Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva fortel mellom anna om fylkets to første 4H-gardar, som begge ligg i Gaular kommune.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva fortel mellom anna om fylkets to første 4H-gardar. Gardane som begge ligg i Gaular kommune har tett samarbeid med 4H-klubbane i bygda, og er opne for alle som har lyst på unike opplevingar innan gardsliv og friluftsliv.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

God framdrift i hovudplanarbeidet for skogsvegar

Sogn og Fjordane har kome langt i arbeidet med å etablere hovudplanar for skogsvegar. Det er utarbeida manuskart i heile 8 av dei 26 kommunane. Dette er nokre av de tyngste skogkommunane. Seks andre kommunar er under arbeid, men vi vonar å vere ferdig med manuskarta for heile fylket innan slutten av året.

Fylkesmannen har teke initiativet til arbeidet. Manuskarta er utarbeidd i samarbeid med kommunane, skogsvegplanleggjaren og ressurspersonar med god kjennskap til lokale terreng- og skogtilhøve. Manuskarta vert digitalisert, og det vert rekna på lønsemda til kvart veganlegg. Vi vil også vise på kart viktige registrerte naturverdiar, inngrepsfrie område og flaskehalsar på det offentlege vegnettet. I tillegg vil Fylkesmannen si miljøvernavdeling vurdere dei einskilde planane for å unngå at det oppstår konfliktar i høve til område med store miljøverdiar. Samstundes legg vi opp til møte med grunneigarane og diskusjonar omkring planane. Etter å ha justert planane, vert det opp til kvar kommune korleis dei vil handsame planane vidare.

Det er meininga å  presentere hovudplanane i ei eigen web-løysing som er felles for heile landet. Dette kjem til å vere klart fyrste halvår 2011.

Fylkesnytt: Hovedplanmøte
Hovudplanarbeid i Stryn kommune, frå venstre Hans Kjesbu, Enisa Saracevic, Helge Kårstad, Asle Lyslo og Torkel Hofseth.  Foto: Fylkesmannen.
  

Flaskehalsar på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet

Det vart gjort ei stor undersøking kring år 2000 av problemet med sokalla flaskehalsar i vegnettet for Sogn og Fjordane. Den gongen vart det rekna ut at ei utbetring av dei verste flaskehalsane ville føre til ei årleg innsparing på ti millionar kroner for skogbruket.

Det største problema er at det ikkje kan køyrast med billengde over 12,4 m. Dette gjer at det ikkje er mogleg å køyre med vogntog og 8 tonns aksellast. Det må køyrast fem gonger så mange turar med enkel bil som med vogntog for å få fram same mengde tømmer. Dette er ikkje berre er eit økonomisk problem for skogeigarane, men også ei stor ekstrabelastning for veg og miljø. 

Fylkesmannen har i samband med hovudplanarbeidet børsta støvet av rapportane frå undersøkinga. På heile 70 prosent av dei kommunale vegane er det ikkje mogleg å køyre med vogntog. Ein ny gjennomgong viser at lite er gjort med dei fleste av flaskehalsane. Vi vonar at arbeidet med hovudplan for skogsvegaar vil vere med på å rette søkjelyset mot dette problemet.

Fylkesnytt: Kartutsnitt som viser flaskehalsar på vegnettet
Kartutsnitt som viser flaskehalsar på vegnettet.
 

Har opna to 4H-gardar på få månader

Viksdalen og Sogn og Fjordane har fått sine første 4H-gardar!

27. februar opna Tuftegarden 4H-gard og 15. mai opnar Fosseheimen Naturpark 4H-gard. Begge gardane ligg i Viksdalen i Gaular kommune, Tuftegarden i Råheimsdalen og Fosseheimen i Eldalsdalen.

Dei to gardane er dei første som har blitt godkjent som 4H-gard i fylket. 4H-gardane har tett samarbeid med 4H-klubbane i bygda, men er opne for alle som har lyst på unike opplevingar innan gardsliv og friluftsliv.

Tuftegarden
Tuftegarden 4H-gard er ein tradisjonell vestlandsgard, der mjølkeproduksjon er den fremste inntektskjelda. På garden kan ein òg oppleve både kashmirgeit, høner og eit flott natur- og friluftsområde. Det er Linda Kristin Oppedal og Rune Hoff som driv Tuftegarden.

