Fylkesnytt frå Aust-Agder 2/2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 22.06.2011
Fylkesmannen i Aust-Agder er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, denne gong mellom anna med ei nyhende om markering av Skogens år 2011.
Fylkesmannen i Aust-Agder er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, denne gong mellom anna med ei nyhende om markering av Skogens år 2011.
Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.
__________________________________
Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.
- Erstatning etter open yngelråte hjå bier i Aust-Agder
- Markering av Skogens år 2011
- Skogdager for skoleelever
- Hensynssoner som virkemiddel i arealforvaltningen
- Utviklinga innan husdyrproduksjon i Aust-Agder
- Nye husdyrprosjekt i Aust-Agder
Erstatning etter open yngelråte hjå bier i Aust-Agder
Totalt 31 birøktarar i Aust-Agder fekk konstatert open yngelråte i 2010. Fylkesmannen har til no utbetalt til saman om lag 8,4 millionar kroner i erstatning til 18 søkjarar. Dei fleste utbetalingane er delutbetalingar for sanering av bier og utstyr. Det står då att noko desinfiseringsarbeid og kalking av bigardane. Birøktarane må søkja erstatning innan 6 månader etter at saneringsarbeidet er sluttført. I verdifastsetjinga av utstyret har Fylkesmannen nytta Honningcentalen si prisliste for 2010 og trekt frå 25 % verdireduksjon i dei aller fleste sakene.
Fagdag om birøkt. (Foto: Trond Ballestad, Fylkesmannen i Telemark)
Mattilsynet har halde fram med prøvetakinga i 2011 og konstatert 30 fleire tilfelle av sjukdomen i Aust-Agder og 1 i Vest-Agder. No manglar Mattilsynet berre svar på ein handfull prøvar. – Forlatne bigardar og uregistrerte kubar kan bli største utfordringa i arbeidet med å bli kvitt sjukdomen, seier Rune Kristiansen, distriktssjef i Mattilsynet. |
Ramme med bier. (Foto: Trond Ballestad, Fylkesmannen i Telemark) |
Markering av Skogens år 2011
Fylkesmannen i Aust-Agder ønsker å bidra til at Aust-Agder markerer FNs internasjonale skogår i 2011.
I 2010 hadde landbruksavdelingen og miljøvernavdelingen et meget vellykket samarbeid med Vitensenteret Sørlandet m.fl. der vi markerte «Biomangfoldåret 2010».
I år vil Fylkesmannen i samarbeid med fylkeskommunen, UNEP/GRID-Arendal og Vitensenteret Sørlandet m.fl. markere Skogens år på Sørlandet. Vi skal skrive ti avisartikler om skog som skal publiseres i Agderposten i løpet av sommeren. Det skal også lages et utvalg postere til bruk for Verdens miljødag, Hovefestivalen, Canal Street og Arendal Internasjonale dager. Vitensenteret Sørlandet skal lage en utstilling om Skogens år til bruk i undervisning om skogens mangfold.
Skogdager for skoleelever
I mai deltok over 400 elever på skogdager med skogplanting som hovedtema. Skogdagene var et samarbeid mellom Fylkesmannen, Skogselskapet i Aust-Agder, Jenter i Skogbruket og kommunene.
Mange barnehender planter tre. (Foto: Bente Fidje)
På skogdagene deltok Mohamed Manga fra Senegal. Mohamed og kona Solveig har startet et natur-, kultur- og helseprosjekt i Senegal med støtte fra Jenter i Skogbruket. Naturdelen består av skogplanting og hagebruk. Skogplanting er viktig i Senegal for å hindre ørken, beholde regn, planter, dyr og ikke minst for å ha noe å leve av.
Mohamed fortalte om Senegal, hvordan det er der, om prosjektet og hvorfor det er viktig å plante skog. I Senegal har mye av regnskogen forsvunnet på grunn av tjuvhogst, branner og overforbruk av brensel til daglig matlaging og koksproduksjon. Skogplanting har en god lokal forankring og betyr mye for blant annet klima og dyrebestanden. Elevene fulgte godt med og stilte ivrig spørsmål – om hvordan senegalesisk hørtes ut, om hvordan det er i Senegal, om skog m.m.
Hensynssoner som virkemiddel i arealforvaltningen
Den nye plan- og bygningsloven av 2009 introduserte hensynssoner som virkemiddel i arealforvaltningen. En hensynssone er et kartfestet område i kommuneplanens arealdel med tilhørende retningslinjer. Formålet er å vise viktige hensyn og restriksjoner i arealbruken.
Selv om inndelingen ikke har direkte rettsvirkning, er tanken å klargjøre hvilke hensyn det særlig er viktig å ivareta i et område, både i forbindelse med videre planlegging og ved avgjørelser i enkeltsaker. Bruk av hensynssoner skal bedre forutsigbarheten for tiltakshavere.
Møglestu i Lillesand. (Foto: Kjellfrid Straume)
Innen arealforvaltning er jordvern en høyt prioritert oppgave for Fylkesmannen, og kommuneplan-prosessene er et sentralt påvirkningspunkt. Vi oppfordret derfor kommunene til å legge ut hensynssone landbruk med en viss buffersone på de viktigste jordbruksarealene. De største jordressursene fins i kommunene langs kysten, samtidig som det er her potensialet for konflikter med samferdsel, boligområder og byutvikling er størst.
