Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 20.10.2010
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Her kan du lese om frukt- og bærmiljøet i Sogn og Fjordane som gjennom nyskapande og målretta satsing har auka primærverdien i produksjonen frå 60 til 100 millionar kroner siste fem åra.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Her kan du lese om frukt- og bærmiljøet i Sogn og Fjordane som gjennom nyskapande og målretta satsing har auka primærverdien i produksjonen frå 60 til 100 millionar kroner siste fem åra.
Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.
__________________________________
Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.
- Gullgul nyting frå Sogn
- Arenaprosjekt i frukt og bær til Sogn og Fjordane
- Inn på tunet - tilbydarar samarbeider tett for å sikre kvalitet og forståing
- Jordvernstrategi for Sogn og Fjordane
- Feira 4H-haustfest i ny gapahuk
- Stor pågang etter tilskotsmidla
- Tre-rekord i Sogn
- Tap av dyr på beite
Gullgul nyting frå Sogn
Basisprosjektet ”Nye frukt- og bærvekstar” i Sogn og Fjordane har funne fram til aprikos som ein ny og spennande kultur. Det vert no lagt opp til kommersiell prøveproduksjon i Lærdal.
Attendemeldingane frå kvalitetsavdelinga i BAMA, som har smakt desse velsmakande fruktene frå Sogn, er eintydig positive. Då aprikos dyrkingsmessig høver godt saman med morellar, er det naturleg at det innovative dyrkingsmiljøet i Lærdal ynskjer å starte opp prøveproduksjon for å finne ut om dette kan utvikle seg til å bli ein kommersiell produksjon i framtida. Dette blir i første omgang lagt opp som eit partnarprosjekt. Dyrkarane gjennom Lærdal Grønt går saman med grossistleddet BAMA for å teste ut denne nye kulturen som blir planta på 10 -12 dekar spreidd på 3-4 felt. Ei vellukka etablering skal byggje på eit gjennomarbeidd konsept. Ein plasserer kulturen under dei beste naturgjevne vilkår og legg opp ein kulturpraksis som gir optimale vilkår for å lukkast. Denne arbeidsmåten har tidlegare gitt gode resultat i Lærdal. |
|
I prosjektperioden skal ein finne fram til velfungerande dyrkingsteknikkar og sikre eit trygt og og miljøvenleg plantevern med tilgang på plantevernmiddel som i andre steinfruktkulturar.
Njøs Næringsutvikling står sentralt i utviklingsarbeidet i tett samarbeid med Fylkesmannen og Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane.
Arenaprosjekt i frukt og bær til Sogn og Fjordane
For første gong har landbruk kome med i det nasjonale utviklingsprogrammet ARENA. Utviklingsarbeidet frukt- og bærmiljøet i Sogn og Fjordane har gjennomført, vekkjer interesse langt ut over fylkesgrensene.
Frukt- og bærmiljøet i fylket har gjennom nyskapande og målretta satsing auka primærverdien i produksjonen frå 60 til 100 millionar kroner siste fem åra. Gjennom aktivt samverke mellom næringsaktørar og kunnskapsmiljøa i fylket, skal Arenaprogrammet vere med å lyfte næringa vidare opp og fram. Njøs Næringsutvikling koordinerer prosjektet som har finansiering gjennom Innovasjon Norge, SIVA og Forskingsrådet.
Inn på tunet - tilbydarar samarbeider tett for å sikre kvalitet og forståing
Ynskje om å ha ein større del av arbeidet på garden, nytte eigen fagkunnskap og samordne tilbod om Inn på tunet - tenester til kjøparen, er motivet for dei tre damene som har starta prosjektet Inn på tunet i Førde - eit samarbeidsprosjekt med fokus på omsorg og opplæring basert på ressursar i landbruket. Prosjektet er støtta av BU- midlar.