- Vi synest at det er så flott her at vi ville dele det med andre. Her kan du oppleve gardslivet, eit rikt friluftsliv og få rekreasjon. Garden i seg sjølv er ei oppleving for dei som ikkje har nærkontakt med dyr til vanleg. Her får ein sjå og lære om dyra og det som vert produsert. Vi driv heilt ordinær produksjon og den er ikkje tilrettelagt, men heilt autentisk - slik ein bonde er anno 2010, fortel Linda Kristin Oppedal.

     Fylkesnytt: Rune Hoff og Linda Oppedal på Tuftegarden
Rune Hoff og Linda Oppedal  på Tuftegarden.
Foto: Åge Avedal.

Fosseheimen Naturpark
Opninga av Fosseheimen Naturpark 4H-gard er like om hjørnet. Vertskapet Karina Hetle Solheim og Ståle Hetle ser fram til å komme i gang med fleire aktivitetar.

- Det å bli godkjent som 4H-gard er eit kvalitetsstempel, og vi håpar mange, både 4H-medlemer og andre, vil ta i bruk alle dei tilboda vi har. Vi har mykje å tilby både barnehagar, skular, familiar og turistar, fortel Ståle Hetle.
 
- Vi har alle slags dyr som fanst på ein tradisjonell gard. Hestar, grisar, kveg, sauer, høner, kaninar, hundar og kattar. Du kan òg jakte, delta på hjortesafari, på guida turar eller fiske og padle i elva. Vi vil tilby opplæring i hundedressur, drive hundepensjonat og ha tilbod om riding og køyring med hest. Fosseheimen Naturpark er unik og har noko unikt å tilby, slår Karina Hetle Solheim fast.

Fylkesnytt: Karina Hetle Solheim på Fossheim naturpark
Vertinne Karina Hetle Solheim på Fossheim naturpark. Foto: Åge Avedal.

Begge 4H-gardane tar imot besøkande etter førespurnad og kan tilby overnattingsmoglegheiter og mat.

Oppretting av fellingslag for store rovdyr i Sogn og Fjordane

Av: Finn Olav Myhren, Naturforvaltar Jølster kommune

Aukande frekvens av rovdyrbesøk til Sogn og Fjordane og følgjande tap av husdyr, gjorde at Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA såg behov for ei ordning som kunne handsame eventuelt fellingsvedtak på ein sikker og effektiv måte.

Etter fellingsforsøk på ein bjørn i Sogn og Fjordane i 2006, starta Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane skogeigarlag arbeidet med å etablere eit fylkesdekkande fellingslag som skulle ha dei fire store rovdyra som arbeidsfelt. Målet var å få til eit sikkert og effektivt system som kunne rykke ut på fellingsforsøk på vegne av oppdragsgjevar.

I 2008 vart det gjeve fellingsløyve på ein skadegjerande bjørn i Indre Sunnfjord og delar av Sogn. Etter møte med aktuelle kommunar og beitelag, vart det bestemt at Sogn og Fjordane skogeigarlag skulle gjennomføre fellingsforsøket i praksis. Opplegget som var skissert i 2006 vart nytta, og det vart teke kontakt med kommunane for å skaffe personell til bruk i fellingsforsøket. Forsøket resulterte i felling av ein ung hannbjørn den 15. juni i 2008 på Vetlebreen i Sogndal kommune. Til saman vart det nytta 1540 timer i denne fellinga.

