Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 1/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om fylkestinget som vil vedta landbruksmelding for Møre og Romsdal.

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om fylkestinget som vil vedta landbruksmelding for Møre og Romsdal.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Fylkestinget vil vedta landbruksmelding for Møre og Romsdal

Av Rådgiver Synnøve Valle
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal vedtok i slutten av november å starte arbeidet med å utarbeide ei landbruksmelding for Møre og Romsdal. Målet er å vedta meldinga i starten av 2013.

Ei landbruksmelding vil vere eit godt grunnlag for å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket. Den vil også kunne setje landbruket på den politiske dagsordenen og ikkje minst utvikle politiske visjonar og målsetjingar på regionalt nivå. Meldinga skal ha fokus på overordna prinsipp og strategiar og arbeidet skal vere prega av brei involvering og grundige prosessar. Meldinga vil vere tett kopla til arbeidet med revideringa av gjeldande fylkesplan og danne grunnlag for prioriteringar i kommande regionale planar og handlingsprogram.

Landbruket i Møre og Romsdal tilfører samfunnet ei årleg verdiskaping på 1,9 milliardar kroner. I underkant av 3000 gardsbruk bidrar til denne verdiskapinga. Møre og Romsdal er eit stort landbruksfylke, med 10 prosent av landets ku-, storfe-, geit- og sauehald. Fylket er det største matproduksjonsfylket frå land og hav.

      

Geiter på beite, Geiranger.

Geiter på beite, Geiranger. (Foto: Byrge Fitje)

Likevel står næringa overfor store utfordringar: Strukturendringar, manglande rekruttering, dårleg lønsemd og nedlegging av foredlingsanlegg. Det er eit behov for å synleggjere Møre og Romsdal som eitt av dei fremste landbruks- og matfylka i landet – og å halde på den stillinga i åra framover. Landbruket har framleis mykje å seie i mange kommunar i fylket, skaper store og positive ringverknader og er ein føresetnad for busetjing i mange bygder. Næringa si mangesidige rolle gjer at framtida til næringa må drøftast i eit vidt samfunnsmessig perspektiv. 

Det vil vere eit mål at fylkespolitikarane seier si meining om landbruket minst ein gong i løpet av kvar fylkestingsperiode.

Ei viktig brikke i landbruket i Møre og Romsdal

Ei viktig brikke i landbruket i Møre og Romsdal (Foto: Synnøve Valle)


 

Fylkesmannen satsar meir på matspesialitetar

Av Kirsti Indreeide
Frå 2012 vil Fylkesmannen i Møre og Romsdal ta ansvaret for lokalmat-satsinga i fylket. Nytilsett rådgjevar Kirsti Indreeide vil lede arbeidet.

Fylkesmannen kjem til å arbeide vidare med nokre av tiltaka frå Prosjekt Matmangfald, som vart starta opp av Møre & Romsdal Bondelag og vidareført av Landbruk Nordvest. Prosjekt Matmangfald har gjennomført mange vellukka tiltak, og skapt eit godt grunnlag for mange ”matgründerar” med tilknyting til landbruket i Møre og Romsdal.

Samarbeid med Kompetansenavet på Mære
- Noko av det som vi kjem til å vidareføre er "MR-mat". Det er ei årleg kurs-samling for produsentar og serveringsbedrifter som jobbar med matspesialitetar, seier Kirsti Indreeide. Samlinga vert arrangert i Møre og Romsdal i samarbeid med Kompetansenavet på Mære. I 2012 vert MR-mat arrangert på 15. – 16. februar, på Angvik Gamle Handelssted.

Samarbeid om mat og reiseliv
Reiselivsnæringa blir ein viktig samarbeidspartnar for den nye satsinga.

- Dette er ein viktig markand for matspesialitetar. Vi samarbeider difor gjerne med reiselivsaktørar for å "selje" matopplevingar, natur – og kulturlandskap i verdstoppen, seier Indreeide, som trur deltakinga på "Fjord Norge-standen" på Internationale Grüne Woche i januar 2012 vil verte eit flott utstillingsvindauge for matspesialitetar frå fjord og fjell i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal sin stand på Grüne Woche 2011

Møre og Romsdal sin stand på Grüne Woche 2011 (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Strategi for matsatsinga
I løpet av 2012 skal landbruksavdelinga utarbeide ein strategi for den vidare matsatsinga i Møre og Romsdal. I fyrste omgang vil vi sjå på konstruktive samarbeidsmodellar for aktørane som har ansvar for rådgjeving innan lokal matproduksjon, kulturlandskap og reiseliv.

Samarbeid med landbruksorganisasjonane
Fylkesmannen er også med når Bondelaget og Bygdekvinnelaget set mat og matproduksjon på agendaen med dagskonferanse retta mot forbrukararne. Då vert det sjølvsagt servert lokal fingermat og lunsjbuffet med lokale matspesialitetar. Bondens Marked og Hanen vert invitert til å levere varer til serveringa, og å ha stands for utstilling og sal.


 

Skogskadene etter Dagmar

Forfattet i samarbeid av Allskog og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, ført i pennen av Fylkesskogmester John Hauger.

Foreløpige anslag viser at ca 130.000 m3 med skog blåste ned under orkanen "Dagmar" 1. juledag. Dette tilsvarer ca. ett års avvirkning, og vil få store konsekvenser for allerede planlagt hogst i 2012. Ørsta, Volda og Vanylven er spesielt hardt rammet med ca 70.000 m3 skadet tømmer etter orkanen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Allskog og kommunene i fylket samarbeider nå om å skaffe seg en fullstendig oversikt over skadene og planlegge oppryddingsarbeidet. Lørdag 14. januar ble det blant annet flydd med helikopter over store deler av Sunnmøre og deler av Romsdalen. Vi ber samtidig om at skogeiere som oppdager skade i egen skog rapporterer dette til Allskog eller kommunen.

Mye av skogen som har blåst ned skulle ikke vært hogd før om 10-30 år og ville normalt ha gitt god avkastning for skogeier. Stormskadd skog har ofte nedsatt virkeskvalitet og fører til fordyrende driftskostnader. Dette vil kunne føre til nedsatt driftsnetto i utsatte områder. Kombinasjonen av at naturskadefondet ikke lenger dekker ordinære stormskader på skog, og at få skogeiere har privat forsikring av skogen, forverrer regnestykket ytterligere. 

Oppryddingsarbeidet har allerede startet opp, men vi må regne med å bruke hele året før alt er ryddet opp. Vi har forståelse for at mange skogeier er utålmodige med å komme i gang, men vil advare mot at skogeierne setter i gang oppryddingsarbeid uten erfaring og kurs i vindfallhogst.

En del av skogen som har blåst ned har fortsatt rotkontakt, og vil holde seg friskt i ei tid framover. Alt virke vil i alle tilfelle holde seg bedre ute i skogen enn på lunneplass. For å hindre opphoping av store mengder virke på lunneplass vil en derfor ikke forsere avvirkning før en har klargjort avsetning til industri. Vi minner skogeier om at det må foreligge avtale om salg av tømmer før hogst settes i gang. 

Skogskader i Nesset

Skogskader i Nesset (Foto: Kåre Kristen Totlund)