Martha Angedal, Ingeborg Grimseth Ravndal og Anne Therese Kusslid utgjer i ei nettverksgruppe som skal arbeide fram gode tilbod med fokus på kvalitet, pris, samt å kome i ein utviklande dialog med mogelege kjøparar. I tillegg jobbar dei for å oppnå større forståing blant politikarar og administrasjon i kommunen for kva landbruket og Inn på tunet kan bety for dei som kjøpar, og for deira brukarar. Kjøparen av Inn på Tunet tenester skal oppleve at det er eit supplement til eksisterande tenestebehov innan skule, arbeid, rehabilitering, helse/omsorg og integrering av flyktningar/innvandrarar. Dei er alle einige om at det er motiverande å jobbe fleire saman. |
|
Vi har ulik kunnskap, erfaringar og fokus som gjer at vi supplerar kvarandre godt seier Ingeborg. Dessutan er det kjekt med kollegaer, og ein utviklar nye vennskap. Anne Therese seier òg at dei diskuterer innhald i kvarandre sine tilbod og kan nytte kvarandre som vikarar seinare om behov. Jamleg møtes dei for å diskutere ”vegen vidare” og ”pushar” på kvarandre. Alle treng ikkje gå vegen frå byrjinga, vi tek den i lag avsluttar dei.
Kontaktperson Inn på Tunet: Ingrid Røkke Døskeland
Jordvernstrategi for Sogn og Fjordane
Som eit hjelpemiddel til å nå målet om å halvere omdisponering og nedbygging av dyrka jord, starta vi i 2008 arbeidet med å utarbeide ein jordvernstrategi for Sogn og Fjordane. Vi veit at også andre fylke har gjort eit liknande arbeid. Etter ein høyringsrunde, vart strategidokumentet vedteke av fylkeslandbruksstyret i februar 2009. Etter at styret vart nedlagt frå nyttår, vert strategien no vidareført og skal vere retningsgjevande for Fylkesmannen sitt arbeid med å sikre landbruket sine arealressursar i plansaker.
Det vert framleis bygt ned for mykje matjord
KOSTRA- statistikken syner at det årleg vert omdisponert ein stad mellom 3-500 daa dyrka og dyrkbar jord i fylket vårt. Dette talet er for høgt, og jordvernstrategien har som mål å halvere omdisponeringa til omlag 250 daa. KOSTRA-rapporten for 2009 syner at vi har omdisponert heile 526 daa dyrka og dyrkbar jord. Dette til tross for at vi dei siste åra har ført ein strengare praksis i omdisponeringssaker. Dei høge tala i 2009 kan delvis forklarast med at det ligg inne mykje utbyggingsareal i eldre kommuneplanar. Dei tala kjem først med i statistikken ved godkjent reguleringsplan.
Så får det vere ei lita trøyst at det i 2009 vart godkjent 514 daa nydyrkingsareal i Sogn og Fjordane. Det er likevel eit tankekors at vi ofte byggjer ned dei beste og mest lettdrivne areala, gjerne i dei beste klimasonene, medan nydyrkinga i stor grad skjer i høgareliggjande strøk der vekstsesongen både er kortare og avlingsnivået mindre.
Feira 4H-haustfest i ny gapahuk
Meir enn ti 4H-klubbar i fylket har fått støtte til å bygge naturmøteplassar i lokalmiljøet dei to siste åra. Fredag 1. oktober opna Atløy 4H sin naturmøteplass og feira haustfest i ny gapahuk.
I idylliske omgjevnader ved Herlandsvatnet ligg Atløy sin nyaste attraksjon, ein stor og flott gapahuk. Medlemene i den aktive 4H-klubben på øya har det siste året rydda tursti, borka hun, snekra og murt.
Har fått hjelp frå mange
Dorthea Grane (13), Jannike Veka (13), Adrian Olset (12) og Joakim Olset (16) er fire av dei rundt tjue 4H-medlemene som har vore med i arbeidet med å byggje gapahuken. Dei er tydeleg stolte over resultatet – med god grunn.
Fire av dei aktive medlemmene i Atløy 4H- - Foto: Åge Avedal - 4H Sogn og Fjordane
- Vi har brukt over eit år på arbeidet. Vi har søkt om løyve og om pengar. Det har vore kjekt, men ein stor jobb, fortel Jannike Veka, som er leiar i Atløy 4H.
- Vi har fått god hjelp frå mange vaksne og har samarbeida med Høyvik grendelag, fortel Dorthea Grane.
- Vi som er medlemer i 4H har vore med og laga til plassen og rydda sti. Då det regna mykje i haust måtte vi lage demning, slik at ikkje alt vatnet rann inn til gapahuken, legg Adrian Olset til.
- Eldstemann i klubben, Joakim Olset, har vore ein av dei ivrigaste i arbeidet med å byggje gapahuken. Eg har bidrege innan dei fleste områda. Har spikra mykje, lagt torv og vore med på grunnarbeidet, fortel sekstenåringen.