Flertallet av kommunene stilte seg positive, selv om det politiske miljøet gjennomgående var noe avventende. Siden virkemidlet var nytt, fantes det ingen eksempler å vise til. Men trolig virket dette positivt ved at kommunene ble utfordret til å tenke selvstendig, både i områdeavgrensning og utforming av retningslinjer.
Vi har foreløpig ingen statistikk som sier hvor store jordbruksarealer som nå er lagt inn i hensynssoner, men vår vurdering er at prosessene har ført til mer vekt på jordvern i kommuneplanene. Den virkelige utfordringen vil imidlertid komme gjennom behandlingen av løpende saker i fortsettelsen.
Utviklinga innan husdyrproduksjon i Aust-Agder
Aust-Agder er eit lite og sårbart husdyrfylke. Utviklinga innan husdyrproduksjonane verkar inn på kulturlandskapet, produsentmiljøet og logistikken til underleverandørar og varemottakarar. Fylkesmannen ser det som viktig å følgja utviklinga og vurdera tiltak.
Nokre viktige husdyrproduksjonar i Aust-Agder ved sist årsskifte.
Dyreslag |
Tal dyr |
Produsentar |
Dyr pr. produsent |
Mjølkekyr Ammekyr Sauer Slaktegris* Verpehøner |
1993 |
112 |
18 |
* Me brukar snitt for årsskiftet og sommaren før for slaktegris, pga. mykje leveranse før jul.
Oppgang innan ammeku og slaktegris
Talet ammeku i Aust-Agder har gått opp. Dette har samanheng med marknadsoppgangen for storfekjøt. Og ein del mjølkeprodusentar som har slutta har nok gått over til ammeku. Ammeku er einaste produksjonen der talet produsentar har auka.
Innan dei andre husdyrproduksjonane er talet produsentar om lag halvert dei siste ti åra.
Nokre nye har starta opp med slaktegris i stor skala, og dyretalet og buskapsstorleiken har auka sterkt. Strukturrasjonaliseringa er også sterk innan ammeku og innan eggproduksjonen med ei dobling av dyretalet pr. produsent.
Mjølkeproduksjonen er viktig mellom anna fordi ein stor del av produsentane er heiltidsbønder, og me er uroa over uttynninga av miljøet. På ei anna side er der ein del som ønskjer å satsa. Det har skjedd ei viss strukturrasjonalisering i mjølkeproduksjonen. Arendal og Grimstad er dei største storfekommunane i Aust-Agder.
Størst nedgang innan sauehaldet
Sauehaldet er den produksjonen der me opplever størst fall i dyretalet. Og storleiken på buskapane har knapt gått opp. Få investerer og byggjer ut. Dette er særleg negativt for kulturlandskapet i Setesdal, som er største saueregionen i fylket vårt.
Truleg skjer avskallinga ved generasjonsskifte. Sauehaldet er i stor grad dominert av deltidsbruk. Den yngre generasjonen stiller større krav til fritid og lettvinte løysningar i drifta enn den eldre garde gjorde. Og det er ei utfordring å få investeringar til å løna seg på små bruk.
Nye husdyrprosjekt i Aust-Agder
Mjølk i Aust-Agder er eit nytt prosjekt i regi av TINE medan Norsk landbruksrådgiving Setesdal er i ferd med å utarbeida eit prosjekt retta mot grovfôrbasert kjøtproduksjon i Setesdal.
Mjølk i Aust-Agder har som hovudmål å halda oppe mjølkeproduksjonen i Aust-Agder på dagens nivå. Prosjektet blei til etter ei spørjeundersøking mellom mjølkeprodusentane i fylket. I undersøkinga kom det fram at mange var usikre på framtida for mjølkeproduksjonen på garden, men at det også var ein del som ønskte å satsa. TINE ønskjer å støtta opp om dei som vil satsa ved å tilby fagturar, kurs og oppfølging av enkeltprodusentar. Prosjektet tek opp tema som til dømes ombygging, innandørsmekanisering og driftsleiing. Slik ønskjer prosjektet å styrka fagmiljøet, styrka rekrutteringa og finna tiltak som gjer kvardagen lettare for mjølkeprodusentane.
Sigbjørn Haslemo (t.h.) leier TINE sitt nye prosjekt «Mjølk i Aust-Agder». Her er han i Arendal hos mjølkeprodusent Håvard Dale. (Foto: Olav Håland, TINE)
Norsk landbruksrådgiving Setesdal ønskjer å få til ei satsing som kan auka verdiskapinga i husdyr- og planteproduksjonen i Setesdal. Setesdal, med store beiteressursar i heiene, egnar seg godt til sau. Både for busettinga og kulturlandskapet er det viktig å snu trenden med reduksjon i sauetalet. Ammekua gjer også ein god jobb med kulturlandskapet. Denne produksjonen har potensiale og kan eigna seg for ein del, t.d. som deltidsproduksjon eller i eit samarbeid med andre. I det nye prosjektet ønskjer Norsk landbruksrådgiving Setesdal å hjelpa vidare produsentar som kan tenkja seg å satsa. Arbeidsmetodane blir liknande som i TINE sitt mjølkeprosjekt med faglege møteplassar og individuell oppfølging.
Fylkesmannen har sett av BU-midlar til delfinansiering av prosjekta. Innovasjon Norge kan gi midlar til utgreiing av alternative løysingar hjå enkeltprodusentar.