i fylket. Utifrå Innovasjon Norge sin statistikk har investeringa vore rundt 232 mill kr finansiert med BU-midlar i perioden 2004-2008. Dette er ein vesentleg auke frå førre fireårsperiode. I 2009 såg vi ein ytterlegare auke i utbygging og investering på mjølkebruk.

I storfeprosjektet er mellom anna følgjande aktivitetar vektlagt;

  • Informasjon og rettleiing til dei som vurderer nybygg/påbygg/samdrift
  • Oppfølging/kartlegging hjå dei med relativt nye fjøs/samdrifter
  • Ungdom og rekruttering
  • Byggeleiing
  • Fôrdyrking

Hovudvekta har vore lagt på økonomisk og teknisk planlegging i samband med bruksutbygging og prosjektet har vore representert på mange fagmøte og samlingar. Det vert halde jamlege møter i styringsgruppa for prosjektet. Denne består av representantar frå TINE Meieriet Vest, Fylkesmannens Landbruksavdeling, Innovasjon Norge, Nortura, Felleskjøpet Agri, Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og småbrukarlag.

Den siste tida har det vore fleire byggemøte i prosjektet. Her har tema vore finansiering, innandørsmekanisering og bygningsløysingar.

Framover kjem prosjektet til å ha fleire møte med driftsleiing og økonomi for store bruk som tema. Her vil ein sjå på driftsplan, ”ta tempen” på korleis det går med dei utbygde bruka og korleis ein kan bistå vidare. 
 
Fylkesnytt: tal investeringssaker 2005-2009, Innovasjon Norge
Figur 1: Tal investeringssaker 2005-2009, Innovasjon Norge

Kontaktinfo prosjektleiar:  
Ola Alne Tine Meieriet Vest, E-post: ola.alne@tine.no, Telefon: 907 58 657  

Kartlegging av kjerneområde for landbruk 

Arbeidet med å kartleggje kjerneområda for landbruket i Hordaland har blitt forsterka dei siste åra. Som kartet syner er ein no enten ferdig eller godt i gang med dette arbeidet i dei fleste kommunane. Det står enno att ein god del arbeid, men i løpet av 2010 er det von om at storparten av kommunane har dette datasettet på plass.

Det er i utgangspunktet kommunane som skal stå for utpeiking av kjerneområda. Avgrensingane skal registrerast på kart som deretter blir vedtekne politisk i kommunen. Fylkesmannens landbruksavdeling bidreg i dette arbeidet og har ressursar til å syte for at arbeidet blir gjennomført i tråd med rettleiaren til Landbruks- og matdepartementet. 

Kommunar som enno ikkje har starta arbeidet med denne kartlegginga kan kontakte fylkesmannen for hjelp til oppstart og utarbeiding av forslag til kart. Det er særs viktig at kommunar som har starta opp med rullering av kommuneplan eller landbruksplan tek omsyn til behovet for kartdata som syner dei beste landbruksområda i kommunen. Når det gjeld sjølve prosessen med å digitalisere kjerneområda er grunnlaget betre enn nokon gong. Alle kommunane i fylket har i dag gode flybilete i ulike målestokkar, og AR5data som syner markslaget har fått auka kvalitet gjennom prosessen med utarbeiding av gardskart.

Dei nasjonale måla som ligg til grunn for at ein ønskjer å få etablert denne typen kartdata er todelt:

  • Bremse omdisponeringa av jordressursane
  • Sikre ei berekraftig ressursforvaltning ved ivaretaking og vedlikehald av kulturlandskapet

Kjerneområde for landbruk er også eit bidrag til å avklare interessekonfliktar mellom kommunal arealpolitikk og statlege/nasjonale mål, og kan såleis minske konfliktnivået. Kartlegginga vil vere viktig som del av dei langsiktige prioriteringane kommunen gjer i arealplanlegginga.

Kjerneområdestatus i Hordaland mai 2010
Klikk på kartet for større format.

Forsidebilde: Jens Sølvberg, Samfoto