Miljøløftet
Mange skodelystne hadde møtt fram på haustfesten i klubben. Både 4H-medlemene og alle dei vaksne medhjelparane fekk mykje skryt for det flotte arbeidet.
Klubben har fått midlar frå Askvoll ungdomsråd og ei stor pengegåve til naturmøteplassen frå prosjektet Miljøløftet i 4H Norge. Sparebankstiftelsen DnB NOR løyvde 10 millionar til Miljøløftet i 4H Norge i 2008, der målet mellom anna er å byggje 150 naturmøteplassar i heile landet.
4H-medlemene jublar for den nye gapahuken. Tekst og foto: Åge Avedal, 4H Sogn og Fjordane.
Stor pågang etter tilskotsmidla
Det har vore stor pågang etter tilskot til skogsvegar i år, og årets løyving er nær brukt opp. Mange av søknadene som kom inn til haustfristen 15. september, kan difor dessverre ikkje vurderast før til neste år. Hovudplanarbeidet syner at det er enorm trong for skogsvegar i dei neste tjue åra, samtidig som det er relativt kostbart å byggje vegar i mange kommunar. Vi vonar difor på ei monaleg auke i dei sentrale løyvingane i åra som kjem.
Det er mange gode søknader, og vi har prioritert miljøvennlege felles bilvegar og traktorvegar i bilveg trasé.
Skogsveg på Vangsnes - Foto: Torkel Hofseth
Utbetalt tilskot til miljøvennleg drift med taubane vert om lag 1 000 000 kr i 2010. Pengane vert teke av same løyvinga som midlar til skogsvegar, og det er Fylkesmannen som fordelar mellom ordningane. I Sogn og Fjordane er det så mykje terreng som ikkje kan drivast direkte med hogstmaskin og lassbærer, at vi ser ein sterk samanheng mellom bygging av skogsvegar og taubanedrift. Ein nybygd veg løyser ut areal som må drivast fram med taubane.
Vi er så heldige at vi har ein aktiv taubaneentreprenør i Sogn og Fjordane. På grunn av terrengtilhøva ynskjer vi sterkt å stimulere til at denne entreprenøren oppretthald kompetansen og har stabile og gode kår for arbeid her i fylket. Vi vil difor også i åra framover halde eit høgt nivå på tilskot til miljøvennleg taubanedrift.
Tap av dyr på beite
Førebels tyder tala på ein god beitesesong i Sogn og Fjordane. Tala frå organisert beitebruk er ikkje klare endå, men det er ein nedgang i tal rapporterte og dokumenterte rovviltskader i høve til fjoråret. Det har vore 225 radiobjøller til utprøving i ulike beitelag i fylke. Erfaringane frå denne utprøvinga er endå ikkje samanfatta.
Tap av dyr på utmarksbeite i Sogn og Fjordane er likevel for høgt. Rundt 7 prosent av lamma, tilsvarande ca 8 000 dyr, forsvinn på utmarksbeite kvart år. Tapstala varierer mykje både mellom kommunar, beitelag og enkeltbrukarar. Årsakene til tapa er mange. Nokre stader er det tap pga rovdyr, men dei største tapa kjem av andre grunnar, både kjende og ukjende. Det er viktig både ut frå dyrevelferd og for økonomien i husdyrhaldet å få redusert beitetapa.
På bakgrunn av dette har Fylkesmannen si landbruksavdeling valt å arbeide med tapstal som eit eige avdelingsprosjekt i 2010. Målet er å lage ein fleirårig strategi for å redusere beitetapa. Strategien skal bidra til at beitebrukarane i dei verste tapsområda set inn fleire tiltak for å redusere tap av beitedyr, og at tap av dyr på beite i heile fylket går ned dei neste åra. For å nå desse måla, må det setjast inn tiltak både på fylkes-, region-, kommune-, beitelags- og produsentnivå.
Det er sett ned ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Sau og geit og Fylkesmannen. Andre samarbeidspartar som Mattilsynet, SNO og kommunane vert involverte etter behov.
Strategiplanen er tenkt revidert kvart tredje år slik at den kan vera eit oppdatert og mest mogeleg målretta verktøy i arbeidet med å redusera tap av lam på utmarksbeite. Fylkesmannen vil kvar haust gå gjennom strategiplanen og årsmeldingane frå beitelaga for saman med arbeidsgruppa å kunna prioritera ut tapsførebyggjande tiltak og satsingar for komande år.
Sauer på beite i Fresvik - Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.