Arbeidet med fellinga understreka behovet for eit fellingslag som hadde god kompetanse på fagfeltet og som var godt organisert. Det vart gitt midlar frå Fylkesmannen si Miljøvernavdeling til å lage framlegg til drift og organisering av eit fylkesdekkande fellingslag. Det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå kommunane i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord og NJFF- Sogn og Fjordane. Dei skulle saman med Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane skogeigarlag gjennomføre arbeidet. Denne gruppa er no styringsgruppe for fellingslaget og har saman med Utmarksavdelinga til Sogn og Fjordane skogeigarlag ansvar for organisering og drift av laget. Laget skal kunne ha opp til 20 medlemmar som skal sikrast kompetanse på artsnivå til dei fire store rovdyra i høve til både biologi og gjennomføring av ulike fellingsformer. Medlemmane skal veljast utifrå personlege kvalifikasjonar og geografisk plassering. Det er også oppretta ei hundegruppe beståande av ekvipasjar som skal gjevast kunnskap og erfaring på fagfeltet. Men dette tek tid, og for beitesesongen 2010 har laget avtaler med erfarne ekvipasjar frå Austlandet. Fellingslaget skal på vegne av oppdragsgjevar kunne gjennomføre fellingsforsøk på rovdyr det vert gjeve fellingsløyve på. Det kan og vera aktuelt for laget å stilla ved behov under gaupejakt (er kvotefri i Sogn og Fjordane) og ved lisensjakt på jerv.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er med på finansieringa av oppstarten av fellingslaget og bidreg elles med faglege innspel og råd til arbeidet. Beitenæringa vil og få førespurnad om  å finansiere delar av arbeidet. Laget er no formelt stifta og klart til beitesesongen  2010.

Høg aktivitet i småkraftprosjektet

Det 3-årige informasjonsprosjektet ”Prosjekt småskala kraftverk - næringsveg i bygdene på Vestlandet” er no vel halvveges. Det geografiske arbeidsområdet for prosjektleiar Terje Engvik er Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, pluss noko oppdrag for Norges Bondelag elles i landet. Prosjektet har som hovudmål å stimulere til og sikre ei miljøforsvarleg utbygging av småskala kraftverk med vekt på lokalt eigarskap og verdiskaping, med basis i garden og bygda sitt ressursgrunnlag. Bygdeutviklingsmidlar frå Sogn og Fjordane er med på delfinansiering av prosjektet. Kostnadsfri informasjonsverksemd i alle variantar mot fallrettseigarar er hovudaktiviteten i prosjektet. Prosjektet er lokalisert til Sogn og Fjordane Bondelag sitt kontor i Førde.

Årsrapporten i 2009 viser at 92 lokale småkraftsatsingar, med over 500 fallrettseigarar som deltakarar, hadde fått råd og rettleiing frå prosjektet. I tillegg hadde ein nådd fram med informasjon til minst 1.000 grunneigarar gjennom småkraftforedrag i mange ulike fora. Prosjektet informerer også om småkraftnæringa og fallrettseigarane sine interesser mot andre aktørar med interesse for småkraft. Det siste større engasjementet av denne typen var eit foredrag i Flåm for alle tilsette ved jordskifterettane i Gulating jordskiftedøme om småkraftnæringa.

Etterspurnaden etter tenester frå prosjektet er størst frå Sogn og Fjordane. Heile 58 prosent av førespurnadene har kome herifrå. Fylket vårt er desidert det største når det gjeld småkraft-ressursar i landet med kring 20 prosent av det totale potensialet. Interessa er stadig stor, men mangelen på nettkapasitet til kraftverks-tilkoplingar dempar planleggingsaktiviteten for nye prosjekt noko.

     Fylkesnytt: Hya kraft
Hya kraft. Foto: Terje Engvik.
 

Utprøving av radiobjøller for sau i Sogn og Fjordane

Tre beiteområde i Sogn og Fjordane skal prøve ut 225 radiobjøller for sau beitesesongen 2010. Formålet er å få erfaringar med bruk av overvakingsutstyr for å finne tapsårsaker og redusere tap av dyr på utmarksbeite.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått midlar til innkjøp og utprøving  av 175 radiobjøller frå det  nasjonale beiteprosjekt i regi av Statens landbruksforvaltning. I tillegg har Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen finansiert 50 bjøller av FKT-midlar.

Bjøllene vert leigde ut til beitelaga for ein sesong om gongen. Laget disponerer bjøllene hjå sine medlemmer og vurderer sjølve korleis bjøllene kan nyttast best mogleg ut frå tapsprosenten, mobildekning og interesserte brukarar. Det er eit mål både å kartleggje tapsårsaker og å få prøve ut bjøllene i ulik topografi og terreng.

Beitelaga har vore svært positive til å vere med i utprøvinga. Beitelaga som vart plukka ut har til felles at tap av dyr på beite er høgt. I nokre beitelag er det rovdyr som er problemet, i andre lag er årsakene ukjende. Gjennom bruken av radiobjøllene håpar beitelaga å få til meir målretta tilsyn, få tidlegare varsel om rovdyr, avdekke dødsårsaker, lettare sanking og lettare finne skadde eller sjuke dyr.

     Fylkenytt: Sau med radiobjølle
Sau med radiobjølle.
Foto: Magnar Haraldsen.
 

Landbruket sin innsats for å ta vare på verdifulle slåttemarker

Slåttemark er ein svært artsrik og sterkt truga naturtype som vil forsvinne utan aktive skjøtselstiltak. Dette er slått fast i Direktoratet for naturforvaltning sin handlingsplan for slåttemark, som tek sikte på å få dei attverande lokalitetane inn i ein aktiv skjøtsel gjennom frivillige avtaler med grunneigarar.

I Sogn og Fjordane pågår det eit breitt arbeid for å ta vare på dei mest verdifulle slåttemarkene i fylket, der landbruket har ei viktig rolle. For å følgje opp handlingsplanen er det i 2010 nedsett ei ressursgruppe med deltakarar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane og Fylkesmannen sine miljø- og landbruksavdelingar. Saman med Bioforsk som er koordinator i prosjektet, vil gruppa peike ut viktige slåttemarker og innleie dialog med aktuelle grunneigarar, gardbrukarar og kommunar for å få til ei langsiktig forvaltning gjennom skjøtselsplan og avtale om godtgjersle.

I 2009 tildelte Fylkesmannen midlar til eit prosjekt i regi av Norsk landbruksrådgiving som skal bidra til å kvalitetssikre tilskotsordninga i regionalt miljøprogram (RMP) for skjøtsel av særleg verdifull slåtte- og naturbeitemark. Prosjektet vert gjennomført i tett samarbeid med kompetente fagmiljø og landbruksforvaltning, med mykje direkte kontakt med aktuelle grunneigarar og gardbrukarar. Gjennom prosjketet ønskjer ein å auke kunnskapen og motivasjonen blant kommunane og tilskotssøkjarane om forvaltning av verdifulle kulturmarkstypar. Det er også aktuelt å gje rettleiing til søkjarane om innhaldet i miljøplan trinn 2, som er eit vilkår for RMP-tilskotet.

Fylkesnytt: Blomstereng
Blomstereng. Foto: Truls Folkestad

Ei sentral utfordring i arbeidet er å få kvalitetssikra innhaldet i Naturbasen slik at denne kan bli eit brukbart kriterium både for å peike ut dei mest verdifulle lokalitetane og for å kunne sikre ei målretta tilskotsordning i RMP. Her blir det viktig med samordning mellom prosjekta? og samarbeid mellom aktørane.
 

Frukt og bær rundt neste sving

Prosjektet ”Frukt og bær rundt neste sving” er ei satsing på reiseliv i frukt og bærområda på Vestlandet. Det vert arbeidd for å utvikle bedrifter som tilbyr opplevingar med aktivitet og smak i frukt- og bærbygdene. I Hardanger og Sogn har fleire bedrifter satsa på omvisning, guiding og smaking  av sider. Mange har ønske om å få selje garden sin eigen sider som suvenir til turistane.
Gode døme er:

I Hardanger:

I Sogn og Fjordane:

Her møter du aktive fruktbønder som har opna garden for turisme. Dei kan gje ekte opplevingar med vandring i frukthagen, lokalhistorie og smaksprøver frå det som vert dyrka på garden. Nokre har ope berre for grupper, medan andre har faste opningstider og ope for individuelt reisande. Saman med Reisemål Hardanger Fjord er det starta eit utviklingsarbeid for å gjere desse opplevingane til ein aktivitet som turistane vert kjend med gjennom destinasjonsselskapa sitt vanlege marknadsarbeid med nettsider og brosjyrar. ”Frukt og bær rundt neste sving” er eit samarbeid mellom fylkesmannen, Innovasjon Norge, faglaga og reiselivet på Vestlandet.

Forsidebilde: Åge Avedal